Historisk arkiv

Innlegg på Schenkerforum 30.10.2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på Schenkerforum, 30. oktober 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Schenkerforum
30. oktober 2008

Gode arrangør, inviterte gjester og tilhørarar!

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag. Eg tykkjer det er flott at de i Schenker satsar på å halvere klimagassutsleppa dykkar innan 2020. I fjor var eg med på ei markering då de gjekk over til biodiesel på bilane dykkar, og at de prioriterer miljø i den daglege drifta dykkar.

Det siste eg las var at de kursar sjåførane dykkar i økokøyring. Det aller beste er at det verkar til å vere eit krav frå kundane om meir miljøvenlege løysingar. Det er som musikk i samferdselsministerens øyrer, og eg tykkjer de er eit førebilete på området. Det håpar eg de vil halde fram med å vere – at ikkje finanssituasjonen på noko vis fører til mindre fokus på miljø og klima. Eg trur det er heilt avgjerande at me no klarar ha fokus på begge desse to store og verdsomspennande utfordringane samstundes.

For meg er det viktig – midt i alle krava om investeringar og utbyggingar – at omsynet til miljøet alltid må stå i sentrum. Me må sjå ulike tiltak i samanheng og vere villige til å kombinere restriktive tiltak for å avgrense bruken av bil med tiltak for å gjere alternativa meir attraktive.

Klimameldinga
Samferdslesektoren har stått for ein aukande grad av utslepp siste tiåra, og me trur utsleppa frå vegtransport og luftfart vil auke kraftig fram til 2020 – om me ikkje gjer noko. Regjeringa har difor sett seg følgjande mål i klimameldinga:

• I 2020 skal klimagassutsleppa frå transportsektoren vere redusert med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar – samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak. Klarar me ein reduksjon på 4 millionar tonn, er det nullvekst i utsleppa frå dagens nivå.
• Noreg skal vere karbonnøytralt innan 2050
• To tredeler av utsleppsreduksjonane skal takast nasjonalt

For at me skal nå desse måla, må me gjennomføre tiltak på eit breitt spekter av område, og det skal eg no snakke litt meir om.

Omlegginga av eingongsavgifta
Avgiftsregulering er eit effektivt verkemiddel me nyttar oss av. Noreg har lege 10 år etter EU når det gjeld gjennomsnittlege utslepp for nye bilar, men i løpet av kort tid har me gjort eit kjempesprang – og no ligg me heilt i front. I 2006 sette me i verk ei miljøvenleg omlegging av eingongsavgifta med verknad frå 1.1.2007. Omlegginga innebar at slagvolumkomponenten i avgiftsgrunnlaget vart erstatta med ein CO2-komponent. Systemet premierer no bilar med låge utslepp, og straffar dei med høge utslepp. Eg er glad for at det nye avgiftssystemet har vist seg å vere svært effektivt, og bidrege til å redusere dei gjennomsnittlege CO2-utsleppa frå nyregistrerte biler frå 177 g/km i 2006 til 159 g/km i 2007. I budsjettet for 2009 har me føreslått ei ytterlegare justering. Me vil gjere eingongsavgifta 2500 kroner dyrare per gram CO2 over 250g/km, medan me vil gjere den 500 kroner billigare per gram CO2 under 120g/km. Dette er eit grep eg trur vil føre til ytterlegare nedgang i CO2-utsleppa.

Transnova
Transnova har eg kjempa for i lang tid, og eg er stolt over at det no skal opprettast på nyåret. Denne etableringa er det viktigaste tiltaket for klimaet på samferdselsbudsjettet neste år. Målet mitt er å gjere det mogleg å køyre bil og buss utan å forureine klimaet. Det skal me få til ved at  fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff, noko Transnova skal medverke til. Førebels er Transnova eit prøveprosjekt, men eg vil at Transnova skal bli ein permanent organisasjon som arbeider med å bytte ut fossilt drivstoff med biodrivstoff, el og hydrogen.

I budsjettet har me føreslått 50 millionar kroner til denne etableringa. Løyvinga skal vidareførast på minst same nivå òg i 2010 og 2011. Transnova skal gje økonomiske tilskot til prosjekt som fremmar nye og meir miljøvennlege transportløysingar som har stort klimapotensiale på lengre sikt, men som i dag på grunn av strukturelle, kunnskapsmessige eller økonomiske hindringar ikkje har brote gjennom i marknaden endå. Det er Vegdirektoratet si teknologiavdeling i Trondheim som skal administrere Transnova.

Alternative drivstoff og energikjelder
I budsjettet vårt for 2009 føreslår me å auke Renergi-løyvingane, altså dei indirekte løyvingane våre til FoU innan alternative drivstoff, med 15 millionar. Det er 45% opp frå i fjor. Ein stor del av løyvingane har gått til å støtte demonstrasjonsprosjekt, som til dømes Hydrogenvegen mellom Stavanger og Oslo. I 2008 gjekk støtte frå programmet til viktige prosjekt som skal fremje utvikling og bruk av biodrivstoff.

Me har også gjort andre framstøyt for biodrivstoff siste tida. Me har gitt avgiftsfritak på biodrivstoff, me har sørgd for 10 000 kr i rabatt på E85-biler – og me er pådrivarar i det europeiske arbeidet med å få på plass ei sertifiseringsordning for berekraftige biodrivstoff

Noreg har eit stort potensiale når det gjeld elektrifisering av transportsektoren. For det første har me god tilgang på fornybare energikjelder. For det andre har me framståande elbilprodusentar, som Think. For det tredje har me sterke verkemiddel til rådvelde. 

Både elbilane og hydrogenbilane er gitt ein rekke fordelar som gjer dei meir attraktive, som ulike grader av avgiftsfritak, gratis bompassering, gratis parkering, tilgang til kollektivfelt, auka frådrag for firmabil osv - utan at eg skal gå nærare inn på dei her i dag.

Restriktive tiltak
Som eg var inne på innleiingsvis, det må både pisk og gulrot til. Eller sagt på ein annan måte: for å få bukt med utsleppa, må det også restriktive tiltak til. Difor har eg prøvd få i gang ein debatt kring køprising. I Stockholm har dei innført køprising. Erfaringa er at opprusting av kollektivtransporten i forkant berre gav ei heilt marginal endring av reisemønsteret. Det var først då køprisinga kom på plass at folk byrja ta kollektiv i staden for bilen. Reduksjonen i vegtrafikken førte til 14 prosent reduksjon av CO.2-utslepp, ni prosent reduksjon av partikkelutslepp og åtte prosent reduksjon i NOX-utslepp. Bilane brukte 30–50 prosent mindre tid i kø. Ergo: ein dramatisk positiv effekt. Eg tykkjer dette er viktig lærdom.

Eg tykkjer det er flott at NHO, LO og aktørane i transportbransjen støttar meg i at køprising kan vere eit godt verkemiddel også i Noreg. Eg er òg glad for at Tromsø og Kristiansand vil utgreie spørsmålet om køprising, men også andre norske byer bør vurdere dette. Målet er ikkje å gjere det dyrare og vanskelegare for folk. Målet er å få trivelegare og meir velfungerande byar, redusere miljøbelastingane og betre framkoma for folk og næringsliv.

Ein heilt klar føresetnad for eit slikt system er ei sterk satsing på kollektive reisemåtar. Både kapasitet og frekvens må aukast. I budsjettet er det signalisert at tildeling av midlar til Belønningsordninga for kollektivtrafikk i byane vil legge vekt på å støtte opp om område som sjølve tek tak, også i dei restriktive verkemidlane.

Næringslivets transportbehov
No har eg snakka ein del om miljøtiltaka våre. Sjølv om dagens tema er miljø, har eg også lyst å nytte det at eg er her med dykk i dag til å snakke litt om eit av mine politiske hjartebarn, næringslivets transportbehov. Lange avstandar og vanskeleg geografi gjer at gode transportmoglegheiter er eit overordna spørsmål, om ein produserer for eksport eller heimemarknaden.

Det er store verdiar som dagleg blir flytta rundt på norske vegar. Mange lager finst på vegen til kvar tid. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda må vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om ho ikkje kan avløysast av fast samband etc. Næringslivet vårt har vanskelegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land. Dette må me avbøte så godt me kan, mellom anna gjennom ein velfungerande infrastruktur. Eg er oppteken av at me må ha ein rutevis gjennomgåande standard mellom by og land, tettbygde og meir grisgrendte strok. Det er òg viktig med velfungerande korridorar til (omlastings) terminalar, knutepunkt og eksportmarknadane i utlandet.

Eg vil òg bidra til ”smartare” godstransport og logistikkløysingar som vil gje næringslivet konkurransefortrinn og bidra til meir effektiv og miljøvenleg transport. I 2007 etablerte me difor i 2007 det såkalla SMARTRANS-programmet i regi av Norges Forskingsråd, eit program som skal gå fram til 2013. For 2009 har me løyva 21 millionar til programmet. Eg er glad for at det verkar vere aukande vilje i næringslivet til å medverke aktivt og økonomisk for å skape gode prosjekt saman med oss. Eg har òg tru på auka bruk av ITS for å effektivisere logistikken, utan at eg vil bruke mykje tid på å snakke om det no.

Me har systematisk arbeidd for å auke kapasiteten og effektiviteten for godstransport på jernbana, mellom anna gjennom auka innsats i høve til terminalutvikling, bygging av kryssingsspor og auka aksellast.

Då eg kom inn i kontora blei eg fortalt at dei særnorske reglane for vogntog gjekk ut på dato og at det var dødfødt å kjempa for å få dei vidareført. Eg er veldig stolt av at vi saman klarde å overtyda EU-kommisjonen at det var klokt, mellom anna av trafikksikkerheitsomsyn, at vi fekk lov å vidareføre våre vogntog. Næringa sparte og store summar på dette.

Eg har og vore opptatt av å løfte fram den viktige rolla logistikknæringa har for heile samfunnet og få fram kor mykje bra som gjerast i høve til mellom anna trafikktryggleik og miljø. Eg er stolt av transportnæringa og tykkjer det er viktig å ta godt vare på alle dei tusenar som kvar dag gjer ein kjempejobb, og som landet vårt er så avhengige av. 

Særlig langtransportsjåførane kan ha ein tøff kvardag. Eg er oppteken av at vi gjer meir for å gjera deira kvardag enklare. Det handlar om framkome, betre vedlikehald, trafikktryggleik og betre drift av vintervegane. Eg meiner likevel det og må gjerast langt meir for at dei skal få betre arbeidstilhøve også når dei ikkje er på sjølve vegen. Som ein del av det NTP arbeidet som nå går er det difor starta eit systematisk arbeid med å kartleggje behovet og planleggje nye raste- og kvileplassar for tungtransporten.

Jernbanesatsinga
Eit av dei viktigaste tiltak for næringslivets transportar i årets statsbudsjett er satsinga på å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. I statsbudsjettet for 2009 er om lag 580 millionar kroner sette av til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru og midlar til kryssingsspor på Østfold-, Gjøvik- og Sørlandsbanen og fleire andre tiltak for å auke kapasiteten på jernbanenettet. Dette vil òg stå sentralt i ny NTP.

Budsjettet for 2009 er eit godt miljøbudsjett blant anna fordi budsjettet for Jernbaneverket er det beste i moderne tid – om ein ser bort frå dei åra der statlege lån til utbygging av Gardermobana var på sitt høgaste. Samla budsjettframlegg for Jernbaneverket ligg om lag 1,2 mrd. kr over det årlege nivået i inneverande transportplan. Auka i driftsmidlar er på 12 pst. frå saldert budsjett 2008. Når det gjeld investeringar, er det budsjettert med ei auke på heile 36 pst. frå saldert budsjett 2008. Slik ser dette ut – om me samanliknar med førre regjering.

Avslutning
Eg tykkjer årets statsbudsjett viser at me verkeleg gjennomfører ei gradvis omlegging av transportpolitikken, med stadig større ”grønt fokus”. Me brukar økonomiske verkemiddel og reguleringar for å endre folks forbruksvanar. Eg trur me vil sjå heilt konkrete effektar av dei grepa me no gjer. Men styresmaktene kan ikkje redde miljøet åleine, me er særs avhengige av at de i næringslivet er aktive og pådrivarar for meir miljøvenleg transport. Eg vil avslutte der eg starta, med ein hjarteleg tak til Schenker for at de set miljøet i framsetet. Det håpar eg de vil halde fram med, og eg ser fram til å samarbeide med dykk også i framtida.

Takk for meg og lukke til med denne viktige konferansen!