Historisk arkiv

Innlegg på seminar om Nasjonale turistvegar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på seminar om Nasjonale turistvegar, Oslo, 11. juni 2008.

Godtfolk!

Hjarteleg velkomen, det er stas å sjå dykk her i dag.

Eg har vel ei gong sagt noko om at eg gjerne skulle vore reiselivsminister. Norsk reiseliv er eit område eg brenn for, men det er òg eit viktig satsingsområde for regjeringa. I fjor haust la me fram reiselivsstrategien vår, der visjonen er ”verdfulle opplevingar”. Der er satsinga på turistvegane særleg omtalt. I dag har eg invitert dykk hit for å snakke meir om dette prosjektet, og korleis me kan ta det heilt i mål.

Turistvegvisjonen
Visjonen bak kjempeløftet Nasjonale Turistvegar er å styrke Noreg som reisemål. Me må gje den vegfarande turisten minnerike opplevingar, tilrettelagte stopp med spennande innhald, samt gode høve til å utforska natur og kultur. Målet med alt dette er at turistvegsatsinga skal medverka til busetnad og næringsliv i heile landet.

Målet er at turistattraksjonen Nasjonale turistvegar skal kunna marknadsførast samla frå 2012, og at ein fullført attraksjon skal vere på plass innan utgangen av 2015. Det skal vere kvalitet i alle ledd. Køyreturen, rasteplassane, informasjonssystemet, vertskapet, maten, overnattingane, aktivitetane og opplevingane – alt skal vere på topp.

Den norske måten
Det finst erfaringar med dette frå land som Tyskland, Frankrike, Skottland og USA. Alle har sin måte å gjere det på. Dette er vår måte  – tilpassa vårt særpreg.
 
Eit av måla med dei nasjonale turistvegane i Noreg er at dei skal bli noko nytt å fortelja om. Frå andre turistvegland var meldinga klar – sats på den unike og ekte norske naturen, og vekk oppdagaren i den kulturbevisste og kunn¬skapsrike turisten. Folk vil lære noko, folk vil oppleve noko.

Det er svært gledeleg at turistvegarkitekturen vår får positiv merksemd i nasjonal og internasjonal presse, i svensk TV og i tilknyting til vandreutstillinga Detour (Omveg). Denne har så langt besøkt Berlin, Nice, Paris, Brüssel og Stockholm, med London som neste adresse.
Dette er særs verdfull reklame for prosjektet.

Satsinga har også fått fleire prisar
Eg òg glad for alle prisane og utmerkingane turistvegprosjektet har fått. Det byrja allereie i 1198 med Statens byggeskikkpris. I 2006 vart Stegasteinanlegget kåra til Årets anlegg. Sohlbergplassen har blitt heidra med Betongtavlen, og turistvegprosjektet har fått Norsk Kulturarvs ærespris 2007 for det målretta arbeidet med å skapa kulturarv for framtida.
Alt dette tykkjer eg syner kor viktig dette arbeidet er.

Det meste ved dette prosjektet er godt gjennomtenkt, noko eg tykkjer folka bak prosjektet fortener all mogleg honnør for. Særleg er eg glad for at ein har vald å bruke dei dyktigaste fagfolka i landet. Turistvegsatsinga handlar om statleg arkitekturpolitikk i praksis. Det er eit bevisst val å gje nye formgivarar og unge eldre krevande oppdrag som gir store utviklingsmoglegheiter – og internasjonal merksemd

Forbetringspotensiale
No er ikkje alt berre rosenraudt. For Noreg sitt omdømme internasjonalt er turistane sine møte med Gjendeosen, Vøringsfossen og Trollstigplatået svært så viktige. I dag er ikkje møta med desse heilt som dei burde vere.

Turistvegprosjektet i Statens vegvesen har teke jobben med å utvikle planar for å foredle dei naturskapte ikonpunkta langs turistvegane. Her gjeld dei same klare kvalitetskrava og ambisjonane som for satsinga elles.

Gjennomføringa er heilt avhengig av forpliktande innsats i form av pengar, sidan denne foredlinga overgår veg¬vesenet og Samferdselsdepartemen¬tet sine ressursar til turistvegsatsinga.

Det er planlagt om lag 1,2 mrd. statlege kroner – fordelt på 1656 km – 18 strekningar og 270 turistvegstopp. Dette er irekna medfinansiering av dei ti største attraksjonane, kostnadsrekna til i overkant av 400 millionar kroner. Om lag 40 % av dette er turistvegmidlar.

Dei to største - Trollstigplatået og Vøringsfossen – utgjer nærare halvparten av dette. Om lag 1/3 av dette er tenkt finansiert med turist¬vegmidlar. Samferdselsdepartementet har både i 2007 og 2008 løyvd 100 mill.kr. årleg. Vi har såleis følgt opp det nivået som må til i åra framover for at turistvegane skal kunne stå ferdig i 2016. I forslaget til NTP 2010 – 2019 følgjer Statens vegvesen opp denne prioriteringa, noko eg vil ta stilling til i arbeidet med den endelege nasjonale transportplanen.

Det er likevel ikkje mogleg å gjennomføre dei nasjonale ikonpunkta utan eit felles løft. Fylka og kommunane må prioritera og delta alt dei maktar – men det er heller ikkje nok. Det er heller ikkje rett, når det trass alt er nasjonale trafikktrekkarar det er snakk om. I lys av vår felles reiselivsstrategi vil eg difor oppfordre også andre departement til å delta i arbeidet med å få oppgradert reiselivsikona til eit nivå som er oss verdig.

Turistvegprosjektet er eit prosjekt alle involverte har grunn til å vere stolte av. Det gir turistar frå heile verda lyst til å vitje oss. For at me skal kunne fullføre dette prosjektet best mogleg, må endå fleire på banen, og alle må bidra endå meir enn i dag. Eg håpar og trur denne konferansen vil bli starten på ein vellukka innspurt i Turistvegprosjektet.