Historisk arkiv

Innlegg om omlegginga av Posten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisinnlegg i Adresseavisen frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete om omlegginga av Posten.

Tilgang til gode posttenester er eit sjølvsagt og naudsynt velferdsgode i Noreg. I Stortingsmeldinga om Posten som blei fremma våren 2008 legg regjeringa opp til at Posten kan legge om inntil 124 eigendrivne postkontor til Post i Butikk innan utgangen av 2010. Omlegginga er heilt naudsynt, og ei naturleg følgje av utviklinga dei siste åra der e-post, internett, nettbank og kontantuttak på butikken har ført til trafikknedgang på postkontora. Alle prognosar tilseier at denne utviklinga vil halde fram. 

Regjeringa har likevel stilt ei rekkje krav til Posten som skal sikre at alle får eit minst like godt posttilbod som i dag. Nokre av desse krava er strengare enn dei som har blitt stilt ved tidlegare omstillingar. Kravet om omdeling seks dagar i veka står fast, og alle Post i Butikk skal halde fram med å tilby banktenester.

Post i Butikk vil bli oppretta alle stadar der eit postkontor blir nedlagt, og nokre stader blir det oppretta to Post i Butikk i staden for eit postkontor. Tenestetilbodet blir utvida. I tillegg til sterkt utvida opningstider blir det òg sal av kulturbillettar, og det blir gode høve til innlevering av massepost. Tilbodet om hente- og bringetenester vil bli bygde ut der det er særskilte behov for det. Dei fleste stader vil det difor bli eit betre og meir fleksibelt system, godt tilpassa det lokale næringslivet og folk sin travle kvardag.

I motsetnad til ved tidlegare omleggingar er det sett strenge krav til Posten om at omsynet til dei tilsette må stå sentralt. Tilsette som blir overtallige skal få alternative tilbod for å hindre utstøyting frå arbeidslivet. Posten og NAV har alt sett i gang eit samarbeid der òg lokale styresmakter skal ta del.

Post i Butikk er eit godt alternativ til vanlege postkontor. Erfaringane til no viser at dei lengre opningstidene gjer at dette for mange er ei løysing som fungerer betre enn dagens postkontor. Undersøkingar av kundetilfredsheit viser då også at folk er særs nøgde med Post i Butikk-tilbodet.

Eg kjenner meg viss på at folk i dette landet skal få gode og fleksible posttenester også i framtida, og at dei moderniseringsgrepa me no har teke vil vise seg å vere til beste for framtida til Posten i Noreg og bidra til målet om gode og likeverdige posttenester i heile landet.