Historisk arkiv

Innlegg i Hamar Arbeiderblad om postmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

20. februar 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg i Hamar Arbeiderblad 20. februar 2008.

Nei, Øverby, vi har ikkje skjegget i postkassa!

Journalist Arve Øverby skriv i ein kommentar laurdag at Sp har begått løftebrot i samband med den nye postmeldinga. Det har Senterpartiet ikkje. Det som no har blitt presentert i postmeldinga er i samsvar med innhaldet i partiprogrammet, og det er også i tråd med det Senterpartiet sa i Stortinget i postpolitikken førre periode.

Interessant nok framstiller Øverby det som om han sjølv sit inne med førstehandskjennskap til stemninga i partiet, ja, han hevdar endå til å vite at mange Sp-sympatisørar for tida slit med pustevanskar. Eg kan forsikre Øverby om at stemninga i partiet er god, det er eit samla parti som står bak postmeldinga.

Øverby brukar overraskande mykje av innlegget sitt på å framheve mykje av det me i Senterpartiet er stolte over å ha fått til. Det set me pris på. At så godt som heile landet har breibandsdekning og at mobildekninga har blitt stadig betre dei siste åra, ville ikkje skjedd utan Senterpartiets innsats. Det er eit faktum at e-post, internett, nettbank og kontantuttak på butikken har ført til trafikknedgang på postkontora. Det igjen har vore med på å gjere omstruktureringa av tenestetilbodet naudsynt.

Eg kan likevel  forsikre Øverby om at eg ikkje av den grunn angrar på at eg har vore med å gjere breibands- og mobildekninga her i landet betre. Tvert i mot meiner eg breiband til alle er eit heilt naudsynt velferdsgode om ein skal oppretthalde busetnad og næringsliv i heile landet, og eg takkar Øverby for at han gir Senterpartiet kreditt for det store løftet dette faktisk har vore.

På same måte er tilgang til gode posttenester eit sjølvsagt og naudsynt velferdsgode. Nedgangen i bruken av postkontora dei siste åra, ein nedgang som alle prognosar tilseier vil halde fram, har gjort at Regjeringa har godkjent at Posten kan gjere om fleire eigendrivne postkontor til Post i butikk –  men vi har stilt langt strengare krav til det vidare tenestetilbodet enn det som har blitt gjort ved tidlegare omstillingar.

Frå Regjeringas side er det ein klar føresetnad at Posten etter omlegginga skal ha eit minst like godt tilbod som i dag av dei samfunnspålagde tenestene. Det gjeld både overfor næringsliv og privatkundar, og det gjeld både på kort og lang sikt. Post i Butikk vil bli oppretta alle stader der eit postkontor blir omgjort, og nokre stader blir det 2 Post i butikk i staden for eit postkontor. Tenestetilbodet blir utvida gjennom omlegginga, mellom anna ved sterkt utvida opningstider, men òg ved utviding til at konsertbillettar o.l. kan seljast i Post i butikk.

Det skal òg skal bli høve til innlevering av massepost. Tilbodet om hente- og bringetenester vil bli utbygd der postkontora vert omgjorde. 

Vi stiller også krav til at rettane til dei tilsette blir ivaretekne, noko som heller ikkje har blitt gjort ved tidlegare høve. Tilsette som blir overtallige skal få alternative tilbod for å hindre utstøyting frå arbeidslivet, og vi har pålagt Posten å samarbeide tett med NAV og lokale styresmakter i dette arbeidet.

Øverby er uroleg for Regjeringas handtering av EU-direktivet om å konkurranseutsetje alle posttenester. Eg kan love Øverby at vi ved eventuell overtaking av EU-direktivet skal sikre likeverdig posttilbod i heile landet. Det har vi skaffa handlingsrom til ved å ha avlyst førre regjerings hovudlause vedtak om full norsk liberalisering frå 2007, og etter iherdig arbeid overfor EU for å få utsett direktivet.

Øverby tek feil når han avsluttar med å hevde at Postmeldinga i regjeringa vert opplevd som eit bittert nederlag for Sp. Dette er Regjeringas framlegg, eit framlegg Sp fullt og heilt står inne for, nettopp fordi vi har sikra at den naudsynte omlegginga ikkje vil føre til eit dårlegare tenestetilbod.