Historisk arkiv

Innlegg om Randsfjordsferja

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete i avisa Hadeland om Randsfjordsferja, 9. mai 2008.

Ferjestunt om Randsfjordsferja

Innlegg frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete i avisa Hadeland om Randsfjordsferja, 9. mai 2008.

Både Ap, SV og Sp har hatt stort engasjement for Randsfjordsferja både i Gran kommune og i Stortinget. Dei tre regjeringspartia har tidlegare i Stortinget gitt klart uttrykk for at det er unaturleg at enkeltkommunar skal være ansvarlege for ferjedrift.

Regjeringa er opptatt av å desentralisere oppgåver ut til fylke og kommunar. På mitt område er det lagt opp til at om lag 2/3 av det vegnettet staten i dag har ansvaret for skal flyttast over til fylka frå 1. januar 2010.  Dette skal inngå som ein del av regionreforma. 

Fordi fylka likevel skal overta ansvaret for riksvegane og tilhøyrande ferjestrekningar om halvanna år, har eg meint at ei omklassifisering av Randsfjordsferja no for så å føreta ei overføring til staten om eitt år, ville ha lite for seg. Å gjennomgå rundar med forhandlingar med fylke og kommune for å drifte dette sambandet i eitt år, for så å gå i gang med nye forhandlingar med fylket om eitt år, meiner eg berre ville ført til unødvendig byråkrati og ekstra kostnader.

Eg har hatt ein tett dialog med dei raud-grøne politikarane på Stortinget i denne saka. Vi er samde om at det er klokt å avklare allereie no at ferja skal bli eit ansvar for fylket.

I sin leiar 8. mai går avisa Hadeland til frontalangrep på meg fordi eg har påpekt at vi ved overføring av oppgåver mellom ulike forvaltingsnivå har eit system som seier at økonomiske ressursar skal følgje med oppgåvene. Når regionene/fylka skal overta 2/3 av vegnettet frå staten, er det til dømes rimeleg at dei også får med seg eit beløp på om lag tilsvarande av det staten har brukt på å gjennomføre oppgåva.

Fordi fylka i utgangspunktet har ansvaret for den lokale rutetransporten vil det truleg bli eit forhandlingstema om det er rimeleg at Oppland fylke får overført nokre ressursar frå Gran kommune. Statens mulege bidrag er det også for tidleg å seie noko om, då det blir ein større forhandlingsrunde om heile forvaltingsreforma. Eg meiner det er eit viktig prinsipp at det bør følgje med pengar ved overføringa av ei oppgåve. Det er eg sikker på at også Ap og Sv i Storting og Regjering er einige i. No skal fagfolka få tid til å gå sine rundar. Deretter skal vi som politikarar ta stilling til dette når fakta er klarare. Uansett meiner jeg det er grunn til å glede seg over at vi unngår to rundar med forhandlingar. Fram og tilbake er som kjent like langt.

Verken Gran kommune eller Oppland fylke får i dag øyremerka midlar for å ivareta alle de oppgåvene dei har ansvaret for. Dei fleste oppgåvene vert dekt gjennom eigne skatteinntekter og eit generelt rammetilskot frå staten, berekna etter eit omfattande sett av kjenneteikn som folkesetnad og avstandstilhøve mm. Eg meiner vi bør fortsetje med eit slikt system utan for mykje øyremerking, og eg meiner også vi bør ha eit system der utgangspunktet er at det følgjer pengar med ansvaret for ei oppgåve.

Avisa Hadeland meiner også eg var illojal i forhold til min samarbeidspartner Torstein Rudihagen i Ap. Dette fordi eg tok kontakt med lokalavisa om denne saka. Dette er ei svært urimeleg skulding. Eg opplever å ha et svært godt samarbeid med Rudihagen og vil rose han for engasjementet hans i denne saka. Eg tok kontakt med avisa Hadeland om ettermiddagen den 30.4. Då var eg gjort merksam på at det brygga opp til unødige mistydingar i dei lokale media før saka skulle opp i Stortinget den 6.mai. Stortingsfraksjonen og Rudihagen visste om at eg tok denne kontakten.  At Rudihagen deltok på 1.mai-feiring på Jevnaker og spreidde bodskapen om Randsfjordsferja si framtid der, var eg derimot ikke informert om. Eg kan likevel ikke sjå at det er noko problem at eg tok kontakt med avisa dagen før 1.mai, og at Rudihagen hadde samme bodskap i sin tale i Jevnaker.

Det er synd å registrere at avisa Hadeland synes å være mest opptatt av å hisse opp stemninga og rote til forståinga av prosessen. Fokus burde være på å gle seg over at ein no endeleg har fått avklart ansvarsfordelinga i saka og at Gran kommune i framtida slepp ansvaret for Randsfjordferja etter mange år med ferjedrift.