Historisk arkiv

Innlegg om Randsfjordsferja (2)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisa Hadeland 16.05.2008

Innlegg frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete om Randsfjordsferja i avisa Hadeland, 16. mai 2008.

Randsfjordferja

Eg registrerer at vedtak om å flytte ansvaret for drift av Randfjordferja frå Gran kommune til Oppland fylkeskommune har skapt debatt i Gran. Ettersom avisa Hadeland nok ein gong hevdar eg tok kontakt med avisa for å bortforklare og flytte fokus i saka, ber eg om å få gjere merksam på følgjande:

På Stortinget sine heimesider ligg referat frå debatten om Randsfjordsferja og Kragerøferjene frå 6. mai i år. Her kan alle lese heile debatten og kva eg og andre har sagt.

I replikkordskiftet sa eg følgjande: "Når det gjeld dei omtalte ferjestrekningane, trur eg det i dag er eit tilskot på om lag 14 mill. kr til saman – eg har ikkje tala framfor meg her – som det då vil verte ein diskusjon om å inndra." Eg sa også at "Me har hatt dialog med Kommunal- og regionaldepartementet om denne saka og fått stadfesta frå dei at ved overføring er det naturleg at midlane følgjer med."

Kommunal- og regionaldepartementet seier i rettleiinga som gjeld overføring av oppgåver følgjande: "Når midler skal legges inn eller trekkes ut fra inntektssystemet til kommunene, bør man som hovedprinsipp ta utgangspunkt i de ressurser som er brukt på oppgaven."

Inntektssystemet for kommunane inneheld ingen kriterium for ferjedrift. Gran kommune har difor fått overført 300 000 kroner i skjønnsmidlar frå staten via Fylkesmannen i Oppland. No skal fylkeskommunane og regjeringa forhandle om kor store midlar som skal følgje med når fylkeskommunane skal ta over oppgåver blant anna på samferdselsområdet. Eg meiner det er feil av meg å gå inn i ein debatt som forskotterer det endelege resultatet av desse forhandlingane.

Eg hadde håp om at det var forståing for dette, og at både avisa Hadeland og folket i Gran skulle sjå at eg ikkje prøver å bortforklare noko, ei heller seie mellom linene at den økonomiske gevinsten for Gran kommune vert null. Det er ikkje tilfelle. Eg er noko overraska over at avisa Hadeland tolkar det at eg tok kontakt med dei som eit ønskje om å vere bodbringar for ei sak med ein fordekt bodskap som ikkje ville vere til Gran sin fordel.

Eg er klar over at Gran kommune har arbeidd med ferjesaka overfor mange regjeringar med ulik politisk farge – utan at ein har vunne fram. Eg minner om at med den raud-grøne regjeringa vert Gran kommune no endeleg løyst frå oppgåva med å drifte Randsfjordferja.