Historisk arkiv

Innlegg for traineeprogrammet i Romerike-kommunane 18.08.2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg for traineeprogrammet i Romerike-kommunane, Romerike, 18. august 2008.

Godtfolk!

Takk for invitasjonen til å vere med og markere startskotet for årets traineeprogram her på Romerike. Dette er eit litt uvanleg oppdrag for meg, men eit oppdrag eg set desto meir pris på. Er det ein ressurs som er av uvurderleg tyding i arbeidet med å byggje samfunnet vårt vidare, så er det nettopp kunnskapar. Flinke folk – det er det som bringer landet vidare. Konkurransen om dei flinke folka er gjerne stor, og det er diverre slik at stat og kommune ikkje alltid har vore vinnarane i den kampen. Nettopp difor er det så gledeleg at det blir teke grep for å gjere kommunesektoren meir attraktiv for unge, nyutdanna ingeniørar.

Eg er imponert av det eg har høyrt om dette prosjektet, og har lyst å skryte litt av dei som står bak initiativet – dette er eit særs gledeleg og prisverdig tiltak og eg håpar det kan vere til inspirasjon også for andre regionar. Eg har skjønt det slik at de ti som deltek på traineeprogrammet dei neste 14 månadane vil få praktisk innføring i oppgåver innan nettopp veg, vatn, avløp og renovasjon, og at de skal få god oppfølging av mentorar i kommunane.

Og til dykk som no skal ut i dykkar første jobb - eg er så glad for at de ser at det finst andre verdiar enn berre høg løn, at de vel å gjere viktige oppgåver for fellesskapen i staden for oppgåver innan det private næringslivet som kanskje ville betalt seg betre. Eg trur ikkje det er eit val de vil angre på. Eg trur de vil få utvikle dykk innan trygge rammer, og at de vil få ei fagleg breidde mange andre vil misunne dykk. I tillegg vil de få eit unikt innblikk i korleis samfunnet vårt er bygd opp og fungerer, særleg på området infrastruktur. Eg vil også tru at dei komande kollegaene dykkar har mykje å lære av dykk. Eg veit det er folk her med særs høg kompetanse, ja, til og med ei med to mastergradar. Eg veit også at me har fleire verdsdelar representert her i dag, og om det kan medføre kunnskapsutveksling mellom Noreg og Kina og Noreg og Madagaskar, er ingenting betre enn det. Og så må eg få sagt at eg tykkjer det er særs gledeleg å sjå at kjønnsfordelinga her er så jamn – fem jenter og fem gutar – slik skal det vere.

Eg har blitt beden om å snakke til dykk om utfordringar innan kommunal samferdsle, men vil innleie med å snakke litt om samferdsle generelt.

Mange vil alltid meine at me burde gjort meir – og det er mykje som gjenstår. Likevel: regjeringsskiftet i 2005 førte til eit nytt fokus på samferdsle og meir midlar til sektoren – og innebar såleis eit taktskifte i norsk samferdslepolitikk. Me har auka løyvingane med 2,5 milliard i året, og som første regjering har me to år på rad overoppfylt rammene for veg og jernbane i inneverande nasjonal transportplan. Det er me stolte av. Me har likevel ikkje fått gjort alt som ligg inne i handlingsplanen. Det skuldast for det første eit større behov for midlar til drift og vedlikehald enn føresett, som resultat av at vedlikehald har vore sørgjeleg forsømt av ei rekkje regjeringar. For det andre har me hatt ei sterk prisauke både i anleggsbransjen og i oljeprisane. Begge aspekta har bydd på utfordringar.

Eit viktig prinsipp for meg er at eg ynskjer å bruke pengane mest mogleg effektivt – å fullføre oppstarta prosjekt raskast råd i staden for stadig å setje i gang nye prosjekt med små midlar. Dette forseinkar i nokre tilfelle oppstart på nye prosjekt, og fører til færre parallelle prosjekt. Det blir mindre snorklipping for meg – men eg føler meg trygg på at dette er den rette måten å bruke pengar på. Me får raskare vinst – og dermed større samfunnsnytte – for pengane.

På transportområdet legg eg stor vekt på differensiering mellom by og land  – at me må nytte andre verkemiddel i byane enn i distrikta. I byane må me satse sterkare på gode kollektivløysingar og jernbane, der blir klimaeffekten ved vegutbygging eten opp av trafikkveksten. I distrikta, derimot, er vegen ofte det einaste alternativet. Ein rapport frå SINTEF dokumenterer at betre vegar gir reduksjonar i klimagassutslepp. I distrikta fører nye vegar til kortare reiser og mindre utslepp utan å skape trafikkvekst.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Det som dominerer 2008 er sjølvsagt arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2010-2019. Nasjonal Transportplan er det viktigaste planverktyet i transportsektoren. Me legg opp til å presentere stortingsmeldinga om ny NTP i løpet av desember 2008. I januar la fagetatane, Jernbaneverket, Statens vegvesen og Kystverket, saman med Avinor, fram det omfattande grunnlagsmaterialet for neste planperiode. Planframlegget har vore på høyring blant anna i fylkeskommunane, og no er det politiske arbeidet med planen godt i gang. Eg plar seie at denne planen blir ein slags eksamen for oss. Endeleg får me leggje fram vår eigen transportpolitikk.

Som de forstår kan eg ikkje her i dag seie så mykje om rammer og profil i komande Nasjonal Transportplan, i og med at den politiske diskusjonen framleis går for fullt. Det som er sikkert er at fordelinga mellom drift/vedlikehald og investeringar i nyanlegg vil bli eit sentralt spørsmål. Ei anna utfordring er spørsmålet om fordelinga mellom strekningsvise investeringar og mindre investeringstiltak. Skal balansen vere som i dag, eller skal den endrast? Etatane ynskjer – med god grunn – meir midlar til vedlikehald. Samstundes er NTP meir enn ei rekkje enkeltstrekningar. Me skal vise korleis me får eit moderne, samanhengande samferdslenett og korleis sektoren sine klimautfordringar skal handterast. Nettopp dette med omsynet til miljøet står sjølvsagt sentralt i transportpolitikken vår. Klimaendringane er vår tids store utfordring, og gjer det naudsynt med ein kraftig innsats. Regjeringa har allereie gjennomført ei rekkje klimatiltak, utan at eg skal presentere dei i detalj her i dag.

Kommunal samferdsle
Kommunal samferdsle er eit spennande felt som eg ikkje jobbar så mykje direkte med til dagleg. Viktige utfordringar innan både  kommunal og statleg samferdsle er å utvikle eit sikkert, miljøriktig og effektivt transportsystem. Ansvaret for verkemiddel og transportnett er delt mellom stat, fylkeskommune og kommune – og samarbeid om felles mål og utveksling av kunnskap er særs viktig. Dei av dykk som særleg kjem til å arbeide med samferdslerelaterte oppgåver vil de raskt oppdage at Statens vegvesen vil vere ein nyttig og naudsynt samarbeidspartnar når problem skal utgreiast og løysingar finnast.

Statens vegvesen har ansvar for å utvikle ny kunnskap og formidle den til heile vegsektoren. 
Eg veit kommunane av og til kan oppfatte Statens vegvesen som ein gjenstridig motpart, men eg trur det er viktig at ein klarar sjå på kvarandre ikkje som motpartar, men som samarbeidspartnarar. Blant anna produserer Statens vegvesen ei rekkje handbøker og andre publikasjonar de vil kunne ha nytte av, og dei tilbyr kurs, også til kommunane – til dømes når det gjeld sykkelplanlegging. De vil finne mykje nyttig info om dette på heimesidene til Statens vegvesen. Det viktigaste er vel likevel at de ikkje er redde for å ta kontakt og bruke etaten for alt den er verdt.

Staten, gjennom Statens vegvesen og Jernbaneverket, utviklar riksvegnettet og jernbanenettet.  Eit godt fungerande riksvegnett med god framkome og tryggleik for gods- og kollektivtrafikk er avhengig av at mest mogleg av persontrafikken føregår med kollektive transportmiddel, på sykkel eller til fots.

Her har de i kommunane ei viktig rolle gjennom ansvaret for arealbruk, parkeringspolitikk, fartsgrenser og tilrettelegging for kollektivtrafikk, utbygging av lokale veger –
og, ikkje minst, tilrettelegging for gange og sykling på det lokale vegnettet. Eg skal seie eit par ord om eit par av desse emna.

Parkeringspolitikk og arealbruk
I området rundt Oslo, der me ser sterk vekst både i folketal og dermed naturleg nok også trafikk, er det svært viktig at sentrale og lokale styresmaktene samarbeider om å utvikle arealbruksmønster og transport som bidrar til å gjere folk mindre avhengige av privatbil. Presset på vegnettet er stort og gir utfordringar knytte til trafikktryggleik, miljø (særleg støy) og framkome.

Me kjem me ikkje unna tiltak som gjer det litt mindre enkelt å ta bilen. Til dømes er ein aktiv kommunal parkeringspolitikk viktig.. Kommunane har myndigheit til å avgrense talet på P-plassar ved ny utbygging og å legge avgifter på offentleg parkering. I område med god kollektivdekning og godt gang- og sykkeltilbod, vil eit slikt verkemiddel bidra til at langt fleire reiser kollektivt eller syklar, og eg oppfordrar sterkt til å ta dette verkemiddelet i bruk.

Om sykkelstrategien
Alle tiltak som kan vere med på å avgrense bruken av bil må takast i bruk. Det at fleire tek i bruk sykkel i staden for bil til jobben, er eit viktig bidrag. Me har som mål at me skal ha 100 % oppfyllingsgrad i handlingsprogrammet 2006-2009 når det gjeld utbygging av gang- og sykkelvegar. Det er ikkje nok å løyve pengar, det må òg finnast vedtekne planar som desse pengane kan nyttast til. Her har kommunane ei viktig oppgåve. Utbygging av samanhengande hovudnett vert prioritert. Sykkelandelen i Noreg er låg samanlikna med nabolanda våre, så her er det mykje å hente, og me satsar difor friskt. I 2008-budsjettet er det sett av 590 mill. kr til bygging av gang- og sykkelveg (340 mill kr er statlege).

Det er fint å kunne kome hit til Romerike og snakke om sykkel – når eg veit at de er dyktige på området. Eg veit at Lillestrøm og Strømmen er blant dei byane i Noreg der det blir sykla mest (saman med Tønsberg og Trondheim). Forklaringa på dette er truleg ein kombinasjon av eit godt sykkelvegnett, tett utbygging som gir korte avstandar, og at det er relativt flatt.

Me har laga ein nasjonal sykkelstrategi der målet er at reiser på sykkel skal utgjere 8% av dei totale reisene. I dag er talet på 5%. Statens vegvesen er pådrivar for gjennomføring av Nasjonal sykkelstrategi. Åtte ”sykkelbyar” er valde ut for auka innsats i perioden 2006-09 -  Strømmen, Lillestrøm og Jessheim er blant desse. Målet er meir sykling og synlege resultat i løpet av relativt kort tid. Her kan dei tre byane og tettstadane her på Romerike bli viktige førebilete for andre småbyar. Eg tykkjer eigentleg at Lillestrøm allereie er eit førebilete - med sin godt tilrettelagt jernbanestasjon med flott sykkelparkering. Her finst også mange fine sykkelanlegg. Det gjenspeglar seg ved at det er mange som syklar – innsats gir resultat.

Eg trur det på dette området, som på dei fleste andre, er viktig med nettverksbygging mellom kommunane. Ein treng snakke saman for å kunne lære av kvarandre og bli betre – og slik er sykkelbynettverket, eit nettverk for fylkeskommunar og kommunar, eit særs prisverdig tiltak.

Om tettstadutvikling
Utvikling av vegnettet i tettstader og småbyar er ei viktig utfordring i samferdslepolitikken. Me ynskjer å skape miljøvennlege og attraktive tettstader. Stat og kommune kan få til mykje ved å samarbeide, og de har ei rekke gode døme på slikt samarbeid i dykkar region, samarbeid der kommunen er sterkt inne som planstyresmakt og i nokre tilfelle også er inne med midlar.
Strømmen miljøgate, kollektivknutepunktet på Strømmen, Årnes sentrum og Sørumsand sentrum, og Sentrumsringen i Lillestrøm er gode døme på dette.

Om kollektivtrafikk
Nasjonale utfordringar knytte til velferd, mobilitet, transport, universell utforming og miljø kan ikkje løysast utan at det blir lagt til rette for meir og betre kollektivtransport.

Statens vegvesen har sektoransvaret for veg- og vegtrafikk, inkludert kollektivtransport. Ansvaret inneber at etaten i samarbeid med lokale styresmakter og aktørar skal bidra til å legge til rette for betre og meir kollektivtransport. Etaten har òg ansvar for tilrettelegging av haldeplassar, knutepunkt, framkome, innfartsparkering og utvikling av ny teknologi.  Vidare skal etaten sikre god framkome for buss på dei hovudvegane staten har ansvaret for –
dette kan gjerast gjennom å bygge kollektivfelt, lage gode kryssløysingar, prioritere i lyskryss og utforme gode haldeplassar. I tillegg har etaten eit generelt planleggings- og utgreiingsansvar for å ivareta heilskapen innan kollektivtransporten. Ansvaret for drifta av kollektivtrafikken er likevel tillagt fylkeskommunen gjennom yrkestransportloven – og det seier seg sjølv at her er samarbeid eit viktig nøkkelord.

Kollektivtransport i distrikta
Me er opptekne av at også i distrikta skal ha eit godt kollektivtilbod. I distrikta har kollektivtilbodet over tid utvikla seg som en negativ spiral. Tilbodet har blitt dårlegare, ein får færre passasjerar, noko som gjer at tilbodet blir endå dårlegare etc. etc. Slik mistar folk mobilitet. Difor har me starta prosjektet ” Betre kollektivtransport i distrikta”, der føremålet er todelt. Dels vil me prøve ut løysingar for å leggje til rette for eit kostnadseffektivt, fleksibelt og godt kollektivtilbod i distrikta. Dels er målet erfaringsutveksling og spreiing av informasjon mellom fylka. Oslo og fylke som tilhøyrer storbyregionane kan søkje om midlar til tiltak på kollektivtrafikk via den såkalla ”belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk” som blir tildelt og administrert av Samferdselsdepartementet.

FRAM
Frå 2002 har Stortinget gjennom statsbudsjetta sett av eigne midlar til å betre framkoma for kollektivtrafikken på veg i byområde. Prosjekta FRAM 2005 og FRAM 2006-2009 er eit døme. Der er det i samarbeid med lokale styresmakter gjennomført ei lang rekkje tiltak med monaleg positiv verknad for kollektivtrafikken si framkome.

Meir om universell utforming
Me er også opptekne av at transportsystemet skal vere tilgjengeleg for alle. Omgrepet universell utforming vil de nok møte ofte. Universell utforming av infrastruktur og materiell skal bidra til at fleire kan bruke kollektivtransport utan spesielle løysingar. Tiltaka vil særleg gjelde gangareal, haldeplassar og kollektive transportmiddel. Ved å fjerne hindringar for rullestolbrukarar vil også personar med barnevogn, tung bagasje, gåstolar og liknande få eit meir tilgjengeleg transportsystem. Det er viktig at alle aktørar legg universell utforming til grunn i nye prosjekt. Det same gjeld når ein skal utbetre eksisterande infrastruktur og materiell. Ei viktig satsing er tilskotsordninga til kommunale og fylkeskommunale tiltak for betre tilgjenge. I 2008 vil regjeringa bruke 52 millionar kroner til ordninga. I tillegg kjem midlar over budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket. Ny lov om dette, diskriminerings - og tilgjengelova - vil tre i kraft i løpet av 2009. Denne lova betyr blant anna at nye offentlege anlegg skal vere universelt utforma.

Då har eg vore innom eit par satsingsområde innan kommunal samferdsle, område som fleire av dykk sikkert snart vil få inngåande kjennskap til. Som de skjønar, finst det mange treffpunkt mellom stat og kommune her. Samarbeid og dialog vil alltid vere nøkkelord, og eg håpar og trur de vil få positive erfaringar med å samarbeide med dei statlege etatane.

Då gjenstår det berre å takke for meg – og takke dykk for at de no går i gang med oppgåvene som ventar på dykk i kommunal sektor. Eg håpar – nei, eg kjenner meg sikker på, at de vil få ein spennande periode, at de vil trivast både fagleg og sosialt, og tileigne dykk kunnskapar og erfaringar de vil ha nytte av seinare. Eg føler meg viss på at de som sit her i dag alle saman vil vere viktige bidrag i arbeidet med å byggje landet vårt vidare, og så må eg jo seie at eg håpar flest mogleg av dykk blir verande i offentleg sektor langt meir enn 14 månader.

Eg ynskjer dykk all mogleg lukke til! Takk for meg.