Historisk arkiv

Miljøutfordringar ved vegbygging i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg på Anleggsdagane 30. januar 2008

Statssekretær Erik Lahnsteins tale ved opninga av Anleggsdagane 2008, 30. januar 2008, Gardermoen.

Statssekretær Erik Lahnstein (Sp) på vegne av samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Innlegg på Anleggsdagane 30. januar 2008 - ”Miljøutfordringar ved vegbygging i Noreg”

Godtfolk!

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag. Eg har alltid vore oppteken av å ha eit godt tilhøve til anleggsbransjen, og no kjennest det viktigare enn nokon gong. Sjølv om me kan vere usamde, tykkjer eg at me har ein god dialog – og det er eg særs glad for. Eg vil òg gje dykk ros for det særs interessante og viktige temaet de har vald for årets anleggsdagar, nemleg klimautfordringane og kva dei inneber for oss som arbeider med vegbygging i Noreg.

Regjeringsskiftet i 2005 markerte eit taktskifte i satsinga på samferdsle her i landet. Vi har auka løyvingane til samferdsle med 2,5 milliardar årleg sidan vi overtok. Samferdsle er med på å binde landet vårt saman, og er avgjerande for å sikre busetnad og næringsliv i heile landet – òg i tida framover. For å lukkast med dette må transportsystema må vere robuste og effektive, dei må vere i tråd med nullvisjon om at me ikkje skal ha drepne eller alvorleg skadde i transportsektoren, og dei må ta omsyn til miljøet.

Veg er eit av fleire transportformer som bind landet saman. Dei store avstandane og den spreidde busetnaden gjer at vi er veldig avhengige av vegnettet, som er blodårene i transportsystemet vårt. Vegnettet må likevel alltid sjåast i samanheng med dei andre transportgreiene, som jernbane, luftfart og ikkje minst kollektivtrafikk. Særleg i og mellom dei store byane er det viktig å sjå vegutbygging i eit litt vidare perspektiv.

Klimautfordringane og kampen mot dei
Noreg er inne i ein periode med sterk økonomisk vekst og høgt aktivitetsnivå i så godt som alle sektorar i økonomien. Me nordmenn har for tida har god privatøkonomi, og det gjer at me reiser oftare og me reiser lenger. Samstundes har me eit svært transportavhengig næringsliv, spreidd utover heile landet, som forventar best mogleg regularitet i tilbodet. Mange bedrifter har allereie flytta lageret sitt til bilar på vegen, og opererer med ”just-in-time”-prinsippet. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda gode, rasfaren så liten som råd etc.

Klimaendringane er vår tids store utfordring. Frå 1990 til 2005 auka CO2-utsleppa frå vegtransport med over 25 prosent, vesentleg på grunn av auka næringstransport. For å redusere utsleppa er det naudsynt med ein kraftig innsats. I Klimameldinga presenterer regjeringa målet om å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med det som hadde vore tilfelle utan tiltak. Ein reduksjon på 4 millionar tonn tilsvarar omtrent nullvekst i utsleppa frå dagens nivå.

For å nå dette målet er det naudsynt med tiltak på eit breitt spekter av område. Me må bryte samanhengen mellom auka velstand / velferd og auka utslepp. Dette inneber at me må redusere transportbehovet, me må reise meir kollektivt, me må redusere energibruken per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege energiberarar.

Eit miljøtiltak regjeringa har gjennomført innan samferdslesektoren er miljøvenleg omlegging av eingongsavgifta. Vidare har me auka jernbaneinvesteringane med over 50% prosent. Me har starta debatten om køprising, me har lagt fram eit lovframlegg som opnar for å bruke bompengar til drift av kollektiv og me har innført introduksjonsprogrammet for biodrivstoff.

I arbeidet med klimautfordringar i samferdslesektoren legg eg vekt på ei klarare differensiering i transportpolitikken mellom by og land. Ein rapport frå SINTEF dokumenterer at betre vegar gir reduksjonar i klimagassutslepp. Medan nye distrikts- eller stamvegar fører til kortare reiser og mindre utslepp utan å skape trafikkvekst, blir klimaeffekten ved vegutbygging i byane eten opp av trafikkveksten. I og med at det er størst bilbruk og sterkast folkeauke i områda kring dei største byane, er det her vi har dei største miljøutfordringane i transportsektoren,  og det er her det er mogleg å oppnå dei største utsleppsreduksjonane.

Tilpassing til klimautfordringane
No har eg snakka litt om kva me gjer for å stogge eller redusere klimaendringane, men samstundes merkar me no resultata av klimaendringane, og me vil høgst truleg merke dei endå betre i framtida. I tillegg til å gjere vårt for å redusere klimaendringane, må me òg gjennomføre tiltak for å vere rusta til å møte desse endringane. All forsking og alle prognosar, mellom anna eit forskingsprosjekt utført av Meteorologisk institutt for transportetatane, fastslår at me truleg vil sjå ein stigning i temperatur og havnivå i åra framover. Me vil òg oppleve auka nedbør langs kysten og fleire vassrelaterte skred, stormar og stormfloer.

Desse endringane stiller heilt nye krav til infrastrukturen. Innan mitt ansvarsområde vil desse endringane særleg påverke veg- og jernbaneinfrastrukturen. I tillegg vil auka havnivå kunne få konsekvensar for dimensjonering og vedlikehald på enkelte flyplassar og moloanlegg. Meir nedbør vil kunne medføre at det går fleire ras, at dei går oftare, og at dei går på nye stader – noko me har sett døme på siste tida. Saman med auka lågtrykksintensitet vil dette kunne auke faren for ulukker og ha konsekvensar for framkome, punktlegheit og regularitet.

Alt dette gjer at me må gjere systema meir robuste. For at transportsystema i framtida skal kunne fungere slik dei gjer i dag vil det vere naudsynt med store reinvesteringar og tyngre vedlikehaldstiltak. Rapporten syner òg at vedlikehaldsetterslepet som har bygd seg opp over fleire tiår forsterkar verknadene av auka nedbør og flaum. For å møte klimaendingane vil det i framtida bli behov for å auke midlane til vedlikehald.

Jordvern
Regjeringa er sterkt oppteken av å styrke jordvernet, også i samband med ny vegprosjekt. Eg har allereie i 2007-budsjettet stilt krav om meir nøyaktig rapportering av inngrep i dyrka mark. Eg har òg varsla utarbeiding av nye indikatorar for dette heilt frå oppstart av planleggingsprosessane i samband med NTP 2010-2019. Miljøvernministeren og landbruksministeren sende i 2006 ut eit brev der dei påla landets fylke og kommunar å leggje større vekt på jordvern i all arealplanlegging.

Den såkalla "Jordverngruppa" sett ned av Landbruksdepartementet la 8. januar i år fram ein rapport der dei føreslo nye rikspolitiske retningsliner for jordvern. Rikspolitiske retningsliner er eit viktig verkemiddel for å gje nasjonale føringar for planlegginga lokalt og regionalt. Jordverngruppa peikar på at dagens Rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transportplanlegging ikkje er presise nok på dette området. Når dagens RPR som gjeld jordverninteresser er så langt tilbake som frå 1993, seier vel det òg noko om behovet for oppdatering.

Dagens situasjon viser eit klart behov for presiseringar og konkretiseringar om kva kriterium som må være på plass før dyrka jord eventuelt kan omdisponerast. Innretninga av slike retningsliner vil eg sjå nærare på saman med landbruksministeren. Jordverngruppa foreslår òg konkret sterkare prioritering av jordvern i samferdsleprosjekt. Eg har som sagt allereie signalisert at jordvernomsynet skal få større plass i neste Nasjonale transportplan som blir lagt fram til hausten. Eg vil følgje opp dette og gjer kva eg kan for å sikre at jordvernomsynet blir ein premiss ved planlegginga av nye samferdselsprosjekt.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Nasjonal transportplan er det viktigaste planverktøyet me har i samferdslesektoren. I desember skal vi leggje fram Nasjonal Transportplan 2010-2019, den første nasjonale transportplanen me har hatt ansvaret for. For snart to veker sidan mottok me transportetatane sitt framlegg til transportplan. Det er no sendt på høyring. Utan at eg skal føregripe kva som vil kome i den endelege planen, kan eg nok seie at det vil vere aktuelt å auke innsatsen på vedlikehald. Det som er sikkert er at klima og klimaendringar vil få ein brei omtale i ny NTP. Her vil det òg gå fram korleis Samferdselsdepartementet vil tilpasse seg og prioritere tiltak i framtida.

Elles er det etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe leia av Miljøverndepartementet som skal jobbe med desse spørsmåla. Gruppa har eit 5-årsperspektiv og første hovudoppgåve vil vere å utarbeide ein strategi for korleis Noreg kan tilpasse seg klimaendringane. Etter planen skal denne strategien presenterast innan relativt kort tid.

Dette er altså problemstillingar regjeringa tek på alvor. Me må alle bidra for å møte klimautfordringane, det gjeld også dykk som entreprenørar. De har eit ansvar for å tenkje miljøvennleg i alle ledd av produksjonen. Det er òg viktig å finne "smarte" løysingar som påverkar miljøet minst mogleg. Då tenkjer eg både på at ein må unngå direkte forureining, og at ein må unngå for store inngrep i naturen.

Prisutviklinga i anleggsbransjen
Hovudfokus i dag er miljøutfordringar i samband med vegbygging. Eg tykkjer likevel det er naturleg å bruke litt tid på situasjonen i anleggsbransjen, fordi den indirekte kan ha innverknad på miljøet. Dei av dykk som var til stades på MEF-konferansen i november vil hugse at eg då gjekk grundig inn i desse problemstillingane. Det skal eg ikkje gjere no, men det er eit faktum at mindre konkurranse og auka prisar får konsekvensar ved at færre prosjekt blir gjennomførte. Enkelte prosjekt må lysast ut på ny i ”enklare utgåver” der miljøvinstane kan bli reduserte. Dette er uheldig. Som eg snakka litt om i november, jobbar eg med Statens Vegvesen for å sjå på ulike kontraktstrategiar som kan gi oss meir veg for pengane.

Då vi overtok regjeringsmakta var bransjen blant dei som sterkt oppmoda til auka satsing på veg- og jernbaneutbygging. Seinast i 2006 gav næringa uttrykk for at den hadde ledig kapasitet til å ta på seg mykje større oppdrag. No har vi auka løyvingane med 2,5 milliardar på kort tid – og så viser det seg at det ikkje er ledig kapasitet i bransjen til å handtere den auka satsinga. Det er naturleg å spørje: er det verkeleg slik at marknaden ikkje toler meir?
Marknadspresset avslører også ulike politiske dilemma. Den høge aktiviteten i privat sektor tek ressursar som kunne vore nytta til å byggja offentleg infrastruktur. Andre profilerte offentlege satsingar byr også på konkurranse. Utbygging av barnehagar og eldre/helseomsorg pressar byggjemarknaden, og gjer det ikkje lettare å rekruttera folk over til anlegg.

Utfordringa blir å finne ein balanse som gjer at me kan halde fram den gode trenden me har fått til på samferdslesida, og sørgjer for at vegbygginga både er miljøvenleg – og tilpassa miljøutfordringane. Vonleg finn vi også løysingar som gjer at eg kan argumentere med truverd for at auka økonomiske rammer til sektoren faktisk vil resultere i meir veg og jernbane. For målet er klart: halde fram med å byggje landet vidare!

Tusen takk for meg og lukke til med denne viktige konferansen!