Historisk arkiv

Innlegg på avslutningskonferansen for KIM-programmet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Oslo, 6. mars 2008

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete på avslutningskonferansen for KIM-programmet i Oslo, 6. mars 2008.

Kjære alle saman!

Takk for hyggeleg invitasjon til å kome hit i dag, på avslutningskonferansen for dette særs viktige programmet – som eg har følgd med stor interesse. Det er kjekt å sjå så mange av dykk samla her i dag, eg er sikker på at det vil bli ein nyttig og interessant dag. Eg skulle gjerne vore her heile dagen, men det tillet diverre ikkje statsrådkalenderen.

IKT er eit fenomen som har endra verda, ikkje berre ein gong, men fleire gonger. På mange måtar er IKT ”mitt område” –  eit område eg over lang tid har følgd med på, jobba innan og brent for. Lenge før eg vart statsråd var eg oppteken av korleis me kan bruke IKT til å betre kvardagen for folk flest.

Då eg i vaksen alder byrja studere på Distriktshøgskulen i Sogndal var IKT eit av faga mine, og sidan byrja eg arbeide på fagfeltet. IKT som verkemiddel for å skape eit betre samfunn har sidan vore eit av mine politiske hjartebarn. Eg meiner IKT er avgjerande for å ivareta og vidareutvikle både eit konkurransedyktig næringsliv og ein velfungerande offentleg sektor.

Forsking på elektroniske kommunikasjonstenester
Som samferdsleminister er det min jobb å bidra til å sikre folk i heile landet gode, rimelege og framtidsretta elektroniske kommunikasjonstenester. Då er det ikkje nok med ein telemarknad som byggjer infrastruktur og pressar prisane på telefoni og internettilgang. Det er minst like viktig å skape gode vilkår for forsking, innovasjon og utvikling. Berre slik kan me få mest mogleg framtidsretta tenester, teknologi og produkt til gode for folk i heile landet.

Omfattande forsking på IKT, og særleg på elektronisk kommunikasjon, gir viktige bidrag til utviklinga av det norske informasjonssamfunnet. Slik oppfyller me målet om den digitale allemannsretten i Noreg, noko som er eit sjølvsagt mål i dag, men som VG harselerte med då det vart fremja av Odd Roger Enoksen for berre ti år sidan. Så tidene endrar seg!

Dei grunnleggjande tenestene og infrastrukturen må naturleg nok vere på plass, men det er òg viktig at det samstundes blir utvikla tenester og produkt som gjer kvardagen lettare for folk flest. For å lukkast med det trengst  forsking på samspelet mellom teknologi og samfunn og mellom infrastruktur og innhald. Det trengst òg forsking på bruk av teknologi, på nye typar nettverk, tryggleik etc. Kva som vil drive utviklinga vidare og vere dei beste tenestene for folk fem år fram i tid, kan me ikkje vite i dag, men det blir spennande å sjå!

KIM-programmet
KIM-programmet (Kommunikasjon, IKT og medier) har vore retta mot utvikling av bruk og samhandling med IKT, inkludert framveksten av nye medier og nye former for innhald, strukturar og rammer for kommunikasjon og artikulasjon i konvergerande medier. Som forskingsfelt ligg dette i det tverrfaglege feltet som oppstår i møtet mellom ny teknologi og ei rekkje samfunnsvitskaplege og humanistiske fag.

KIM-prosjekta er ei viktig kunnskapskjelde for oss i departementet når me skal utvikle politikk til beste for folk i landet. Særleg har det vore viktig for meg å auke forståinga for korleis ny kommunikasjonsteknologi blir brukt av unge. Få ting er så interessant som å følgje med på tydinga nye nettfenomen og teknologiar har for ulike brukargrupper.

Den teknologiske utviklinga og den stadige vidareutviklinga av eit informasjonssamfunn påverkar oss på ei rekkje samfunnsområde. I departementa merkar me dette i det daglege arbeidet. Meldingane går på kryss og tvers i raskt tempo, og det er inga tvil om at media ikkje lenger har daudline klokka 16.00. KIM-prosjekta har gitt oss viktig kunnskap om korleis ny teknologi påverkar demokrati, politiske prosessar, arbeidslivet, globaliseringa og ikkje minst kva tyding dette kan ha for personvernet.

VERDIKT-programmet
Samferdselsdepartementet har relativt små rammer for løyvingar til forsking. Desse skal rekke over store forskingsoppgåver blant anna veg, bane, luftfart og telekommunikasjon. Med avgrensa midlar det viktig at pengane blir nytta effektivt og blir kombinert med andre midlar for å skape forskingsprogram som er store nok til å oppnå skikkelege resultat. Den tematiske innretninga i VERDIKT-programmet er ein god strategi som høver godt med den strategien Samferdselsdepartementet har for forsking på elektronisk kommunikasjon. VERDIKT vil vere det viktigaste programmet for teleforskinga i tida framover.

For meg er det viktig at fokuset frå KIM blir brakt vidare inn i VERDIKT og ikkje blir borte i prioriteringa opp mot andre, meir teknologi- eller marknadsfokuserte satsingar. Me treng verkeleg denne kunnskapen, og det har departementet gitt signal om i tilsegnsbrevet til Forskingsrådet. Noreg er i front når det gjeld bruk og opptak av nye former for elektronisk kommunikasjon. Det gjer at me tidleg møter regulatoriske utfordringar, og må vere i forkant av andre land.

Å forske fram stadig betre IKT-løysingar gir betre IKT-tilbod her i landet, noko som igjen er med på å gi auka velferd – over heile landet. Eg vil oppmode dykk alle om å forsetje den gode innsatsen som har vore gjort innan KIM. Dette er framleis eit felt der det er behov for meir forsking på ei rekkje område, ikkje minst fordi utviklinga på feltet går så raskt – og fordi dette er eit område som blir stadig viktigare for at landet vårt skal fungere.

I tillegg er det viktig at Noreg ligg langt framme internasjonalt på IKT-feltet og at me må satse vidare for å halde oss i teten på dette området også i framtida.

Lukke til og takk for meg!