Historisk arkiv

Innlegg på lågutsleppskonferansen til miljøorganisasjonen ZERO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ingeniørenes hus, Oslo, 13. oktober 2008

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete på lågutsleppskonferansen til ZERO i Oslo, 13. oktober 2008.

Gode arrangør, inviterte gjester og tilhørarar!

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag. Konferansen blir halden i ei tid da den finansielle krisa som skakar verdsøkonomien ikkje tek fokus frå den globale miljøutfordringa! Me må heller nytte denne situasjonen til å skape ei global berekraftig utvikling! For meg er det viktig – midt i alle krava om investeringar og utbyggingar – at omsynet til miljøet alltid må stå i sentrum. Klimaendringane har gjort at me er heilt nøydde til å ta omsyn til miljøet i alt me gjer. Me har difor starta ei gradvis omlegging av transportpolitikken vår. Den  medfører at me må sjå ulike tiltak i samanheng og vere villige til å kombinere restriktive tiltak for å avgrense bilbruken med tiltak for å gjere alternativa meir attraktive.

Eg tykkjer det er viktig at omsynet til miljø og klima må gjennomsyre alt me gjer, både dei vala me som politikarar gjer, og dei vala kvar enkelt som privatpersonar gjer. Me kan ikkje seie at ”dette tek me sidan” – når det høver betre. Me må gjere noko, og me må gjere det no, slik at barnebarna våre får ein klode å arve som er i minst like god stand som den vi arva frå våre forfedrar. Eg er glad for alt som har skjedd på teknologifronten dei siste åra, blant anna når det gjeld utslepp. Forsking og framsteg er slik eg ser det ei heilt naudsynt drivkraft for å skape ei betre og meir miljøvenleg verd. Eg er heldigvis teknologioptimist, og tenkjer at når me klarte å sende folk til månen i 1969, må det vere mogleg å finne måtar å redde kloden vår på også. Fora som dette, med folk som står på for det dei brenn for, er viktige – og difor er det ei glede for meg å vere her i dag.


Klimameldinga


Samferdslesektoren har stått for ein aukande grad av utslepp siste ti-åra. Frå 1990 til 2005 auka CO2-utsleppa frå vegtransporten med over 25 prosent. Sektoren utgjer no ein fjerdedel av Noregs nasjonale utslepp. Om me ser på fordelinga av utsleppa, ser me at det er vegtrafikken som står for størstedelen av utsleppa frå sektoren.

Forskarar trur utsleppa frå vegtransport og luftfart vil auke med nær 40 prosent fram til 2020 – om me ikkje gjer noko. Dette er eit altfor høgt tal, sjølv om det er forklarleg. Den forventa veksten i utslepp skuldast i hovudsak transportvekst, eller rettare sagt økonomisk vekst, og dermed auka behov for både person- og godstransport. Men me kan ikkje sitje roleg og sjå på at utsleppsveksten held fram å auke parallelt med veksten i velstand og velferd. Den samanhengen må brytast – og den må brytast no. Å redusere utsleppa krev innsats både frå oss som er styresmakter, frå bilbransjen og frå folk flest. Regjeringa har sett følgjande mål i klimameldinga: 
 
• I 2020 skal klimagassutsleppa frå transportsektoren vere redusert med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar – samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak. Klarar me ein reduksjon på 4 millionar tonn, er det nullvekst i utsleppa frå dagens nivå.

• Noreg skal vere karbonnøytralt innan 2050

• To tredeler av utsleppsreduksjonane skal takast nasjonalt

For at me skal nå desse måla, må me gjennomføre tiltak på eit breitt spekter av område. Me må reise meir kollektivt og sykle meir, me må redusere energiforbruket per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege energiberarar. Eg er ikkje i tvil om at skal me klare å oppfylle klimalovnadane våre må me få fleire nullutsleppsbilar og lågutsleppsbilar. Folk må rett og slett fylle straum, hydrogen og andregenerasjons biodrivstoff på tanken.


Omlegginga av eingongsavgifta

Noreg har lege 10 år etter EU når det gjeld gjennomsnittlege utslepp for nye bilar, men i løpet av kort tid har me gjort eit kjempesprang – og no ligg me heilt i front. I 2006 sette me i verk ei miljøvenleg omlegging av eingongsavgifta med verknad frå 1.1.2007. Omlegginga innebar at slagvolumkomponenten i avgiftsgrunnlaget vart erstatta med ein CO2-komponent.
Systemet premierer no bilar med låge utslepp, og straffar dei med høge utslepp. Eg er glad for at det nye avgiftssystemet har vist seg å vere svært effektivt, og bidrege til å redusere de gjennomsnittlige CO2-utslippene frå nyregistrerte biler frå 177 g/km i 2006 til 159 g/km i 2007. Omlegginga har verka slik me håpa den ville gjere – men me stoppar ikkje der. I budsjettet for 2009 har me føreslått ei ytterlegare justering. Me vil gjere eingongsavgifta 2500 kroner dyrare per gram CO2 over 250g/km, medan me vil gjere den 500 kroner billigare per gram CO2 under 120g/km. Dette er eit viktig miljøgrep i årets samferdslebudsjett, som eg trur vil føre til ytterlegare nedgang i CO2-utsleppa.


Transnova

- Eg er stolt over at Transnova skal opprettast på nyåret. Dette er noko eg har kjempa for i lang tid. Det er det viktigaste tiltaket for klimaet på Samferdselsbudsjettet neste år. Eg vil gjere det mogleg å køyre bil og buss utan å forureine klimaet. Det skal gjerast ved at  fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff. Transnova skal medverke til nettopp det. Foreløpig er Transnova eit prøveprosjekt, men mitt mål er at Transnova skal gjerast til ein permanent organisasjon som arbeider med å bytte ut fossilt drivstoff med biodrivstoff, el og hydrogen.

I budsjettet har me føreslått 50 millionar kroner til denne etableringa. Løyvinga skal vidareførast på minst same nivå òg i 2010 og 2011.
Transnova skal gje økonomiske tilskot til prosjekt som fremmar nye og meir miljøvennlege transportløysingar. Tilskota skal rettast mot transportløysningar som har stort klimapotensiale på lengre sikt, men som per i dag av ein eller annan grunn ikkje bryt gjennom i marknaden. Hindringane kan vere strukturelle, kunnskapsmessige eller økonomiske. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Transnova vil vere å bidra til auka bruk av alternative drivstoff som elektrisitet, andregenerasjons biodrivstoff og hydrogen, ved å gjere lågutsleppsløysingane betre kjent og meir tilgjengelege. Transnova vil kunne gje tilskott til mellom anna pilotanlegg for produksjon av alternative drivstoff og fyllestasjonar for alternative drivstoff

Det er Vegdirektoratet si teknologiavdeling i Trondheim som skal administrere Transnova.


Alternative drivstoff og energikjelder

Regjeringa ønskjer at Noreg skal ligge i front på elbilar og plug-in hybridbilar. I tida framover ser eg for meg ei storstilt elektrifisering av transportsektoren, der transporten går frå å vere skitten til å bli rein. I budsjettet vårt for 2009 føreslår me å auke Renergi-løyvingane, altså dei indirekte løyvingane våre til FoU innan alternative drivstoff, med 15 millionar, som er 45% opp frå i fjor.
Ein stor del av løyvingane har gått til å støtte demonstrasjonsprosjekt, som til dømes Hydrogenvegen mellom Stavanger og Oslo. I 2008 gjekk støtte frå programmet til viktige prosjekt som skal fremje utvikling og bruk av biodrivstoff.

Biodrivstoff

Me har også gjort andre framstøyt for biodrivstoff siste tida.

• Me har gitt avgiftsfritak på biodrivstoff

• Me har sørgd for 10 000 kr i rabatt på E85-biler

• Me er pådrivarar i det europeiske arbeidet med å få på plass ei sertifiseringsordning for berekraftige biodrivstoff

Eg har fått ei utfordring frå Zero om biodrivstoff på skip og ferjer. Eg er positiv til å setje i gang prøveprosjekt så sant det er praktisk og teknisk muleg. I høve skipsfarten må eg involvere min kollega i Nærings- og handelsdepartementet. Det er viktig at næringa sjølv tek ansvar for å få ned utsleppa frå ein sektor som i dag har svært høge utslepp.

Elbilar

Noreg har eit stort potensiale når det gjeld elektrifisering av transportsektoren. For det første har me god tilgang på fornybare energikjelder. Det er spesielt for Norge at me har fornybar elektrisitet frå vasskraft. Andre land har elektrisitet frå kolkraft og atomkraft. Med ”norsk straum på tanken” kan ein bil bli heilt utsleppsfri. Difor vil regjeringa byggje ut fornybar elektrisitet i åra framover – vasskraft og vindkraft. Bussar i byane, bilar (og også lastebilar) vil gå over på el dei næraste åra. Det er spådd høge oljeprisar også i framtida – det gjer at fleire, også av økonomiske grunnar, vil velje el som drivstoff.

 For det andre har me framståande elbilprodusentar Eg har også lyst å framheve Think – som har spelt og spelar ei viktig rolle for at Noreg skal ligger i front på elbilområdet. Me har all grunn til å vere stolte av at me har ein produsent her til lands som er verdsleiande på reine elbilar og er heilt i tet på teknologiutvikling.

For det tredje - me har sterke verkemiddel til rådvelde. 

Elbilen er gitt ein rekkje fordelar som gjer dei meir attraktive

Elbilane er fritekne frå eingongsavgift og årsavgift

• Elbilane har tilgang til kollektivfelt

• Elbilane har gratis offentleg parkering og gratis passering gjennom bomring på offentleg veg

• Nylig innførte me dessutan gratis ferjeturar for elbilane på riksvegferjer

• I statsbudsjettet for 2009 er det foreslått å gjere firmabil-skattlegginga for elbil meir gunstig. Frådraget for elbil blir dobla, ved at det aukar frå 25 til 50 prosent.
Det er eit godt døme på korleis Regjeringa me heile tida jobbar med å betre rammevilkåra for slike køyretøy.

 
Eg er oppteken av å få fram at elbilen ikkje berre er eit storbyfenomen, slik mange verkar tru, men eit fullgodt alternativ også på mindre stader. Her har eg faktisk lyst å framheve min eigen heimkommune. Lærdal kommune har no ein elbil på prøve i heimetenesta. Om dette blir vellukka, vil dei utvide med fleire elbilar. Eit døme til etterfølging!

Hydrogenbilar

Me gjer også grep for å gjere hydrogenbilane meir attraktive

• Hydrogenbilar med brenselceller har fått fritak frå eingongsavgift og årsavgift

• Hydrogenbilar med forbrenningsmotor har fritak frå eingongsavgift

• Alle hydrogenbilar har fått tilgang til kollektivfelt – og..

• Gratis parkering på offentlige parkeringsplassar og gratis passering gjennom bomring på offentlig veg – dette siste er nytt i dag, og nok eit døme på at me freistar å betre rammevilkåra for desse køyretøya.

Eg er stolt av at Mazda har vald å  levere hydrogenbiler  til Noreg, som det første landet utanfor Japan. Eg vil nytta anledninga til å takke Mazda og Kashiwagi-san (som er til stades i dag) for det. Noreg har komen langt på utbygging av hydrogeninfrastruktur.  Samferdselsdepartementet har løyvd 48 mill kroner i 2009-budsjettet til RENENERGI-programmet administrert av Noregs Forskningsråd. Dette programmet har støtta aktivt opp om hydrogensatsinga i Noreg. Det er og eit viktig tilskott til næringsutvikling.

To Mr Kashiwagi-san and Mazda:

On behalf of the Norwegian government and myself I would like to express our sincere pride and gratitude to you for choosing Norway as the first market outside Japan to launch hydrogen cars. Norway has come a long way in developing and implementing an hydrogen infrastructure.  This will also be an important part of local business development in the future.


Restriktive tiltak

Som eg var inne på innleiingsvis, det må både pisk og gulrot til. Eller sagt på ein annan måte: For å få bukt med utsleppa, må det også restriktive tiltak til. Difor har eg prøvd få i gang ein debatt kring køprising. I Stockholm har dei innført køprising. Erfaringa er at opprusting av kollektivtransporten i forkant berre gav ei heilt marginal endring av reisemønsteret. Det var først då køprisinga kom på plass at folk byrja ta kollektiv i staden for bilen. Det igjen gav heilt eintydige resultat: trafikken innanfor ringen blei redusert med ca. 14 prosent. I regionen utanfor ringen vart det ein reduksjon på fire prosent. Reduksjonen i vegtrafikken førte til 14 prosent reduksjon av CO.2-utslepp, ni prosent reduksjon av partikkelutslepp og åtte prosent reduksjon i NOX-utslepp. Bilane brukte 30–50 prosent mindre tid i kø. Ergo: ein dramatisk positiv effekt. Eg tykkjer dette er viktig lærdom, og eg tykkjer det er flott at NHO, LO og aktørane i transportbransjen støttar opp om køprising som eit verkemiddel også i Noreg.

Eg er glad for at Tromsø og Kristiansand vil utgreie spørsmålet om køprising, eller rushtidsavgift. Men også andre norske byer bør vurdere dette. Målet er ikkje å gjere det dyrare og vanskelegare for folk. Målet er å få trivelegare og meir velfungerande byar, redusere miljøbelastingane og betre framkoma for folk og næringsliv.
Ein heilt klar føresetnad for dette systemet er et sterk satsing på kollektive reisemåtar.

Både kapasitet og frekvens må aukast. i budsjettet er det signalisert at tildeling av midlar til Belønningsordninga for kollektivtrafikk i byane vil legge vekt på å støtte opp om områder som sjølve tek tak, også i dei restriktive verkemidlane.

Eg prøver få folk til å fokusere meir på dei positive moglegheitene som finst dersom me i dag tek dei rette vala. I alt for stor grad tykkjer eg ofte debatten startar i motsatt ende: kva vil dette koste og kven vil rammast? Debatten burde vere omvendt. Kva vil det koste oss om me ikkje tek dei modige vala? Kva vil det bety for framkome, framtidig investeringsbehov, luftkvalitet – og framtida til barnebarna våre? Eg trur køprising vil redusere køane og tidsbruken i trafikken og gjere alternative former for transport, som gange, sykkel, kameratkøyring, kollektivtrafikk, meir attraktivt. Dessutan vil det vere med å finansiere eit betre kollektivtilbod og fleire og betre gang- og sykkelvegar.


Jernbanesatsing


Når eg står her og snakkar om ei miljøvenleg omlegging av transportsektoren er det umogleg for meg å ikkje nemne jernbanesatsinga vår, sjølv om det er litt på sida av det de driv mest med. Budsjettframlegget for Jernbaneverket i 2009 er det beste jernbanebudsjettet i moderne tid – om ein ser bort frå dei åra der statlege lån til utbygging av Gardermobana var på sitt høgaste. Samla budsjettframlegg for Jernbaneverket ligg om lag 1,2 mrd. kr over det årlege nivået i inneverande transportplan. Auka i driftsmidlar er på 12,1 pst. frå saldert budsjett 2008. Når det gjeld investeringar, er det budsjettert med ei auke på heile 36,2 pst. frå saldert budsjett 2008 – og då var løyvingane til investering i jernbane alt auka med 50% frå nivået under førre regjering.

Avslutning

Eg tykkjer årets statsbudsjett viser at me verkeleg gjennomfører ei gradvis omlegging av transportpolitikken, med stadig større ”grønt fokus”. Me brukar økonomiske verkemiddel og reguleringar for å endre folks forbruksvanar. Eg trur me vil sjå heilt konkrete effektar av dei grepa me no gjer. For å kunne gjere endå meir i framtida, er me avhengige av gode innspel frå samarbeidspartnarar som dykk. Eg har diverre ikkje høve til å vere med på heile konferansen, men eg har flinke folk frå Samferdselsdepartementet i salen som vil følgje med for meg. ”Tenkje globalt – handle lokalt” er ein god leveregel. Skal me evne å oppnå resultat må med alle samla og kvar for oss gjere dei rette vala.

Me må òg sjå klimautfordringane i eit globalt perspektiv

Takk for meg og lukke til med denne viktige konferansen!