Historisk arkiv

Innlegg på konferansen "Transport og logistikk"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Gardermoen, 16. oktober 2008

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete på konferansen "Transport og Logistikk, Gardermoen, 16. oktober 2008.

Godtfolk!

Takk for invitasjonen til å kome hit til denne tradisjonsrike samlinga. Nett no arbeider eg med ny Nasjonal transportplan for åra 2010 til 2019. Den vil leggje føringar på transportpolitikken det neste tiåret. Då er det nyttig med debattar og fora som dette. Samferdsle er eit kjerneområde i utviklinga av eit samfunn, og det seier eg ikkje berre fordi eg er samferdsleminister. Sjeldan kjem det betre fram enn under Transport og Logistikk. Eg tykkjer det rikhaldige og varierte programmet her syner fram breidda i transportsektoren, og er med på å setje fokus på utfordringane i dei ulike delane av sektoren.


Auka satsingar


Etter at denne regjeringa tok over har samferdsle fått nytt fokus og større ressursar. Veg, bane, kollektiv og ferjer – alle sektorar har fått ein etterlengta vekst og alle deler av landet har fått eit løft i løyvingane.

I Stortinget si handsaming av NTP vart me kritisert for useriøs overbodspolitikk av Høyre, Krf og Venstre. Me føreslo ei kraftig auke både til veg og bane. Fordi inga regjering tidlegare hadde klart å innfri rammene til NTP, mente dei me snakka om monopolpengar når me gjekk inn for å bruke ein milliard kroner meir på veg og ein milliard meir på bane enn det regjeringa Bondevik II foreslo. Me har no vist at det ikkje var monopolpengar det var snakk om.

I statsbudsjettet for 2009, som vart lagt fram førre veke, føreslår me å løyve 28 milliardar kroner til samferdselsføremål. Dette er ei auke på om lag 3,2 milliardar kroner eller 13,1 prosent frå saldert budsjett 2008. Med dette forslaget tek me eit nytt stort løft for utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet i landet. Regjeringa meir enn oppfyller dei økonomiske rammene for Nasjonal transportplan  2006-2009. Løyvingane til Statens vegvesen og Jernbaneverket vil etter fire år  liggje om lag 1,9 milliardar kroner over rammene i Stortinget sitt vedtak om transportplanen.

Så ikkje berre har me sett oss vesentleg høgare mål enn det forgjengarane våre gjorde. Me har òg klart å følgje opp desse høgare ambisjonane. I budsjettet for 2009 brukar me faktisk meir enn det rammene i NTP tilseier. Det har aldri skjedd før så lenge vi har hatt dette planverket.

Rassikring og andre tiltak som fører til tryggare trafikk, er mellom dei områda som har fått størst auke, løyvingane til trafikktryggleik er meir enn dobla – det er eg stolt over – og det er heilt naudsynt for å freiste å snu den negative ulukkesutviklinga me har sett siste året. 
 
Til vegføremål, er det sett av i alt 17 milliardar kroner, ei auke på 10,4 prosent.

Framlegget til løyvingar til jernbaneføremål er på til saman vel 8,84 milliardar kroner, ei auke på 17,4 prosent. Innanfor løyvinga til jernbaneføremål er det foreslått nær 3,2 milliardar kroner til investeringar i jernbanenettet. Dette er ei auke på heile 36,2 prosent frå 2008. Me legg med andre ord opp til tidenes jernbanesatsing.

For 2009 er det over budsjettet til Samferdselsdepartementet foreslått nær 240 millionar kroner til forsking, utgreiing og utvikling. Dette er ei auke på 40,2  prosent. Auka har samanheng med auka midlar til klimaforsking og 50 millionar kroner til oppretting av Transnova, eit nytt prosjekt som skal utvikle verkemiddel og tiltak som legg til rette for miljøvennleg transport.

Eg er stolt over at Transnova skal opprettast på nyåret. Dette er noko eg har kjempa for i lang tid, og det er det viktigaste tiltaket for klimaet på Samferdselsbudsjettet neste år. Eg vil gjere det mogleg å køyre bil og buss utan å forureine klimaet. Det skal gjerast ved at  fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff, og Transnova skal medverke til nettopp det. Foreløpig er Transnova eit prøveprosjekt, men mitt mål er at Transnova skal gjerast til ein permanent organisasjon som arbeider med å bytte ut fossilt drivstoff med biodrivstoff, el og hydrogen.

Løyvinga på 50 millionar skal vidareførast på minst same nivå òg i 2010 og 2011.
Transnova skal gje økonomiske tilskot til prosjekt som fremmar nye og meir miljøvennlege transportløysingar, og tilskota skal rettast mot transportløysingar som har stort klimapotensiale på lengre sikt, men som per i dag av ein eller annan grunn ikkje bryt gjennom i marknaden. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Transnova vil vere å bidra til auka bruk av alternative drivstoff som elektrisitet, andregenerasjons biodrivstoff og hydrogen, ved å gjere lågutsleppsløysingane betre kjent og meir tilgjengelege.

Regjeringa har lagt fram Klimameldinga, som blant anna inneber at transportsektoren skal fryse utsleppa på dagens nivå fram mot 2020. Transnova, som eg snakka om i stad, er eit ledd i dette arbeidet, men me jobbar også med tiltak på mange ulike frontar. Blant anna har me føreslått eit introduksjonsprogram for biodrivstoff med omsetnadskrav, me satsar på andregenerasjons biodrivstoff, me legg tilhøva til rette for elbilar og hybridbilar, blant anna ved å doble elbilfrådraget for firmabilar, og me held fram med omlegginga vår mot meir såkalla grøne avgifter. I 2006 sette me i verk ei miljøvenleg omlegging av eingongsavgifta. Det nye avgiftssystemet har vist seg å vere svært effektivt. I budsjettet for 2009 har me føreslått ei ytterlegare justering. Dette er eit av dei viktigaste miljøgrepa me gjer i årets samferdslebudsjett, og eg har stor tru på at dette vil føre til ein ytterlegare nedgang i CO2-utsleppa frå vegtrafikken.

Eg vil også nemne at me doblar belønningsordninga og stiller tøffare krav til byane som er med på ordninga. Me har gitt 1,3 mrd kr til jernbana. RENERGI-løyvingane, som går til forsking på eldrift, naturgass og hydrogen, aukar med 45 % / + 15 mill kr og at det løyvingane til gang-/sykkelvegar aukar med 70 mill kr i statlege midlar.


Nokre viktige prinsipp

Eg vil seie litt om dei viktigaste prinsippa for transportpolitikken vår.

Samferdsle på dagsorden
Då eg vart statsråd hadde eg lenge ergra meg over kor dårleg representert samferdsle var i mediebiletet og dermed i den breie politiske debatten på riksplan – særleg med tanke på kor viktig dette er for at landet vårt skal fungere.

Eg visste at dette var noko folk snakka om i lunsjpausen og ved middagsbordet, men at dette ikkje gjenspegla seg i tv og aviser. Eg bestemte meg for å løfte samferdsle på dagsordenen. Det føler eg at me har lukkast med – det er for tida eit stort fokus på samferdsle, ikkje minst på veg. Det er eg veldig glad for, for eg veit at dette er beste måten å kanalisere meir pengar til sektoren på. Og meir pengar er utan tvil beste måten å få gjort meir på.

Differensiering by-land
Regjeringa er opptekne av å få til ei tydelegare differensiering av verkemiddelbruken i samferdslepolitikken mellom by og land – at me må bruke andre verkemiddel i byane enn i distrikta. I byane må me satse på jernbane, kollektivtrafikk, innfartsparkering og ringvegar i staden for meir vegkapasitet som bidreg til ytterlegare vekst i biltrafikken. All forsking og internasjonal erfaring viser at det ikkje er nok berre å satse på betre tilrettelegging for kollektiv, gang- og sykkel. Skal me få god effekt er me òg nøydde til å gjennomføre effektive restriktive tiltak i forhold til biltrafikken. Eg har difor gjennomført møte med praktisk talt alle storbyområda for å drøfte behovet for meir effektive heilskaplege pakkar – som inneheld ein kombinasjon av pisk og gulrot. Her står køprising sentralt. I distrikta er vegen ofte einaste alternativet, då må òg satsinga  på gode transportløysingar dreie seg om nettopp vegen.

Effektiv pengebruk
I tillegg til å bruke meir pengar, er eg oppteken av å bruke pengane mest mogleg effektivt. Eg ynskjer å fullføre oppstarta prosjekt raskast mogleg i staden for stadig å setje i gang nye prosjekt med små midlar. Eg er sikker på at dette er rette måten å bruke pengar på. Me får raskare vinst – og dermed større samfunnsnytte. Då me overtok regjeringskontora var ei rekkje større samferdsleprosjekt starta opp med svært små midlar. Me auka løyvingane markant. Hadde me ikkje gjort det, ville det blitt umogleg å halde god og kostnadseffektiv framdrift på ein del av prosjekta.

Eit døme: utan auka løyvingar ville to store utbyggingsprosjekt på jernbanen stoppa opp. Det gjeld dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger og to nye spor mellom Lysaker og Sandvika vest for Oslo. Begge prosjekta har no full framdrift. Ved å stoppe prosjekt kaster ein bort mykje pengar på å rigge ned organisasjonar og anlegg. Også redusert framdrift er dyrt på sikt. Me valde difor å skru opp løyvingane til desse prosjekta. Det har gjort at me har måtta utsetje andre prosjekt, noko som har hatt ein politisk kostnad.

Næringslivets transportbehov
Eit av mine politiske hjartebarn er næringslivets transportbehov. Skal me leve godt i heile landet vårt, må folk ha noko å leve av, og då er det ein føresetnad at næringslivet har gode konkurransevilkår. Lange avstandar og vanskeleg geografi gjer at gode transportmoglegheiter er eit overordna spørsmål, om ein produserer for eksport eller heimemarknaden.

Det er utruleg store verdiar som dagleg blir flytta rundt på norske vegar. Mange lager finst på vegen til kvar tid.  For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda må vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om ho ikkje kan avløysast av fast samband etc. Næringslivet vårt har vanskelegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land. Dette må me avbøte så godt me kan, mellom anna gjennom ein velfungerande infrastruktur.

Me vil aldri kunne bli heilt kvitt avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrentar i land tettare på marknadane, men eg vil bidra til ein utjamning av kostnadsskilnadane slik at me framleis kan ha eit livskraftig næringsliv i utvikling. Regjeringa har allereie gjennomført ei rekkje tiltak for å gje næringslivet betre transportvilkår, ikkje minst for å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. I statsbudsjettet for 2009 er om lag 580 millionar kroner sette av til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru og midlar til kryssingsspor på Østfold-, Gjøvik- og Sørlandsbanen og fleire andre tiltak for å auke kapasiteten på jernbanenettet. Dette vil òg stå sentralt i ny NTP.

Eg er oppteken av at me må ha ein rutevis gjennomgåande standard mellom by og land, tettbygde og meir grisgrendte strok. Det er òg viktig med velfungerande korridorar til (omlastings-)terminalar, knutepunkt og eksportmarknadane i utlandet.

Eg er oppteken av å bidra til ”smartare” godstransport og logistikkløysingar som vil gje næringslivet konkurransefortrinn og bidra til meir effektiv og miljøvenleg transport. I 2007 etablerte me difor i 2007 det såkalla SMARTRANS-programmet i regi av Norges Forskingsråd, eit program som skal gå fram til 2013. For 2009 har me løyva 21 millionar til programmet. Eg er glad for at det verkar vere aukande vilje i næringslivet til å medverke aktivt og økonomisk for å skape gode prosjekt saman med oss.

Eg har særleg tru på auka bruk av ITS for å effektivisere logistikken. ITS-verktøya spenner vidt. For næringslivets del omfattar det blant anna ruteplanlegging, styring og sporing av flyten i godstrafikken, samt forenkling av administrative rutinar for ordremottak, avviksbehandling og betalingssystem. Effekten for næringslivet vil bli forsterka ved auka bruk av ITS på myndigheitssida. Me arbeider blant anna med ei stadig forbetring av system for trafikantinformasjon om føreforhold, kødanningar og alternative køyreruter. Eg er sikker på at ei fornuftig samordning av relevante tiltak både i næringslivet og på myndigheitssida vil gje meir effektiv logistikk.

Eg har heile tida sidan eg tok over som samferdsleminister vore særs oppteken av korleis vi betre kan løyse næringslivets transportbehov og leggje forholda betre til rette for transportnæringa. Det viktigaste er sjølvsagt dei auka løyvingane og vridinga mot meir vedlikehald - som eg opplever at vi har hatt god dialog om og der næringa har gitt meg viktig støtte.

Me har systematisk arbeidd for å auke kapasiteten og effektiviteten for godstransport på jernbana, mellom anna gjennom auka innsats i høve til terminalutvikling, bygging av kryssingsspor og auka aksellast (for Tømmertransporten på enkelte banestrekningar og på Meråkerbana slik at ein har 22,5 tonns gjennomgåande standard).

Då eg kom inn i kontora blei eg fortalt at dei særnorske reglane for vogntog gjekk ut på dato og at det var dødfødt å kjempa for å få dei vidareført. Eg er veldig stolt av at vi saman klarde å overtyda EU-kommisjonen at det var klokt, mellom anna av trafikksikkerheitsomsyn, at vi fekk lov å vidareføre våre vogntog. Næringa sparte og store summar på dette.
- Lista kunne gjerast lenger (25,25, økt aksellast for tømmerbiler)

Eg har og vore opptatt av å løfte fram den viktige rolla logistikknæringa har for heile samfunnet og få fram kor mykje bra som gjerast i høve til mellom anna trafikktryggleik og miljø. Me må vere stolte av denne næringa og me som har politisk ansvar og leiaransvar må ta godt vare på alle dei tusenar som kvar dag gjer ein kjempejobb, og som me alle er avhengige av.

Særlig langtransportsjåførane kan ha ein tøff kvardag. Eg er oppteken av at vi gjer meir for å gjera deira kvardag enklare. Det handlar om framkome, betre vedlikehald, trafikktryggleik og betre drift av vintervegane. Eg meiner likevel det og må gjerast langt meir for at dei skal få betre arbeidstilhøve også når dei ikkje er på sjølve vegen. Som ein del av det NTP arbeidet som nå går er det difor starta eit systematisk arbeid med å kartleggje behovet og planleggje nye raste- og kvileplassar for tungtransporten, med sikte på å prioritering av slike tiltak i handlingsprogrammet  for perioden 2010-2013. Eg ser for meg ei ordning der Statens Vegvesen yter støtte til private aktørar som vil bygge og drifte denne typen anlegg, og eg ser for meg ei systematisk utbygging langs alle dei viktigaste transportkorridorane i åra som kjem.

Miljøvenleg profil
Sist men ikkje minst, er eit viktig prinsipp for meg at me må føre ein transportpolitikk som tek omsyn til dei alvorlege klimaproblema me står overfor. Me må ta grep som gjer at me reddar kloden vår for barnebarna våre. Difor satsar me på ei miljøvenleg omlegging av transportpolitikken. Som eg var innom, inneheld budsjettet for 2009 ei rekkje tiltak for å gjere samferdsla vår meir miljøvenleg.


Nasjonal transportplan 2010-2019

Det som dominerer 2008 i Samferdsledepartementet er sjølvsagt arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2010-2019, som blir presentert på nyåret.

Debatten om kor mykje det skal satsast, kva retning satsinga skal ha og kva prosjekter som skal prioriterast går no for fullt internt i dei tre regjeringspartia sine stortingsgrupper og organisasjonar, og internt i regjeringa. Noko veit me likevel. Det er mange politikarar i salen her i dag. Eg trur me skal vere så ærlege at me innrømmer at fordi skiftande politiske fleirtal gjennom tiår har brukt for lite både på investeringar og vedlikehald, er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert.

Vedlikehaldsetterlepet kan no ikkje oversjåast lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt framlegg til ny Nasjonal transportplan 2010-2019 føreslått ei klar vriding mot meir vedlikehald, og ei sterk vriding vil nok bli ståande, òg i endeleg NTP. Eg er smerteleg klar over at det ikkje er slik ein vinn politisk glans – og det er nok difor dette har blitt nedprioritert av ulike regjeringar i tiår etter tiår – men eg er likevel overtydd om at det er det rette å gjere. Når det er sagt, vil eg slåss for størst mogleg rammer til sektoren også til investeringar. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Eg ynskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og til det må det meir pengar over til samferdslesektoren.

Til sjuande og sist kokar nemleg alt ned til den budsjettmessige prioriteringa av samferdsla – slik at me kan byggje landet vidare og sikre oss eit effektivt og trygt transportsystem. Det er naudsynt både for at kvardagen til folk flest skal henge saman og for å kunne oppretthalde eit offensivt og konkurransedyktig næringsliv her til lands.

I debatten etterpå vil heilt sikkert finansiering av samferdsla bli tema. Eg er ikkje motstandar verken av OS eller prosjektfinansiering. Men om Noreg bygger veg på avbetaling endrar ikkje det faktum at aktiviteten i vegsektoren framover vil avhenge av vekslande regjeringar sine årlege prioriteringar i budsjetta!

Takk for meg –lukke til med det viktige arbeidet dykkar, og no ser eg fram til frisk debatt!