Historisk arkiv

Innlegg på Kystvegkonferansen i Florø, 10. oktober 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på Kystvegkonferansen i Florø, 10. oktober 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Kystvegkonferansen

10. oktober 2008

Godtfolk!

Takk for invitasjonen til å kome hit i dag. Eg tykkjer det er flott at de har teke dette initiativet. Nett no arbeider me med ein ny Nasjonal transportplan som vil leggje føringar på transportpolitikken det neste tiåret. Då er det nyttig med debattar og fora som dette, der ein kan få innspel frå dei som kjenner situasjonen på kroppen.

Ein  kystveg mellom Florø og Måløy kan bli den vekstmotoren som skal til for at Sogn og Fjordane får sin del av verdiskapinga innan framtidsretta næringar knytt til kysten og havet – noko eg brenn for at me må få. Eg er samd med dei som meiner her finst eit stort uforløyst potensial når det gjeld utvikling både innan maritim industri, olje, fornybar energi og reiseliv. Med ein eventuell ny kystveg vil reisetida frå Måløy til Florø bli kraftig redusert – truleg til under halvparten av dagens reisetid, og eg skjønar difor godt ynsket om ein slik veg. Eit samband som vil binde saman kysten frå Bergen til Ålesund vil gje effekt for vekst og utvikling i regionen. Eit døme: 60% av fraktkostnadane frå Hareid til Italia (Venezia) stammar frå strekninga Hareid-Oslo. 

Auka satsingar
Regjeringsskiftet i 2005 førte til meir midlar til sektoren – og innebar såleis eit taktskifte i norsk samferdslepolitikk. De har sikkert fått med dykk at det har gått ein debatt om kor mye samferdslemidlar som skal brukast i dei ulike delane av landet. Det er sjølvsagt ein del som har ønskt å setje dette på spissen. Då håpar eg de hugsar at regjeringa – med si kraftige auke har sikra alle delar av landet meir pengar til samferdsle enn om me skulle følgd opplegget som var føreslått av førre regjering. Samstundes er denne vridinga i tråd med transportplanen lagt fram av førre regjering. Den la opp til store prosjekt på Austlandet i første fireårsperiode, og deretter ei vriding utover i landet i siste seksårsperiode.

Då eg vart statsråd hadde eg lenge ergra meg over kor dårleg representert samferdsle var i mediebiletet og dermed i den breie politiske debatten på riksplan – særleg med tanke på kor viktig dette er for at landet vårt skal fungere.

Eg visste at dette var noko folk snakka om i lunsjpausen og ved middagsbordet, men at dette ikkje gjenspegla seg i tv og aviser. Eg bestemte meg for å løfte samferdsle på dagsordenen, fordi eg veit at dette er beste måten å kanalisere meir pengar til sektoren på. Dette føler eg absolutt at eg har lukkast med.

For meg er det òg viktig at distrikta må ha stemmer i Oslo.

Statsbudsjettet 2009
I budsjettet for 2009, som vart lagt fram for to dagar sidan, brukar me faktisk meir enn det rammene i NTP tilseier. Det har aldri skjedd før så lenge vi har hatt dette planverket. Samtidig set me oss heile tida nye, djerve mål. Det skal me blant anna vise i Nasjonal Transportplan 2010-2019.

I budsjettet føreslår me å løyve 28 milliardar kroner til samferdselsføremål. Dette er ei auke på om lag 3,2 milliardar kroner eller 13,1 prosent frå saldert budsjett 2008. Løyvingane til Statens vegvesen og Jernbaneverket vil etter fire år  liggje om lag 1,9 milliardar kroner over rammene i Stortinget sitt vedtak om transportplanen. Forslaget har sterk vekt på klima- og miljøtiltak og løyvingar som styrkjer kollektivtrafikken. Dei føreslåtte prosjekta og tiltaka gir budsjettet ein god distriktsprofil. Rassikring og andre tiltak som fører til tryggare trafikk, er mellom dei områda som har fått størst auke, løyvingane til trafikktryggleik er meir enn dobla og dei statlege løyvingane har auka med 450 millionar, eller 98%.  Det er eg stolt over – og det er heilt naudsynt for å freiste å snu den negative ulukkesutviklinga me har sett siste året. Løyvingane til rassikring har auka med 130 millionar, løyvingane frå posten rassikring har auka med 34,5% og gjer at me overoppfyller rammene for rassikring i NTP med 100 millionar. Rammene i NTP er til saman overoppfylte med 1 milliard.
 
Til vegføremål, er det sett av i alt 17 milliardar kroner, ei auke på 10,4 prosent.

Når det gjeld bompengar er det fleire initiativ ute og går. Som det gjekk fram av eit oppslag i Aftenposten nylig, legitimerer bompengar bruk av statlege midlar til vegprosjekt.

Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet
Innanfor budsjettet til Sogn og Fjordane er det  sett av midlar til prosjektering og grunneerverv for andre del av fastlandssambandet til Ytre Bremanger og Dalsfjordsambandet. Me vil no gjennomføre ekstern kvalitetssikring av begge prosjekta. Førebels er kostnadane anslått til vel 500 millionar kroner for Bremangersambandet og vel 1 milliard kroner for Dalsfjordsambandet, inkludert rassikring av rv 57. Eg vil legge fram saka for Stortinget når den eksterne kvalitetssikringa av desse to prosjekta er gjennomførte. Me legg til grunn at Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet vil inngå i det framtidige regionale vegnettet etter forvaltningsreforma og at fylkeskommunen blir ansvarleg for finansieringa frå 2010. I finansieringsplanen er det lagt til grunn fullfinansiering med statlege midlar, inkludert alternativ bruk av ferjetilskot. 

E 39 Kvivsvegen
Eg vil også trekke fram Kvivsvegen. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trase gjennom Kviven med bygging av  ny veg frå Grodås i Hornindal kommune til Geitvika i Volda kommune. Prosjektet vil gje ferjefri stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre og knytte saman ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. Prosjektet skulle opphavleg vore finansiert med bompengar, men bompengedelen var låg i forhold til kostnadene for prosjektet, og innkrevjinga av bompengar ville ført til høg avvising av trafikk. Eg gjekk difor inn for at me  fullt ut skulle finansiere prosjektet med statlege midlar. Den innbetalte aksjekapitalen vil bli nytta som forskottering. At staten går inn og fullfinansierar et prosjekt som eigentleg var tenkt å skulle finansierast ved hjelp av bompengar, tykkjer eg viser vilje til å ta grep for å få viktige strekningar raskt på plass, med størst mogleg samfunnsøkonomisk gevinst.

Me planlegg anleggsstart no i løpet av 2008, og hovudarbeida startar sommaren 2009. Me reknar med å kunne opne prosjektet for trafikk i 2012.
Eg vil elles nemne E 39 Torvund-Teigen, som det er løyva 30 millionar til og som skal opnast i 2012. Nytt av året er 27 millionar til ferjekai på Sløvåg og 8 millionar til ombygging på Krakhella.
Eg trur at ei realisering av kystveg mellom Ytre Nordfjord og Florø, kombinert med bygging av Kvivsvegen som eit ferjefritt og bompengefritt samband mellom midtre/indre Nordfjord og Volda/Ørsta, vil føre til store – og positive – endringar i samferdsla i heile regionen.

Næringslivets transportbehov
Næringslivets transportbehov er eit av mine politiske hjartebarn. Skal me leve godt i heile landet vårt, må folk ha noko å leve av, og då er det ein føresetnad at næringslivet har gode konkurransevilkår. Lange avstandar og vanskeleg geografi gjer at gode transportmoglegheiter er eit overordna spørsmål, om ein produserer for eksport eller heimemarknaden.

Særleg gjeld dette Vestlandet, både pga fjordar og fjell, og næringslivet med mykje ”ferskvare” som skal reisa langt. Det er utruleg store verdiar som dagleg blir flytta på norske vegar. Mange lager finst på vegen til kvar tid. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda må vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om ho ikkje kan avløysast av fast samband etc. Næringslivet vårt har vanskelegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land. Dette må me avbøte så godt me kan, mellom anna gjennom velfungerande infrastruktur.

Me vil aldri kunne bli heilt kvitt avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrentar i land tettare på marknadane, men eg vil bidra til ein utjamning av kostnadsskilnadane slik at me framleis kan ha eit livskraftig næringsliv i utvikling. Regjeringa har allereie gjennomført ei rekkje tiltak for å gje næringslivet betre transportvilkår, og dette vil òg stå sentralt i ny NTP.

Nokre viktige prinsipp
Eg meiner eit ytterlegare løft både til veg og jernbane er naudsynt, Dei auka jernbaneinvesteringane vil naturleg nok først og fremst kome i det sentrale Austlandsområdet. Me meiner det blir urimeleg at dei områda som får den største veksten i jernbanemidlane òg skal få størst vekst i vegmidlar. Difor vil meir av veksten i statlege vegpengar kome andre stader i landet. Bondevik II-regjeringa la fram ein NTP som innebar at ein større del av vegbygginga har skjedd i Austlandsområdet, medan prosjekt i resten av landet har blitt sett på vent. Vegprosjekt som til dømes E6 i Østfold og E18 har vore viktige å få på plass, men no er tida inne for prosjekt i andre deler av landet.
Eit samla Storting står bak dette, i det vedtekne handlingsprogrammet i NTP, som no er under revisjon.

Eg er heilt klar på at dei delane av landet som ikkje har jernbane, òg må få del i ei modernisering av landet. No må me gjere eit løft for vegane også i dei delane av landet der det vareeksporterande næringslivet vårt ligg. Heile landet skal byggjast  – både i aust og vest, nord og sør.

Det har vore viktig for regjeringa å halde trykket og gjennomføre i gangsette prosjekt effektivt.
Eg ynskjer å bruke pengane mest mogleg effektivt og fullføre oppstarta prosjekt raskast råd i staden for stadig å setje i gang nye prosjekt med små midlar. Eg  kjenner meg trygg på at dette er den rette måten å bruke pengar på. Me får raskare vinst – og dermed større samfunnsnytte.

Eit viktig prinsipp for meg er differensiering mellom by og land  – at me må nytte andre verkemiddel i byane enn i distrikta. I byane må me satse på jernbane, kollektivtrafikk, innfartsparkering og ringvegar i staden for meir vegkapasitet inn i bysentra. I distrikta er vegen ofte det einaste alternativet. Me må arbeide for gul midtstripe på alle stamvegar, heile landet må få framkomelege hovudvegar – og det må satsast meir på rassikring.

Det er òg viktig at me ser veg og jernbane i samanheng. Der problem ikkje kan løysast med jernbane, må vegsatsinga aukast i staden. Det eine utelukkar ikkje det andre, me treng alle transportformer i dette landet, dei utfyller kvarandre.

Sist men ikkje minst, er eit viktig prinsipp for meg at me må føre ein transportpolitikk som tek omsyn til dei alvorlege klimaproblema me står overfor. Me må ta grep som gjer at me reddar kloden vår for barnebarna våre. Regjeringa har lagt fram Klimameldinga, som blant anna inneber at transportsektoren skal fryse utsleppa på dagens nivå fram mot 2020. Som eit ledd i dette arbeidet opprettar Regjeringa no eit eige Transnova, som skal arbeide med å utvikle meir miljøvennleg transport. I budsjettet for 2009 er det sett av 50 millionar til oppstart av dette prosjektet.

Me jobbar med tiltak på mange ulike frontar. Blant anna har me føreslått eit introduksjonsprogram for biodrivstoff med omsetnadskrav, me satsar på andregenerasjons biodrivstoff, me legg tilhøva til rette for elbilar og hybridbilar og me held fram med omlegginga vår mot meir såkalla grøne avgifter. Noreg har lege 10 år etter EU når det gjeld gjennomsnittlege utslepp for nye bilar, men i løpet av kort tid har me gjort eit kjempehopp – og no ligg me heilt i front. I 2006 sette me i verk ei miljøvenleg omlegging av eingongsavgifta. Det nye avgiftssystemet har vist seg å vere svært effektivt, og har bidrege til å redusere de gjennomsnittlige CO2-utslippene frå nyregistrerte biler frå 177 g/km i 2006 til 159 g/km i 2007 – men me stoppar ikkje der. I budsjettet for 2009 har me føreslått ei ytterlegare justering. Me vil gjere eingongsavgifta 2500 kroner dyrare per gram CO2 over 250g/km, medan me vil gjere den 500 kroner billigare per gram CO2 under 120g/km. Dette er eit av dei viktigaste miljøgrepa me gjer i årets samferdslebudsjett, og eg har stor tru på at dette vil føre til ein ytterlegare nedgang i CO2-utsleppa frå vegtrafikken. Dette er berre noko av det me gjer. Blant anna har me no gjeve el-bil gratis ferjereiser, og me har betra vilkåra for dei som ynskjer el-bil som firmabil.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Det som dominerer 2008 i Samferdsledepartementet er sjølvsagt arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2010-2019, som me legg opp til å presentere kring årsskiftet. Debatten om kor mykje det skal satsast, kva retning satsinga skal ha og kva prosjekter som skal prioriterast går no for fullt internt i dei tre regjeringspartia sine stortingsgrupper og organisasjonar, og internt i regjeringa. Noko svar på korleis dette vil bli kan me ikkje gje før me legg fram forslaget vårt for Stortinget. Noko veit me likevel. Det er ein del politikarar i salen her i dag, og eg trur me alle skal vere så ærlege at me innrømmer at fordi skiftande politiske fleirtal gjennom tiår har brukt for lite både på investeringar og vedlikehald, er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert. Og Frp som framforhandla 3 budsjett med Bondevik-regjeringa, sytte for 1 million til auka vedlikehald.

Vedlikehaldsetterlepet kan no ikkje oversjåast lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt framlegg til ny Nasjonal transportplan 2010-2019 føreslått ei klar vriding mot meir vedlikehald, og ei sterk vriding vil nok bli ståande, òg i endeleg NTP. Når det er sagt, vil eg slåss for størst mogleg rammer til sektoren også til investeringar. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Eg ynskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og til det må det meir pengar over til samferdslesektoren.

Ansvaret for øvrig riksvegnett og øvrige riksvegferjer
Stortinget har slutta seg til at ansvaret for øvrig riksvegnett og øvrige riksvegferjer skal overførast til fylka frå 1.1.2010. Overføring av dette vegnettet er ei stor reform. Store økonomiske verdiar vil bli overførte frå staten til fylkeskommunane, det gjeld både sjølve vegkonstruksjonen og fast eigedom. Fylka får gjennom denne overføringa ansvar for eit langt større vegnett enn i dag, inkludert ferjetilbodet på dette vegnettet. Slik får fylka moglegheit til å gjere heilskaplege prioriteringar mellom vegsektoren og andre sektorar. Eg er viss på at overføringa vil gje positive effektar for regional utvikling. Endeleg inndeling av vegnettet, dvs. den konkrete fordelinga mellom stamvegnett og nytt fylkesvegnett, er no på høyring – blant anna hjå fylkeskommunane. Det er lagt opp til at klassifiseringa vil bli omtala i Nasjonal transportplan.

Statens vegvesen vil bestå om lag som i dag. Oppgåver innafor trafikant- og køyretøyområdet skal framleis vere statleg som del av Statens vegvesen. Fylkeskommunane vil likevel  få sterkare innverknad på lokalisering av trafikkstasjonane. KRD vil i løpet av hausten kome med ein Odelstingsproposisjon om gjennomføring av reforma. Det vil òg kome eit eige dokument frå Samferdseseldepartementet om saka.  

Me er nøgde med statsbudsjettet me har lagt fram, og me har høge ambisjonar om ein NTP som skal svare tilfredsstillande på dei store utfordringane og oppgåvene me står overfor og som kan vere med på å byggje Noreg vidare – samstundes som me tek omsyn både til trafikksikkerheit og miljøutfordringar. Me har framleis mykje å gå på.

I møte med folk ute i landet opplever me stadig at deler av samferdselstilboda ikkje er heilt i tråd med den tida me lever i, og det er sikkert noko enkelte av dykk også føler på kroppen. Me vil, og skal, gjere alt me kan for å oppgradere samferdselstilbodet til å bli mest mogleg i tråd med den velferda me ser i resten av samfunnet.

Då gjenstår det berre for meg å takke for merksemda og ynskje dykk lukke til med dagens konferanse.