Historisk arkiv

Innlegg i Dagens Næringsliv 31.10.2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

To tankar i hovudet

Innlegg i Dagens Næringsliv 31. oktober 2008, som svar på leiarartikkel.

Innlegg i Dagens Næringsliv 31. oktober 2008:

To tankar i hovudet

DN skuldar meg på leiarplass 29. oktober for å vere ei klimasinke. Bakgrunnen er at eg har lagt fram ei redningspakke for Hurtigruta og kjempar mot eit EU-direktiv som vil gjere det dyrare for næringslivet å transportere varene sine.

Eg finn det oppsiktsvekkande at DN meiner den beste måten å berge miljøet på er å slå handa av reiselivet og anna næringsliv – i ei tid der det er viktigare enn nokon gong å ta vare på bedrifter og arbeidsplassar.

Vi må ha to tankar i hovudet på ein gong: Regjeringa fører ein offensiv klimapolitikk, der vi blant anna gjennomfører tidenes satsing på jernbane. Vi har brukt 4,6 milliardar meir på jernbane enn førre regjering, og flytta godstransport over til bane. Vi har gjennomført ei særs vellukka omlegging av eingongsavgifta for bilar og vi brukar avgiftspolitikken for å fremje nullutsleppskøyretøy, og vi doblar belønningsordninga for kollektivtransport til storbyane.

Samstundes er det naudsynt å differensiere. Der det er råd, må mest mogleg av person- og godstransporten flyttast frå veg og over på andre transportformer, men i store delar av landet er vegen einaste alternativet. Vogntoga vil ikkje køyre unødige turar gjennom bomstasjonane i distrikta sjølv om vi får oppretthalde dagens rabattsystem. Klimaeffekten av EU-direktivet vil bli tilnærma null, men ulempene for næringslivet store.

Eg vil halde fram med å kjempe for å redusere utsleppa frå transportsektoren – og samstundes ta grep til beste for arbeidsplassar og næringsliv i heile landet.