Historisk arkiv

Innlegg på møte om elektrifisering av transportsektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Oslo, 8. desember 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på møte om elektrifisering, Oslo, 8. desember 2008.

Godtfolk!

Tusen takk for at de har teke turen hit i dag, det er flott å sjå at så mange hadde høve til å kome. Det er ei stor og viktig oppgåve som ligg framfor oss når det elektrifisering av transportsektoren, og det er heilt naudsynt at alle aktørar, anten det er miljøorganisasjonar, styresmakter eller bilbransjen, dreg lasset saman. Eg har invitert dykk hit i dag for å bidra til slikt samarbeid, og eg trur dette vil bli eit nyttig møte for alle partar.

Me er for tida inne i ei finansiell krise som skakar verdsøkonomien, men eg er oppteken av at me må klare å ha to tankar i hovudet samstundes. Klimakrisa må ikkje ta fokus vekk frå den globale miljøutfordringa vi står overfor. I desse dagar går FNs klimaårsmøte av stabelen i Poznan i Polen og her på heimebane har eg i dag invitert dykk til dette møtet om korleis vi kan jobbe saman for å få størst mogleg del av bilparken vår til å gå på elektrisitet. Alle store og små tiltak som kan hjelpe må takast i bruk, eg trur det no er naudsynt at alle gode krefter dreg saman for å få gjennomført ei storstilt elektrifisering av transportsektoren. Eg vil rett og slett at 2009 skal bli eit år som står i elektrifiseringa sitt teikn.

Transportsektoren har stått for ein aukande grad av utslepp siste tiåra og utgjer no ein fjerdedel av Noregs nasjonale utslepp. Fram mot 2020 vil utsleppa frå vegtransport og luftfart auke kraftig dersom vi ikkje gjer noko. Regjeringa har i klimameldinga som målsetjing at klimagassutsleppa frå transportsektoren i 2020 skal vere redusert med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar – samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak. Noreg skal vere karbonnøytralt innan 2050 og to tredeler av utsleppsreduksjonane skal takast nasjonalt.

For at me skal nå desse måla, må me gjennomføre tiltak på eit breitt spekter av område. Regjeringa har blant anna lagt fram tidenes beste jernbanebudsjett, me har gjennomført ei særs vellukka omlegging av eingongsavgifta på nye bilar, me har dobla Belønningsordninga for kollektivtrafikk og me har starta debatten om køprising. Neste år opprettar me også eit eige Transnova som gjennom økonomisk stønad og rådgjeving skal bidra til at fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff som elektrisitet, andregenerasjons biodrivstoff og hydrogen. Eg er ikkje i tvil om at skal me klare å oppfylle klimalovnadane våre må me få fleire nullutslepps- og lågutsleppsbilar. Det er ikkje bilen i seg sjølv som forureinar – men drivstoffet. Difor må me ha fokus på å gjere noko med drivstoffet.

Noreg har eit stort potensiale for elektrifisering. For det første har me god tilgang på fornybare energikjelder. I den norske kraftsektoren er delen av fornybare kjelder svært høg samanlikna med andre europeiske land. Det er spesielt for Noreg at me har fornybar elektrisitet frå vasskraft, med ”norsk straum på tanken” kan ein bil bli heilt utsleppsfri. Regjeringa vil difor byggje ut fornybar elektrisitet som vasskraft og vindkraft. Det er spådd høge oljeprisar også i framtida – det gjer at fleire, også av økonomiske grunnar, vil velje el som drivstoff.

Prisen på el er under halvparten av prisen på bensin og diesel - målt etter energiinnhald. Elbilar som går på fornybar elektrisitet gir null utslepp av CO2, og har heller ikkje lokale utslepp. I tillegg er el-motoren svært energieffektiv. Energieffektiviteten frå "tank til hjul" er 80 prosent i ein el-motor. Til samanlikning er den på mellom 20-30 prosent i ein forbrenningsmotor som brukar bensin eller diesel.

Me har også framståande elbilprodusentar som Think – som har spelt og spelar ei viktig rolle for at Noreg skal ligger i front på elbilområdet, og eg tykkjer me har all grunn til å vere stolte av at me har ein produsent her til lands som er verdsleiande på reine elbilar og er heilt i tet på teknologiutvikling.

Me som styresmakter har sterke verkemiddel til rådvelde – og me brukar dei. Elbilen er gitt ein rekkje fordelar som gjer dei meir attraktive. Dei er fritekne frå eingongsavgift og årsavgift, dei har tilgang til kollektivfelt, dei har gratis offentleg parkering og gratis passering gjennom bomstasjonar. Nylig innførte me dessutan gratis ferjeturar for elbilane på riksvegferjer. I statsbudsjettet for 2009 er det foreslått å gjere firmabilskattlegginga for elbil meir gunstig. Frådraget for elbil blir dobla frå 25 til 50 prosent, eit godt døme på korleis regjeringa heile tida jobbar med å betre rammevilkåra for slike køyretøy.

I tida framover vil eg mellom anna ta kontakt med dei nordiske kollegaene mine for å sjå om me kan samarbeide på området. Eg meiner kommunane og staten må gå framføre i å gå over til elektriske køyretøy, og eg vil samarbeide med bilbransjen, forskingsmiljøa, energibransjen og fleire om ein plan for elektrifisering av transportsektoren.

I Noreg hadde vi om lag 1500 elbilar i 2007. Veksten ser ut til å auke framover – tal frå Opplysningsrådet for Vegtrafikken viser at salet av elbilar er tilnærma dobla frå november 2007 til november 2008.

I dag er elbilen først og fremst eit alternativ for familiar som ynskjer å erstatte bil nr.2, eller for dei som brukar bil over kortare distansar, til dømes i storbyar. Utviklinga av betre batteri, større bilar og betre infrastruktur vil bidra til å auke bruksområda til elbilane framover, noko eg er sikker på vil gjere at en vil sjå fleire elbilar på vegane i tida som kjem. I tillegg vil me nær framtid få eit inntog av såkalla plug-in-hybridar, som kombinerer kraft frå el-motor og kraft frå ein ekstra motor. Denne ekstra motoren kan til dømes gå på konvensjonelt drivstoff, biodrivstoff, eller hydrogen. At bilbransjen satsar på elbilar og plug-in-hybridar er ein sterk drivar for utviklinga av den viktige batteriteknologien. 

Aftenposten har tidligare skildra Oslo som verdas elbilhovudstad. Eg er òg glad for å sjå at Trondheim verkeleg satsar på elbilar, og tykte det var gledeleg å få  nyhenda om at Trondheim kommune har sett seg som mål å etablere 300 ladeplassar for elbilar innan 2011. Nylig var eg i Trondheim og såg den første eltaxien. Eg er sikker på at eltaxien vil gjere elbilane enda meir populære blant folk flest.

Eg håpar og trur tiltaka som er kan vere med på å gjere elbilen endå meir attraktiv og aktuell for alle miljøbevisste nordmenn – også utanom storbyane.

Eg er oppteken av at me raskt skal få opp ei skildring av kva som skal til av innsats frå dei ulike aktørane for å få til ei storstilt elektrifisering av transportsektoren. Eg eller regjeringa sit ikkje på svaret åleine. Her er det mange som må bidra.

Difor vil eg be dei ulike aktørane – frå bilprodusentane, energinæringa, teknologimiljøa, forskingsrådet, miljøorganisasjonane, kommunesektoren med fleire om å setje seg saman for å utarbeide ein plan for korleis bidrag frå mange kan få fart på arbeidet med elektrifisering. Eg vil be EBL om å leie arbeidet i ei slik gruppe og om mogleg vil eg ha ein slik første plan klar allereie i mars-april. Me har inga tid å miste!

Eg skal ikkje snakke så veldig lenge i dag, eg er mest oppteken av å høyre kva de har av meiningar og tankar kring dette temaet. Målet mitt med dette møtet er å få konstruktive innspel som gir grunnlag for eit godt samarbeid mellom oss som styresmakter og dykk som bransje – noko som igjen skal bidra til at flest mogleg skal kunne køyre bil utan å forureine klimaet. Det gler eg meg til å jobbe saman med dykk for å få til. Takk for meg!