Historisk arkiv

Innlegg på seminaret til ”Nei til frontkollisjoner”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

5.mars 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg på seminaret til ”Nei til frontkollisjoner” i Stavanger, 5.mars 2008. Tema var regjeringa si satsing på trafikktryggleik og midtrekkverk.

Kjære alle saman!

Først vil eg få takke for invitasjonen til å kome hit til dykk i dag. For meg er det ingen tvil om at det er viktig med folkeleg engasjement i trafikktryggleiksarbeidet og – ikkje minst – at det er viktig å lytte til dei pårørande, ikkje grave seg ned i statistikk og samfunnsøkonomiske utrekningar. Vi treng å sjå enkeltmenneska bak alle tal og statistikkar. Ingenting av det eg arbeider med er viktigare for meg enn å gjere trafikken tryggare for trafikantar av alle slag. Fora som dette, der me kan møtast og utveksle erfaringar, tankar og synspunkt, er noko eg set pris på.

Trafikkulukker er eit særs alvorleg samfunnsproblem som rammar uventa, hardt og ofte vilkårleg. For dei fleste verkar det likevel som noko fjernt og uverkeleg å verte utsett for ei alvorleg trafikkulukke. Det er gjerne fyrst når me sjølve eller nokon som står oss nær vert råka at me skjønar at dette er noko som kan ramme oss alle – og kor brått og brutalt det skjer. Eg har stor medkjensle med alle som sjølv har blitt utsett for ei ulukke, eller har mista nokon på norske vegar. Å miste nokon som står ein nær er det verste som kan skje oss menneske, det kjennest som om alle veggane i livet fell ut. Eg har stor respekt for etterletne som klarar bruke eigne erfaring til å jobbe for trafikktryggleik i etterkant av det dei har opplevd. Dei sit inne med verdfull førstehandserfaring og er ein stor ressurs i arbeidet med trafikktryggleik og etterarbeid i samband med ulukker.

Regjeringas trafikktryggleiksarbeid - nullvisjonen
Eg skal snakke om regjeringas arbeid med trafikktryggleik. Talet på drepne og skadde i trafikken syner ei gunstig utvikling på lang sikt, trass stor trafikkvekst. Sjølv om talet på drepne og hardt skadde er redusert dei siste tiåra, mistar likevel over 200 menneske livet i på norske vegar kvart år. Det er to hundre menneskeliv for mykje, og det kan me ikkje akseptere. Regjeringa har difor innført den såkalla nullvisjonen, som seier at vi ikkje skal ha ulukker med alvorleg skadde eller drepne i transportsektoren. Dette dannar no grunnlaget for all tenking kring trafikktryggleik, og skal vere eit felles utgangspunkt for alt arbeid innan transportsektoren. Det er viktig at alle har fokus på denne visjonen, at alle legg det same i den, at den gjennomsyrar alt vi gjer, og at den ikkje berre blir fine ord, men ein visjon som faktisk legg føringar på alt arbeidet vårt.

Nullvisjonen har i stor grad endra tilnærminga vår til trafikktryggleik. Me rettar no innsatsen særleg mot dei ulukkene som tek flest liv, nemleg møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar. Me har også fokus på rassikring, fordi det å leve og reise i område utsett for ras gir frykt og redusert livskvalitet og på grunn av ulukkene som følgje av ras.

I tillegg er me opptekne av at trafikktryggleiksarbeidet skal vere mål- og løysingsorientert. Det betyr i praksis at tiltaka me set inn skal ha dokumentert effekt.

Arbeidet med trafikktryggleik er grovt forenkla tredelt: me jobbar mot infrastrukturen / vegnettet, mot køyretøya og mot dei som ferdast i trafikken. Det er også grunnleggjande at me fokuserer på det me veit fører til ulukker, på trafikantgruppene med størst ulukkesrisiko og på ulukkestypane som fører til flest drepne og hardt skadde.

Ulukkesutviklinga
Litt om ulukkesutviklinga: Som eg var inne på. Framleis er det diverre slik at altfor mange menneske blir drepne eller hardt skadde i trafikken. Ser vi på utviklinga dei siste fem åra, peikar pilen likevel i rett retning. I 2007 mista 230 menneske livet i trafikken her i Noreg, ein nedgang på 12 frå året før. Eg trur at ved å halde eit framleis sterkt og vedvarande fokus på trafikktryggleik, vil vi kunne halde dødstala nede.

Statistikkane syner at møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar framleis dominerer stort når det gjeld ulukker med drepne og hardt skadde. Til saman omfattar desse ulukkestypane om lag 80 pst. av alle drepne eller hardt skadde. Medan delen utforkøyringsulukker har blitt noko redusert dei seinare åra, er trenden motsett for møteulukkene. I perioden 2000-2004 stod møteulukker for 31 pst av alle drepne / hardt skadde, medan tilsvarande tal for i fjor er 45 %, altså ei markant auke på få år. Det er særs alvorleg. Til samanlikning er tala for utforkøyringsulukker 34 prosent og 30 prosent. Dette er viktige tal å ha med på vegen vidare når vi no skal planleggje trafikktryggleiksarbeidet fram mot 2020.

Statistikken syner vidare at høg fart, rus og manglande bruk av bilbelte er dominerande faktorar. Vi har fleire høgrisikogrupper, dei mest sentrale er unge (mannlege) bilførarar, eldre trafikantar, ruspåverka trafikantar, motorsyklistar og enkelte grupper av innvandrarar. Statens vegvesen har eit eige etatsprosjekt som skal sjå nærare på desse høgrisikogruppene, og som eg tykkjer det er interessant å følgje.

Brei satsing – trafikant, køyretøy og veg
Eg nemnde i stad at trafikktryggleiksarbeid må skje på tre frontar – retta mot trafikant, køyretøy og veg.

Veg
Det er ingen tvil om at vegen er viktig. Me arbeider med å gjere utbetringar på vegnettet. Regjeringa har to år på rad lagt fram budsjett som innfrir rammene for veg i inneverande Nasjonal transportplan. Det har inga regjeringa gjort før oss. I desember skal regjeringa leggje fram Nasjonal transportplan 2010-2019, den første transportplanen gjennomsyra av vår politikk. Den vil bli ein slags sveineprøve for oss. Eg kjem straks tilbake til denne.

No har me mykje meir kunnskap om sambandet mellom veg og trafikktryggleik enn me hadde tidlegare. I dag vert trafikktryggleiksomsyn teke med i all planlegging, utbygging og utbetringar av veginfrastrukturen. Eg veit de er opptekne av midtdelarar. Det er veldokumentert at midtrekkverk er eit svært effektivt tiltak, spesielt mot møteulukker. Midtdelarar er difor sette opp på mange av dei mest ulukkesbelasta strekningane. Framover vil me òg satse på ny midtmarkering og midtfelt som no er utvikla. Dette tiltaket gjer det mogleg å dekkje større delar av vegnettet, òg strekningar som elles er for smale til å byggje midtrekkverk. Midtfelt skal ikkje erstatte midtrekkverk som tiltak, men vere eit supplement.

Når det er sagt, så har me 1200 kilometer veg utan gul midtstripe her i landet. Det vil aldri kunne bli midtdelarar på hovuddelen av vegane våre. For å få ned dei talet på ulukker med tragisk utfall står difor arbeidet retta mot trafikantane sentralt.


Førar
Informasjon og haldningsskapande arbeid er utruleg viktig. Eg var inne på dette med den personlege nullvisjonen. Ulukkesanalysane frå 2006 viser at manglande førardugleik medverka til heile 75 prosent av dødsulukkene. Arbeidet med trafikktryggleik må difor i større grad enn tidlegare siktast inn mot trafikantområdet. Ulukkesanalysane viser vidare at fartsnivået var for høgt i nær halvparten av ulukkene. I 18 prosent av ulukkene kan rus ha vore ein medverkande årsak. 20% av sjåførane var trøytte / hadde sovna. Dette tilseier at det er stort potensiale for ulukkesreduksjon dersom me aukar den målretta innsatsen mot trafikantane – både mot den alminnelege trafikant og mot høgrisikogruppene.

Tre særs viktige aspekt må prioriterast i arbeidet retta mot trafikantane: Opplæring, informasjon og effektiv og målretta kontrollverksemd.

Delt ansvar for trafikktryggleiken
Ansvaret for trafikktryggleiken kviler på oss alle. Vegstyresmaktene arbeider for at transportmiddel og infrastruktur skal verte utforma slik at det fremjar trafikksikker åtferd, og dermed gir betre vern mot død eller varige skadar. Me som trafikantar har likevel sjølve eit ansvar for korleis me oppfører oss i trafikken – og for livet og helsa til våre medtrafikantar.

Me trafikantar har alle ”vår personlege nullvisjon” – me ynskjer ikkje at det skal hende noko med oss sjølv eller våre næraste, og me vil ikkje påføre andre død eller varig skade. Difor lyt me handle deretter. Kvar og ein som ferdast i trafikken må ta ansvar for at hans eller hennar framferd er forsvarleg. Me må respektere nullvisjonen til medtrafikantane våre. Trafikktryggleik handlar i stor grad om nettopp det å utvise respekt. Me som vegstyresmakter arbeider kontinuerleg og målretta for å trygge trafikantane, men me greier ikkje på eiga hand å gjere nullvisjonen til røyndom. Folk er nøydde til å ta ansvar sjølve også ved å halde fartsgrensa, køyre rusfritt, vere utkvilte og bruke bilbelte.

Livslang læring
God opplæring og haldningsskapande arbeid er viktig for å påverke framferda til trafikantane. Og for å innarbeide gode haldningar til dei viktigaste trafikkreglane og trafikksikingstiltaka, må opplæring sjåast på som ein livslang læringsprosess. Opplæringa bør starte på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg og fortsetje heile livet igjennom. Allereie i barnehagen bør trafikk bli formidla til borna, og fleire eldre bilførarar bør delta på oppfriskingskurset 65+. Eg synest det er gledeleg å sjå at trafikkopplæring er teke inn i dei nye læreplanane for grunnopplæringa i Kunnskapsløftet, og at trafikktryggleik ligg som ein raud tråd gjennom heile den nye føraropplæringa. Dette vil sikre betre kontinuitet og utvikling. Samstundes blir det no viktig å følgje opp desse måla og sikre god kvalitet i opplæringa.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Eg var så vidt innom Nasjonal transportplan 2010-2019. Arbeidet med å utforme denne planen vil stå sentralt i heile 2008, men eg kan allereie no love at trafikktryggleik vil stå sentralt i planen. Det vil seie at me no er i gang med å forme trafikktryggleikspolitikken fram til 2020. Planframlegget frå transportetatane er no ute på høyring, og me vil sjølvsagt ta med oss alle innspel vidare i arbeidet med transportplanen.

Tiltak mot møteulukker vil inngå i komande NTP. Aktuelle tiltak er vidare utbygging av firefelts motorveg, midtrekkverk på to- og trefelts vegar, midtmarkering (reflektorar) og midtfelt, samt å sjå på fartsgrensekriteria utanfor tettbygde strok. Som eg så vidt var innom i stad: Eit alternativ som kan bli aktuelt på ein del vegar, er midtfelt. Medan midtrekkverk normalt er eit kostbart tiltak, er midtfelt eit billig alternativ. Vårt Land kunne i går fortelje frå Telemark, der ulukkesraten er betydeleg redusert etter at fem strekningar på E18 har fått midtfelt sidan 2003. Før midtfelta vart laga var det tolv møteulukker og utforkøyringar på motsett side av vegen i måleperioden. Etter at midtfeltet kom har det vore to møteulukker og tal skader er redusert frå 25 til 3.  Ulukkene er færre, i tillegg er skadene lettare. For 100 m midtrekkverk kan det etablerast 10 000 meter med midtfelt, under føresetnad av at det ikkje er naudsynt med breiddeutviding av vegen. Dette betyr at ein kombinasjon av midtfelt og fysisk midtdelar/midtrekkverk vil gjere det mogleg å auke strekningsomfanget som har ei eller annan form for slik løysing.

I tillegg til ei slik satsing på møteulukkene arbeider me blant anna med å setje auka fokus på korleis driftsstandardar og vedlikehaldsetterslepet på vegane våre påverkar trafikktryggleiken i dag og i framtida. 

Eg vil avslutte der eg starta, men noko eg ikkje kan få sagt ofte nok: trafikktryggleik er det viktigaste eg arbeider med. Eit tapt liv i trafikken er eitt for mykje. Me har ingen å miste. Me i regjeringa må gjere gjennom infrastruktur, regelverk og på andre vis gjere alt me kan for å  få ned ulukkestala. Samstundes må alle ta ansvar for framtida vår – for berre i fellesskap kan me få bukt med dette alvorlege samfunnsproblemet.

Takk for meg og lukke til med konferansen!