Historisk arkiv

Kronikk i LO Aktuelt om Nasjonal transportplan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Utgåve 8/2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes kronikk i LO Aktuelt 8/2008. Tema for kronikken er Nasjonal transportplan.

I desember skal regjeringa leggje fram ny Nasjonal transportplan for åra 2010-2019. Eg plar seie at denne planen blir ein slags eksamen for regjeringa. Til no har me styrt etter ein transportplan lagt fram av førre regjering og vedteken av førre Storting. No skal me leggje fram ein transportplan gjennomsyra av vår politikk.

Eg har i heile prosessen vore særs oppteken av å ha ein open og god dialog med alle involverte partar, anten det er LO, næringslivet, eller fylkeskommunane. Berre ved å lytte til alle innspel kan me lage ein best mogleg transportpolitikk fram mot 2020!

Eg kan ikkje fortelje så mykje om rammer og profil i komande Nasjonal transportplan endå, rett og slett fordi den politiske prosessen berre så vidt har starta.. Men eg har høge ambisjonar om ein NTP som skal svare tilfredsstillande på dei store utfordringane og oppgåvene me står overfor. Eit spørsmål som vil stå sentralt er fordelinga mellom drift/vedlikehald og investeringar i nyanlegg. Skal balansen vere som i dag, eller skal den endrast? Transportetatane som har levert grunnlagsmaterialet til transportplanen ynskjer – med god grunn – meir midlar til vedlikehald.

Det blir spennande å sjå kva fylkeskommunane meiner no som høyringsrunden blir avslutta. Men NTP er meir enn ei rekkje enkeltstrekningar. Me skal vise korleis me får eit moderne, samanhengande samferdslenett og korleis sektoren sine klimautfordringar skal handterast.
 
Bruk av anbod i kollektivtransport
Regjeringa uttrykkjer i Soria Moria skepsis til bruk av anbod i kollektivtransporten. Me er opptekne av at dei eventuelle vinstane for det offentlege med å bruke anbod må sjåast i ein breiare samanheng. Ein vinst er ikkje ein vinst dersom den fører til at ein trufast arbeidstakar blir pressa ut av arbeidslivet eller dersom folk oppdagar at bussen deira ikkje går lenger fordi ei anbodsutsetjing har gjort at bussruta vart nedlagt. Me bad difor i fjor Transportøkonomisk Institutt om å utgreie korleis anbod påverkar tilbodet til dei reisande og tilhøva for dei tilsette.

Rapporten syner blant anna at anbod kan ha to negative effektar for dei tilsette: redusert jobbtryggleik og meir intensiv bruk av arbeidskrafta. Spesielt eldre og sjuke arbeidstakarar vil kunne bli støytte ut av arbeidsmarknaden, noko som sjølvsagt er særs uheldig. Difor sender me eit framlegg til lovendring på høyring før sommaren. Lovendringa skal gje tilsette same rettar ved anbodsutsetjing som ved verksemdsoverdraging.

Me har òg arbeidd aktivt ovanfor EU for at ikkje slik lovendring skal blokkerast der. Eg håpar og trur dette vil vere eit stort steg framover for kvardagen til dei tilsette i denne næringa!