Historisk arkiv

Innlegg i Jernbanemagasinet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg i Jernbanemagasinet, utgåve 5 for 2008, om regjeringas jernbanepolitikk.

Kjære jernbanevenner!

Eg kan ikkje hugse at jernbana tidlegare har vore så langt framme i samfunnsdebatten og hatt så mange offensive og gode venner som den no har. Lite er meir gledeleg enn det. Klimaendringane er vår tids store utfordring, og vegtrafikk står for ein vesentleg del av transportsektoren sine utslepp. Det er ein god grunn til å flytte ein del av vegtrafikken over på den meir miljøvenlege jernbanen. I tillegg slit me med at kapasiteten i og i kring dei store byane er sprengt – nok eit godt argument for jernbana.

”Ulike transportformer – hand i hand”
Sjølv om eg for meir og betre jernbane, er eg oppteken av at me ikkje må skape kunstige motsetnader mellom dei ulike transportformene. Me treng ei velfungerande, stabil jernbane med god kapasitet. Når det er sagt: me treng òg veg, sjøfart, luftfart, kollektivtrafikk. Dei ulike transportformene er naudsynte for å utfylle kvarandre. Det finst til dømes ikkje jernbane i Finnmark. Me vil difor aldri kunne klare oss utan veg eller luftfart, og eg må innrømme eg blir litt provosert når eg møter folk som framstiller det som om det å vere for veg betyr at ein er mot jernbane eller omvendt. Det eine utelukkar ikkje det andre – å hevde det blir like dumt som å prøve å skape motsetnader mellom bygd og by. Det må vere rom for både det eine og det andre i eit langstrakt land som vårt.

Oppgradering i Osloområdet
50 prosent auke i jernbaneinvesteringane sidan me overtok vitnar om eit taktskifte. Då me tok over stod til dømes utbygginga av nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika i fare for å stoppe opp. Hadde det ikkje kome eit regjeringsskifte og ei klar prioritering av samferdsle framfor skattelette hadde fleire år med utsetjing og endå høgare totale byggjekostnader vore resultatet.

Ei oppgåve eg tidleg gav Jernbaneverket var å sjå på kor mykje som kunne vore spart om dette prosjektet hadde vorte planlagt og gjennomførd med optimal framdrift. Eg har med interesse merka meg signala frå mellom andre LO-leiaren om at det bør vurderast andre finansieringsformar for å sikre ei større og meir samanhengande utbygging av infrastrukturen.
Dette er ein viktig debatt der eg er open for å tenkje nytt.

Som dei fleste sikkert har fått med seg har denne vinteren vore krevjande for jernbanen, spesielt i Osloområdet. Dei hyppige driftsavbrota skuldast i hovudsak tekniske feil i Oslotunnelen og signalanlegget rundt. Eg ynskjer ikkje at de som togreisande skal måtte oppleve dette igjen. Det er uhaldbart at folk ikkje kan stole på at dei kjem seg på jobb eller skule i tide. Slike tilfelle trugar omdømet til heile jernbanen. Eg sette difor i vinter i gang eit prosjekt med deltakarar frå Jernbaneverket og togselskapa. Arbeidet i gruppa er no godt i gang, og Jernbaneverket har gjennomført ei grovanalyse av strakstiltak som vil bidra til å gjere drifta meir stabil. Eg er glad for at alle involverte viser stor vilje til å samarbeide om å finne konstruktive løysningar, og har stor tru på at dette vil gje konkrete resultat.

Høgfartstog
I fjor vart høgfartstog første gong vart eit tema på rikspolitisk nivå. I prosessen fram mot ny Nasjonal transportplan vil me måtte konkludere om vidare prosess. Eg trur framleis at høgfartstog i Noreg kan bli ein realitet om det er politisk vilje til å ta eit slikt løft, noko som sjølvsagt vil krevje løyvingar utanfor rammene av ordinære statsbudsjett. Det eg likevel er mest oppteken av nett no er å byggje ut og oppgradere det jernbanenettet me har i dag, og som er heilt naudsynt for å få kvardagen til folk til å gå rundt. Det arbeidet vil og vere eit viktig grunnlag å bygge vidare på dersom høgfartsbane skal bli ein realitet.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Resten av 2008 vil mykje av tida mi gå med til arbeidet med ny Nasjonal transportplan, som skal leggjast fram i desember. Eg brukar seie at denne planen blir ein slags eksamen for regjeringa - endeleg får me leggje fram vår eigen transportpolitikk. Fordelinga mellom vedlikehald og investeringar vil bli eit sentralt spørsmål. Jernbaneverket – i likskap med dei andre transportetatane – ynskjer med god grunn meir midlar til vedlikehald. Eg meiner meir vedlikehald er heilt naudsynt etter at vekslande regjeringar i tiår har neglisjert denne biten. Me kan likevel ikkje stanse opp bygging av ny infrastruktur – me treng framleis meir veg og jernbane her i landet. Det blir difor ei sentral utfordring å finne ein balanse mellom nettopp vedlikehald og investeringar.

NTP skal også vise korleis me kan få eit meir samanhengande samferdslenett, korleis me mest effektivt finansierer dette, og korleis me skal handtere klimautfordringane innan sektoren. Jernbana i Noreg fram mot 2020 vil inngå som ein sentral del av dette.

God sommar til dykk alle. Ta toget og nyt det!