Historisk arkiv

Innlegg - Samferdselspakke for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisinnlegg frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete om Oslopakke 3.

Avisinnlegg frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete om Oslopakke 3 i mellom anna Dagsavisen og Romerikes blad.

Samferdselspakke for framtida

Ei storsatsing må til for å  byggje ut vegsystemet og kollektivtilbodet i Oslo-området. Eg har difor i alle samanhengar gitt mykje ros til lokalpolitikarane i Oslo og Akershus fordi ein har klart å kome fram til eit breitt kompromiss om Oslopakke 3.

Mitt bidrag så langt har vore å sikre best mogeleg framdrift i prosessen. Eit lovforslag som gjer det mogeleg å bruke bompengar  til drift av kollektivtranspoprt er, i tråd med lokale ønske, lagt fram for Stortinget i ekspressfart. Behandlinga av Oslopakke 3 er delt i to, slik at innkrevjinga av auka bompengar kan starte så raskt som mogeleg, slik eit politisk fleirtal frå FrP til  SV lokalt ønskjer.

Den faglege kvalitetssikringa av dei tiltaka som pakka skal finansiere, er omfatta av fase to. Etter planen skal fase to leggjast  fram i desember , samtidig med at regjeringa legg fram stortingsmeldinga  om Nasjonal transportplan.

Eg opplever at eg har hatt ein god dialog med lokale styresmakter heile vegen, og set stor pris på den ros Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet har fått for den  måten ein har handtert prosessen på.

Gjennom Oslopakke 3 skal ein gjennomføre dei viktigaste samferdselsgrepa for Oslo-regionen i dei neste 20 åra. Over 50 milliardar kroner skal brukast. Her i landet finst det ikkje andre samferdselspakker eller utbyggingstiltak som på nokon måte kan måle seg med Oslopakke 3.

Køprising eller rushtidsavgift er noko som jamleg dukkar opp i det offentlege ordskiftet. Lat meg nok ein gong presisere dette: Det er opp til lokale styresmakter å seie ja eller nei til eit slikt tiltak. Eg har ikkje noko ønske om å overstyre dei lokale styresmaktene på dette området.

Dersom lokalpolitikarane  – på eit tidspunkt – skulle komme fram til at dei ønskjer å gjere forsøk med køprising, skal vi frå sentralt hald stille opp på ein konstruktiv måte, slik vi hittil har gjort for å få realisert Oslopakke 3 så raskt som mogeleg.