Historisk arkiv

Innlegg i Nationen om breiband i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Nationen 4. april 2008 frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete om breiband i distrikta.

Innlegg i Nationen 4. april 2008 frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete om breiband i distrikta.

Avisa Nationen fortalte denne veka at ei dataverksemd i Måløy må betale 40 gonger meir for breiband enn om den same verksemda hadde etablert seg i Oslo. La meg først slå fast at regjeringa så langt har brukt meir enn 750 millionar kroner på å sikre breibandstilgang over heile landet og vi er i ferd med å nå målet om digital allemannsrett. Berre så det er sagt. Her ligg vi ikkje på latsida.

Når det gjeld Nationen har avisa rota det litt til for seg sjølv, når dei har rekna ut kor mykje dyrare det er i distrikta enn i meir sentrale strok. Likevel har dei rett i at det finst ein skilnad i pris på raskt breiband til bedrifter. Det er dyrare på enkelte små stadar i distrikta å knytte seg til breiband, enn i meir sentrale strok.

Forklaringa er at prisen er avhengig av kor nær ein er stamnettet og kva slags infrastruktur som er tilgjengeleg lokalt. Dersom ein får eit tilknytingspunkt i Måløy, vil prisen gå ned også der. Andre plassar har slike tilkoplingspunkt lokalt. Dette er også forklaringa på kvifor slike samband er billegare i hovudstaden enn i distrikta.

Med bakgrunn i desse tilhøva, vil eg oppmode Telenor og Bane Tele, som rår over desse påkoplingspunkta, om å bygge ut vidare i distrikta. På  den måten vert det billegare for verksemder i distrikta å kople seg på.

I tillegg veit vi av dei siste åras konkurranse og dramatiske nedgang i pris på raskt breiband til bedriftene, har ført til lågare pris. Difor bør lokalt næringsliv, kommunar og andre som treng raske breibandsliner gå saman om å forhandle pris med leverandørane.

Regjeringa vil halde fram med å regulere denne marknaden for å få ein så effektiv konkurranse som mogleg. Det er no meir enn ti år sidan marknaden vart liberalisert, og prisane bedrifter i Måløy og andre tilsvarande plassar i Noreg må betale, er i dag langt lågare enn dei var før, sjølv om dei kan vere enno billegare i Oslo.