Historisk arkiv

Kåseri i Aasentunet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselssminister Liv Signe Navarsetes kåseri på kulturkveld i Aasentunet i Hovdebygda, 22. februar 2008.

Kåseri i Aasentunet
Hovdebygda 22. februar 2008

Då eg gløymer heimsens møda,
heimsens kav og mykjen strid,
milde tankar til meg fløda,
heile verdi verder frid.

Heim i staden lat deim ståka,
inkje ståk når til meg hit,
lat deim brøla, lat deim bråka,
no på meg det inkje bit.

- det skreiv Ivar Aasen i ”Ut på vegom” – og sånn er det for meg å vere her i kveld.
Kvardagen som statsråd kan vere nokså krevjande til tider, med stramt program og mange viktige og vanskelege spørsmål å ta stilling til. Difor er det ei ekstra stor glede for meg å få oppleve ein slik strålande kulturkveld som dette, der eg berre kan lene meg tilbake og nyte – langt borte frå kvardagens kjas og mas. Eg vil få seie hjarteleg takk til Aasentunet som inviterte meg hit, det har vore eit variert, innhaldsrikt, morosamt og rørande program, eg er imponert over alle dei musikalske og litterære høgdepunkta som har kome som perler på ei snor.

Sjølv har eg ikkje rukke få omvisning i samlingane her endå, men vonar det vert tid til det etterpå. For meg som nynorsking og dialektbrukar er det uansett stas å vere her, eg må seie eg er glad for at det nynorske språket og den nynorske kulturen har ein samlingsstad som dette. I dag er eg invitert hit for å snakke om samferdsle, men sidan me no er her i Aasentunet, har eg òg lyst å seie litt om språk. Språk og samferdsle har i alle fall ein fellesnemnar, om ikkje fleire – begge deler bind landet vårt saman. Ein mann som verkeleg foreina desse to tinga, var målmannen og vegingeniøren Gabriel Frøholm frå Nordfjord. Han debuterte som forfattar i 1970, 77 år gamal. Dei to neste åra kom det to bøker til, ei kvart år, alle på eige forlag.

Titlane på bøkene avslører i høgste grad at Frøholm ikkje var noko A4-menneske. Titlane var: ”Med veg skal landet byggjast. Med bru og tunnel skal vegen kortast og tryggjast ”(kom i 1970), ”Med veg skal Europa samlast – frå Atlanterhavet til Svartehavet. Med klokskap, kunnskap og kraft, for framgang, fridom og fred (kom i 1971)”. Sist, men ikkje minst, i 1972 kom boka  ”Med veg skal verda vinnast – i Amerika, Afrika, Asia og Europa. Dobbeltunnel kan gjere vegane kortare, flatare, billigare, tenlegare og tryggare”. Frøholm var elles fanatisk fråhaldsmann, og soga vil ha det til at han laga trasear for vegar gjennom Oslo som ville utrydde både Schous, Ringnes og Frydenlund bryggeri. Han var ein verkeleg luring, med andre ord.

Om språk og identitet
Tilbake til dette med språk: Språk er identitet, det høyrer me ofte. Og språk er identitet også for meg. Det er språket som viser kvar eg kjem frå og kvar eg høyrer heime. Då eg i 2005 vart utnemnd til statsråd, vart livet mitt snudd opp ned. Det var berre to ting eg var heilt viss på: eg måtte vere meg sjølv, og eg måtte halde fast ved dialekten min. Dei to tinga heng då også nøye saman. Hadde eg byrja å snakke annleis ville eg ikkje vore heilt og fullt meg sjølv lenger. Språket mitt er ein del av forankring mi – i Sogndal og i Lærdal, i Sogn og Fjordane, i Vestlandet, i dei norske distrikta. Det er lenkja mellom fortid, framtid og notid, og det er lenkja mellom livet i Oslo og livet i Lærdal.
 
Å vere statsråd og snakke solid Sognemål har heldigvis synt seg å ikkje vere noko problem. Ikkje ein einaste gong har eg fått negative reaksjonar på dialekten min. Derimot har eg mange gonger fått høyre at folk tykkjer eg har slik ein flott dialekt. Dette er svært gledeleg, og viser at det har blitt større toleranse både for dialektar og nynorsk dei siste tiåra. Tidlegare var ikkje dette så sjølvsagt. Når dei to tantene mine i si tid flytta til Oslo, hadde dei ikkje noko val: dei måtte leggje om til austlandsk, elles kunne dei berre gløyme å få seg jobb, og sikkert bustad også – slik var jo tilstandane den gong.

No er me heldigvis komne lenger, og sjølv om det strengt tatt berre skulle mangle, har ikkje denne språkfridomen kome av seg sjølv. Det vert eg minna om her i Aasentunet. Eg vil retta ein takk til alle som har stått på og jobba for retten min til å skrive nynorsk og snakke dialekt, anten det er i heimen, på fjernsynet, eller i statsråd. Det er mange enkeltpersonar, lag og institusjonar som har kjempa ein tøff kamp for den språklege jamstellinga og dialektfridomen me har i dag – og det må me aldri gløyme. Eg må elles få lov å nemne at eg reflekterte litt over namnet på flyplassen her i dag. ”Ørsta-Volda lufthamn, Hovden” er barnets namn. Eg hugsar det var snakk om å kalle lufthamna for Ivar Aasen lufthamn – og eg må seie at eg tykkjer det hadde vore eit utmerka val. Om nokon av dykk vil ta bryet med å prøve å få teke opp att den diskusjonen, ville det ikkje vore meg i mot.

Om Eikesundopninga
Før eg landa på Ørsta-Volda lufthamn, medan eg flaug inn over den mektige Sunnmørsnaturen, rann det meg i hu ei strofe av ”Landet vårt” av Arne Garborg, ein av dei fremste nynorskingane i litteraturhistorien: 

Her stig det stort og blått
vårt fagre heimlands slott
med tind og tårn
Og som det ervdest ned
meir heimkjært led for led,
det byggjast skal i fred
åt våre born.

Ja, vårt fagre heimlands slott, med tind og tårn, få stader høver vel det betre enn her på Sunnmøre. I morgon skal eg opne Eikesundsambandet. Det er eit stort steg vidare i arbeidet med å byggje landet! Med Eikesundsambandet blir øykommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein bundne saman med landkommunane Ørsta og Volda, som no blir ein storregion med heile 40.000 innbyggjarar. Det er eit kjempeløft for samferdsla på Vestlandet, eit løft som vil få store ringverknader.

Ikkje minst vil sambandet få positive følgjer for næringslivet. Sunnmøre er ikkje berre kjent for vakker natur, men òg for dyktige folk! Industri og næringsliv vil no få betre konkurransevilkår enn tidlegare, og heile området vil bli ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Reisetida blir redusert, og ulempa ved nattestenging vert fjerna. Slik vil Eiksundsambandet gjere at folk i området får betre tilgang til skule, lege, sjukehus og liknande. Og slik bidrar sambandet til det viktigaste målet med all samferdsle, nemleg å binde landet saman, gje auka velferd, og sørgje for at busetnad og næringsliv blir oppretthalde i heile landet.

Fastlandssambandet Eikesund er ei stor nyvinning. Som Unn Conradi Andersen var inne på i stad, er det likevel alltid eit visst vemod for mange når siste ferja går. Eg tykkjer Brit Bildøen – som ikkje er sunnmøring, men frå Aukra på Nordmøre – skildrar dette så godt i sin roman Landfastlykke:

”Ferja går sine siste turar. Utan stopp går ho att og fram mellom øy og fastland, fraktar øyfolket over til den andre sida så dei får vere med på bruopninga. Den kvite ferja er svart av folk, det er ingen som har gått ned i salongen, alle står på dekk og oppe på brua for å få med seg mest muleg av den siste ferjeturen. Mange er overraska over at dei brått kjenner seg triste. Lommetørkleet tok dei med fordi dei tenkte det kunne komme eit par tårer under samferdsleministeren sin tale, no er det i bruk alt, det må vere vinden.”

Vel, om det kjem nokre tårer på grunn av min tale i morgon er vel heller tvilsamt, men at det kanskje kan felle ei tåre på ein slik dag, sjølv om det er ein gledens dag, det er eg viss på.

Om samferdsle
Eg hadde to store mål då eg vart samferdsleminister. Det eine var å auke løyvingane. Det andre var at samferdsle skulle bli meir synleg i samfunnsdebatten. Kvifor var det så viktig for meg å setje samferdsle på agendaen? Jau, fordi meir engasjement og debatt blant folk flest om samferdsle gjer det lettare å få meir pengar til sektoren – og dermed å få utretta ting. Målet om å setje samferdsle på dagsorden tykkjer eg at eg har lukkast godt med. For ikkje lenge sidan såg eg ei undersøking som viste at folk tykte samferdsle var nesten like viktig som helse, som lenge har lege på topp. At folk er så opptekne av samferdsle gjer meg veldig glad. Få ting er meir gjevande for meg enn å dra rundt og høyre kva vanlege folk meiner og tenkjer om samferdsle.

Regjeringsskiftet i 2005 gav eit taktskifte i norsk samferdslepolitikk. Regjeringa løyver no 2,5 milliardar kroner meir årleg til samferdsle enn det Bondevik II-regjeringa la opp til i sitt siste budsjettframlegg. Som første regjering har me to år på rad oppfylt dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan. Dermed føler eg at eg ligg godt an òg i høve til det andre målet mitt: å auke løyvingane, men framleis er det mykje att å gjere. I desember legg regjeringa fram vår Nasjonal transportplan, gjennomsyra av vår transportpolitikk. Å utforme denne planen vil vere ein viktig del av arbeidet mitt som statsråd dette året.

Klimaet
Noko som vil stå sentralt i ny Nasjonal transportplan, er omsynet i til klimaet. 2007 vart året då klima vart eit tema alle diskuterte, på bussen, i kantina, i familieselskapet. Ein ting er sikkert: for å redusere utsleppa er det naudsynt med ein kraftig innsats. Me klare bryte samanhengen mellom auka velstand / velferd og auka utslepp. Dette inneber at me må redusere transportbehovet, me må reise meir kollektivt, me må redusere energibruken per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege drivstoff. Me må gjennomføre ei gradvis grøn vriding av transportpolitikken – og det er me godt  i gang med. Me skal halde fram med å byggje landet, men me må gjere det på ein måte som er berekraftig og sikrar at barna og barnebarna våre overtek ein klode me ikkje har øydelagt for dei.

Om samferdsle og språk - igjen
Eg byrja med å snakke litt om Gabriel Frøholm. Nynorskforkjemparen og majoren Frøholm møttest i uslitelege forsøk på å lage nynorsk militærterminologi. Soga seier at stod han i beit, hadde han denne standardordren: ”gjev gaum!” – som eg vil vurdere å innføre i Samferdselsdepartementet. Frøholm er forresten representert i Norsk Alkunnebok, det einaste nynorske leksikonet som finst til no. Eg er glad for å høyre rykte om at han også kjem med i Nynorsk digitalt leksikon, eit stort løft for nynorsken, og eit prosjekt Aasentunet har vore ein av pådrivarane bak.

Eg har høyrt om Frøholm at han var så oppteken av både vegbygging og nynorsk at han heldt heftige innlegg om vegbygging på eit landsmøte i Noregs mållag. Der hevda han at betre vegar mellom bygdene ville styrkje bruken av norsk, som det så sjølvsagt heitte for han. Og for å seie det slik: om betre vegar mellom bygder og byar kan ha som bieffekt å styrkje norsk språk, er det ikkje meg i mot, sjølv om det ikkje akkurat er det som er hovudintensjonen min.

Eg har snakka såpass mykje om Gabriel Frøholm fordi han står for meg som sjølve den personifiserte samansmeltinga av samferdsle og språk. Ei samansmelting av samferdsle og språk føler eg også at denne fantastiske kvelden har vore. Finare ramme rundt oppdraget med å opne Eiksundsambandet kunne eg ikkje fått. Det er balsam for sjela å vere her i desse omgjevnadane og få så flotte kulturelle impulsar som i dag. Eg vonar de har kosa dykk nesten like mykje som meg, og at eg ser nokon av dykk att på den store dagen i morgon. Vel heim, køyr forsiktig og gjev gaum!

Tusen takk for meg!