Historisk arkiv

Innlegg i Firda om rassikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg i avisa Firda, 21. februar 2008. Tema for innlegget er regjeringas satsing på øvrige riksvegar og rassikring.

Svar frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete til Jomar Roska
Innlegg i Firda 21. februar 2008

23. januar stod eit ope brev av Jomar Roska på trykk i Firda. Roska har teke for seg regjeringas satsing på såkalla øvrige riksvegar generelt og rassikring spesielt. Eg vil gjerne få kommentere dette innlegget.

Først litt om regjeringa si satsing på samferdsle. Regjeringsskiftet i 2005 markerte eit taktskifte i satsinga på samferdsle her i landet. Me har auka løyvingane til samferdsle med 2,5 milliardar årleg sidan me overtok. Det gjer me fordi samferdsle er viktig. Samferdsle bind Noreg saman, og er avgjerande for å sikre busetnad og næringsliv i heile landet. Det veit folk i Sogn og Fjordane betre enn dei fleste. I satsinga vår er me særleg opptekne av å følgje opp nullvisjonen om at me ikkje skal ha drepne eller alvorleg skadde i transportsektoren.

Me fokuserer òg på transportløysingar som tek omsyn til miljøet. Ikkje minst skal det vere eit effektivt og tilgjengeleg transportsystem i heile landet, slik at me sikrar regional utvikling. Sikring av rasutsette vegstrekningar er viktig for å sikre god framkome, men rassikring er òg eit svært viktig ledd i arbeidet med å nå nullvisjonen.

Veg er og blir den viktigaste transportmåta i eit land som Noreg. Dei store avstandane og den spreidde busetnaden gjer oss avhengige av vegnettet. Særleg i distrikta er det heilt naudsynt med eit velfungerande vegnett både for næringstransportane og ikkje minst for at folk skal kome seg til og frå arbeid, skule og fritidssyslar.
 
I Sogn og Fjordane er behovet for å sikre vegstrekningar mot ras stort, og regjeringa prioriterer dette høgt. Eg er difor svært glad for at me i fjor kunne opne to nye og trygge vegstrekningar i fylket, rv 55 Stedjeberget og rv 617 Gotteberget – Kapellneset. Fatlaberget på rv 55, høgt trafikkert og sterkt utsett for nedfall av stein, var eit av dei første prosjekta eg greip fatt i og fekk vedteke i Stortinget etter regjeringsskiftet.

Eg veit eg har mange med meg i utolmodig venting på å få avløyst denne strekninga når tunnelen opnar seinare i år. I 2008 vil me elles vidareføre eller starte arbeida på ytterligare fire rasutsette strekningar, rv 5 Kjøsnesfjorden, rv 53 Naustbukttunnelen og rv 55 Gullringen. Særleg er eg glad for at sikringa av den rasutsette strekninga på rv 5 langs Kjøsnesfjorden har starta opp.

Gode og trygge vegar er heilt naudsynt for at landet vårt skal fungere. Rassikring er eit av dei aller viktigaste verkemidla for at vegane skal vere trygge, og vil difor vere eit viktig satsingsområde for regjeringa i åra framover – i Sogn og Fjordane som i andre rasutsette fylke.