Historisk arkiv

Innlegg om raset i Oppdølsstranda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Driva, 27. august 2008

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med raset i Oppdølsstranda, publisert i avisa Driva 27. august 2008.

Raset i Oppdølsstranda

Driva har i dei siste dagane hatt ei brei dekning av raset i Oppdølsstranda og arbeid for sikring av veg og trafikk under bratte fjell.

Avisa har dessverre hatt eit enkelt oppslag som gjev ei uriktig framstilling av kva eg har sagt og meiner når det gjeld prioritering og vidare arbeid med rassikring i Oppdølsstranda. Den 25. august (i nettutgåva) har avisa eit oppslag, der det står mellom anna dette:

”Samferdselsminister Liv Signe Navarsete lover at regjeringen skal bevilge penger til ny tunnel gjennom Oppdølsstranda.  Dermed kan den nye tunnelen i beste fall være ferdig i løpet av tre år, ved utgangen av 2011, helt utenom eksisterende prioriteringsliste”.

Eg vil gjere merksam på dette: Eg har ikkje gjeve nokon lovnad om løyvingar til ny tunnel, og eg har heller ikkje sagt noko om når ein eventuell ny tunnel kan vere ferdig. Fylket har prioritert dette prosjektet etter to andre rassikringsprosjekt.

Det er no viktig at ein straks får på plass mellombelse transportløysingar i området, samstundes som ein får avklart kva som på kort og noko lengre sikt må gjerast for å rassikre vegen gjennom Oppdølsstranda. Ei slik avklaring må vere grundig og skje på ein forsvarleg måte, i eit nært samarbeid med lokalsamfunnet og lokale styresmakter. Å kome med altfor raske konklusjonar og ferdige løysingar ”i ein fei”, er noko som ikkje tener saka og er ikkje er min arbeidsmåte.

Raset i Oppdølsstranda har gjort eit stort inntrykk på meg. Auka løyvingar for å gjere vegane betre og tryggare for folk og næringsliv i distrikta, i Oppdølsstranda og andre stader, er ei oppgåve eg tek alvorleg. Eg er takksam for dei mange gode innspel og den støtte eg har fått i dette arbeidet.