Historisk arkiv

Innlegg ved E16-seminaret på Fagernes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

29. august 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes innlegg ved E16-seminaret på Fagernes 29. august 2008.

Godtfolk!

Takk for invitasjonen til å delta på stamvegsynfaring og konferanse om E16. Diverre tillet ikkje den litt for rikhaldige kalenderen min at eg blir med på sjølve synfaringa, men eg kan love dykk at E16 er blant dei vegane eg kjenner best her i landet. Med bustad i Lærdal, hytte på Filefjell og hybel i Oslo - og med ei fortid som seljar - kan eg love dykk at eg har tilbakelagt nokre kilometer på E16.

Eg kjem straks attende til E16, men tenkte eg skulle seie litt om samferdsle og vegsatsing generelt først. Då eg vart statsråd hadde eg lenge ergra meg over kor dårleg representert samferdsle var i mediebiletet – særleg med tanke på kor viktig dette er for at landet vårt skal fungere – og med tanke på kor opptekne folk flest er av emnet. Eg bestemte meg difor for å setje samferdsle på dagsorden, fordi eg veit det er beste måten å skaffe meir pengar til sektoren på. Det føler eg at eg har lukkast med, på ekstra stormfulle dagar kjennest det av og til nesten ut som eg har lukkast litt for godt. Det er for tida eit stort fokus på samferdsle, ikkje minst på veg, i media og på den politiske agendaen. Mange vil alltid meine at me burde gjort meir – og det er mykje som gjenstår.

Likevel: regjeringsskiftet i 2005 førte til eit nytt fokus på samferdsle og meir midlar til sektoren – og innebar såleis eit taktskifte i norsk samferdslepolitikk. Me har auka løyvingane med over 2,5 milliardar kroner i året, og som første regjering har me to år på rad overoppfylt rammene for veg og jernbane i inneverande Nasjonal transportplan. Det er me stolte av. Me har likevel ikkje fått gjort alt som ligg inne i handlingsplanen. Dette er det to hovudgrunnar til.

For det første har me sett eit større behov for midlar til drift og vedlikehald enn føresett, noko som skuldast at vedlikehald har vore sørgjeleg forsømt av ei rekkje regjeringar, og at førre regjering sterkt undervurderte trafikkvekst og dermed behov for vedlikehald i NTP.  Dette kan me ikkje lenger ignorere. Nokon lyt ta ansvar, uansett kor lite politisk gunst ein vinn ved å satse på vedlikehald. For det andre har me hatt ei sterk prisauke både i anleggsbransjen og i oljeprisane. Begge aspekta har bydd på utfordringar.

Eit viktig prinsipp for meg er at eg ynskjer å bruke pengane mest mogleg effektivt – å fullføre oppstarta prosjekt raskast råd i staden for stadig å setje i gang nye prosjekt med små midlar. Dette forseinkar i nokre tilfelle oppstart på nye prosjekt, og fører til færre parallelle prosjekt. Det blir mindre snorklipping for meg – men eg føler meg trygg på at dette er den rette måten å bruke pengar på. Me får raskare vinst – og dermed større samfunnsnytte – for pengane.

For tida er det mykje snakk om alternative finansieringsformer, særleg er det mange som ropar høgt om offentleg-privat-samarbeid, såkalla OPS, der prosjekta ikkje er avhengige av årlege løyvingar over statsbudsjettet i utbyggingsfasen, men sjølvsagt får store utteljingar over statsbudsjettet i ei årrekkje i ettertid. Ei evaluering gjort av TØI og Dovre International viste ingen økonomiske innsparingar, men derimot betydeleg raskare prosjektgjennomføring – noko som sjølvsagt er verdfullt i seg sjølv – sidan me raskare får betre og tryggare vegar. Desse funna er òg noko eg vil ta med meg i det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan. Eg vil likevel presisere at det ikkje finst noko slikt som ein gratis lunsj – ei heller i denne samanhengen. Til sjuande og sist handlar dette om politisk evne og vilje til å prioritere, alt kostar pengar, og det blir meir tekniske kunstgrep om ein gjer det slik eller slik.

Eg innleia med å fortelje at eg har førstehandskjennskap til E16. Dermed er eg også smerteleg klar over at dette sannsynlegvis er ein av dei aller dårlegaste stamvegane våre. Her er ganske mange kilometer med mindre enn 7 meter vegbreidde, og E16 har sin del av dei 1200 kilometrane stamveg utan gul midtstripe her til lands. Deler av vegen har ein standard som rett og slett ikkje tilfredsstiller krava til stamvegnettet vårt. Dette byr sjølvsagt på utfordringar, ikkje minst for næringslivet med sin tungtransport, og eg har stor forståing for ønsket om at det skal bli gjort noko med denne vegen.

E16 er ein viktig veg av fleire årsaker. E16 er stamvegen mellom dei to største byane våre, Oslo og Bergen, og er såleis ei hovudfartsåre frå aust til vest i landet vårt. Den har ei stor føremon samanlikna med dei andre fjellovergangane ved at den er nesten aldri vinterstengt. Oppetida er på så godt som 100 prosent, ein imponerande statistikk dei alternative rutene ikkje kan måle seg med. Dette gjer dette til ein viktig veg både for privatpasserande som av ein eller annan grunn må krysse fjellet med bil og – ikkje minst – for næringslivet, som har behov for at vegtilhøva er mest mogleg føreseielege. Dette med næringslivets transportbehov er noko eg er særs oppteken av. Transport er heilt avgjerande for at bedrifter og næringsliv skal vere konkurransedyktige og verdiskapande, noko som igjen er naudsynt for sysselsetjing og velferd. Me vil aldri heilt kunne eliminere avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrentar i land tettare på marknadane, men eg vil bidra til ein utjamning av kostnadsskilnadane slik at me framleis kan ha eit livskraftig næringsliv i utvikling. For å få til ei slik utjamning er ein effektiv og velfungerande E16 etter mi meining ein viktig faktor.

Heldigvis har me fått til nokre utbetringar. Neste veke skal eg opna nye Borlaug-Voldum. Dermed får me erstatta ei farleg og dårleg vegstrekkje med ny og langt tryggare veg. Det er på tide. Dette er ei vegstrekkje eg har følgd på nært hald gjennom mange år – og dermed veit eg akkurat kor naudsynt den nye vegen er. Den nye vegen betyr kortare reisetid. Parsellen som opna i 2004 korta ned avstanden gjennom Lærdal med 5 kilometer, medan vegen som blir opna neste veke gjev ei ytterlegare innkorting på 2,2 kilometer. Den delen av E16 som går gjennom Lærdal har med andre ord blitt 7,2 kilometer kortare enn den var då Lærdalstunnelen opna. Denne innkortinga, saman med at trafikken vil halde høgare fart, gjer at køyretida gjennom dalen vert monaleg redusert. Det viktigaste er likevel at ein no får ein mykje tryggare veg. Den gamle vegen hadde svært dårleg kurvatur og dårleg bereevne, noko som førde til mange utforkøyringar. Særleg hadde tungtrafikken problem – på grunn av smal veg og svake vegkantar. Desse problema vil no bli nærast borte, og eg trur ikkje eg tek munnen for full om eg seier at ulukkesrisikoen no vil bli kraftig redusert.

Ny E16 Borlaug-Voldum er eit viktig steg framover, men me må òg ha ambisjonar om vidare utbygging, det er framleis mange flaskehalsar på E16. Regjeringa tek sikte på å legge fram vårt forslag til Nasjonal transportplan for åra 2010 til 2019 ved årsskiftet. Me jobbar for fullt med denne planen no, og det er sjølvsagt for tidleg å seie noko om kva enkeltstrekkjer det vil bli gjort noko med. De veit sikkert at Statens vegvesen i sitt planforslag innan ei ramme med 20 prosent auke har føreslått utbetringar i første fireårsperiode på to strekkjer, Maristova-Borlaug og Øye-Tyinkrysset. Desse framlegga kan eg sjølvsagt ikkje ta stilling til her og no, berre understreke at eg tykkjer dette er ein viktig stamveg og at eg har stor forståing for ønsket om at denne vegen blir prioritert.

Eg har blitt beden om å seie litt om ei eventuell forlenging av E16 mot Gävle i Sverige. Samarbeidet mellom de to landa våre om grenseoverskridande infrastruktur har variert dei siste tjue åra, og per i dag finst det ikkje noko formalisert samarbeid om utviklinga av infrastrukturen over landegrensene. Dette ynskjer eg å gjere noko med, og saman med den svenske samferdsleministeren har eg difor teke initiativ til eit nærare samarbeid. Som eit ledd i dette vart Jernbaneverket og Statens vegvesen i Noreg, og Banverket og Vägverket i Sverige bedne om å kartleggje infrastrukturen. Rapporten deira kom 15. februar i år, og avdekka blant anna eit behov for å sjå nærare på moglegheita for ei felles norsk-svensk europavegløysing på tvers av Norge og Sverige – frå Bergen til Gävle på austkysten av Sverige.

Eg tykkjer ideen er god, men ser samstundes at det er trong for meir kunnskap om kva konsekvensar ein slik ny hovudveg vil kunne ha. Me har difor sett i gang ein felles prosess på dette, der Vägverket og Statens vegvesen vart bedne å utgreie ein ny E16 frå Oslo/Hønefoss, via riksgrensa og over Torsby til Gävle. Resultatet frå denne utgreiinga skal kome 1. september. Det er altså umogleg for meg å seie noko om resultatet av utgreiinga i dag, anna enn at eg ser fram til å få den og at dette er eit spennande prosjekt eg gler meg til å vurdere nærare.

Då gjenstår det berre for meg å ynskje dykk lukke til med det som gjenstår av seminaret og med resten av synfaringa – eg har skjønt at de skal vidare til Sandvika i dag. Det gjeld det same her som så mange andre stader,  me får ikkje gjort alt, men me må prøve få gjort mest mogleg, me må halde fram med å byggje landet vidare, og me ta godt vare på dei vegane me har. Takk for meg og lukke til vidare!