Historisk arkiv

Minnemarkering i Vang i Valdres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved minnemarkering i Vang i Valdres 28. januar 2008.

Minnemarkering i Vang i Valdres
28. januar 2008

Kjære etterlatne og pårørande,
Kjære dykk som sjølv har blitt råka av trafikkulukker,
Kjære alle dykk som har møtt fram her i Vang i dag for å vise omsorg og medkjensle - takk for at eg får vere her saman med dykk i dag!

Dette er ellevte gongen det blir arrangert ei ulukkesmarkering her i Oppland. Det er ikkje tilfeldig at arrangement i år finn stad her i Vang. Valdresområdet har dei siste åra blitt råka av fleire alvorlege trafikkulukker, nokre av desse her i Vang, og eg veit at fleire av dykk har fått livet snudd opp ned av desse ulukkene. Trafikkulukker er eit alvorleg samfunnsproblem som rammar brått, brutalt og ofte vilkårleg. For dei fleste verkar det å bli utsett for ei alvorleg trafikkulukke som noko fjernt og uverkeleg.

At trafikkulukker kan ramme alle skjønar me fyrst når me sjølve eller nokon nær oss vert råka. Det gjer sterkt inntrykk å sjå dei 2,5 kilometrane her i kveld. Slik blir omfanget av trafikkulukkene og enkeltpersonane bak tala synleggjort. Håpet må vere at markeringar som denne gjer oss som trafikantar meir medvitne. Dermed kan det bli tryggare å ferdast i trafikken.

Oppland var eit av dei fylka med flest ulukker i 2007. I dag minnest me 28 personar som mista livet sitt på vegane i Oppland i året som gjekk. Det er 28 liv for mykje. Dei som vart rivne bort var gutar og jenter, menn og kvinner i alle aldrar. I tillegg vart over 500 menneske skadde. Trafikkulukker rammar ikkje berre dei som er direkte innblanda. Også dei pårørande vert utsette for liding, sorg og sakn. Å brått og brutalt miste eit familiemedlem eller ein kjær ven –  eller å oppleve at nokon som står oss nær vert alvorleg skadd –  er noko av det tyngste og vanskelegaste me kan oppleve i livet.

Både for dei alvorleg skadde og dei etterlatne kjennest det gjerne som om det ikkje berre er ein vegg som har falle ut, men alle veggane. Livet blir aldri det same att, og det kan lett kjennast som alt er ein syndeflod av problem. Då er det godt å snakke med nokon som har opplevd det same og veit ”kva det går i”. Eg vil gje honnør til dykk i Landsforeininga for trafikkskadde for det viktige arbeidet de gjer. De klarar bruke dei påkjenningane de sjølve har vore utsette for til å gjere noko positivt for andre i same situasjon. Eg veit det her i Oppland er 4 svært aktive lokallag og eit fylkeslag som gjer ein stor jobb for andre etterletne og skadde, som utretteleg står på og syner omsorg.

Det er veldig positivt med tiltak som likemannsutdanninga, og ikkje minst med det såkalla ”Ticket to ride-programmet” som eg skjønar oppstod for første gong her i Oppland. Det er ei ordning der ein betalar for sjåførar over 23 år som kan køyre ungdommane natt til første mai og natt til syttande mai. Ordninga kan spare liv, og gjer at foreldre kan sove litt tryggare desse nettene. Eit prisverdig initiativ! Eg veit òg at mange av dykk i foreininga – saman med kommunen og trafikksikkerheitsutvalet –  har lagt ned ein stor innsats for å lage ei verdig og vakker markering her i dag – og det har de lukkast godt med!

Ein av grunnane til at arrangementet finn stad her i Vang er at det her finst eit uvanleg stort engasjement blant ungdom – for trafikktryggleik og for arbeidet for trafikkskadde og etterletne. Sjølv om engasjementet har ein trist bakgrunn, er det rørande og gledeleg at russen i fjor gav overskotet sitt på 68.000 kroner til Landsforeininga for trafikkskadde. Å sjå slikt engasjementet blant ungdom er gripande for meg som samferdselsminister. Det gjev òg von for framtida.

Sjølv om det er mykje som kan og bør gjerast frå styresmaktene si side, er det avgjerande med  gode haldningar i trafikken – særleg blant unge, som er overrepresenterte i ulukker. Eg veit at mange av dei unge her i kyrkja i dag har opplevd å miste nære, gode venner. Eg kjenner med kvar og ein av dykk, men er glad for at de har funne styrke til å vere her i dag. I sorg er det viktig å ikkje stenge seg inne, men finne saman.

Regjeringa har noko me kallar ein nullvisjonen, som gjennomsyrer alt arbeidet i transportsektoren. Nullvisjonen seier at me ikkje skal ha ulukker med drepne eller livsvarig skadde i trafikken i Noreg. I tillegg har me alle vår personlege nullvisjon –
ingen ønskjer at det skal skje noko med oss sjølve eller nokon me er glade i. Me må alle gjere alt me kan for å redusere faren for ulukker. Diverre ser me at mange ulukker skuldast brot på trafikkreglane. Trafikkreglane er der nettopp for at alle skal kome trygt fram.

Difor oppmodar eg på det sterkaste: Hald fartsgrensa, bruk bilbelte, refleks og anna sikringsutstyr og køyr ikkje med rusmiddel innabords. Det høyrest sjølvsagt ut, men blir ofte synda mot. Det er ofte små marginar som skal til for å unngå ulukker – og for å skilje mellom liv og død når ulukka først er ute.

Me som politikarar, og særleg eg som samferdselsminister, har eit stort og tungtvegande ansvar for å betre trafikktryggleiken. Trafikktryggleik skal ha – og har – førsteprioritet i regjeringas transportpolitikk. Saman med politiet arbeider vegstyresmaktene kontinuerleg med målretta tiltak. I 2005 starta Statens vegvesen opp eit arbeid med å analysere dødsulukkene i trafikken. Slik får me lærdom som gjer at ulukkespunkt blir utbetra og informasjonsarbeidet blir enda meir målretta.

Dette er ei fattig trøyst for dei som allereie har mist nokon av sine kjære, men kunnskapen om kvifor og korleis ulukker skjer, gjer at det vonleg kan tennast færre faklar på desse markeringane rundt om i Noreg i framtida. For trass den omfattande innsatsen, skjer det diverre altfor mange trafikkulukker her i landet. For Oppland var tala i fjor ekstra dystre. Ser vi på utviklinga på landsbasis dei siste fem åra, peikar pila likevel i rett retning – og det syner at det går an å snu trenden – òg i Oppland. Ein ting kan eg love dykk, og det er at trafikktryggleiksinnsatsen held fram med stor styrke!

Eg trur at ved å halde eit framleis sterkt og vedvarande fokus på trafikktryggleik, vil me kunne halde dødstala nede. Mi von, og leiestjerne, er at færre skal oppleve å miste nokon av sine kjære i vegtrafikken. Ei markering som denne her i Vang i dag utgjer eit viktig bidrag ved å setje søkelys på omfanget av ulukkene – og at dette er noko som kan ramme alle og einkvar. Eg vil gjerne uttrykkje mi djupaste respekt for dei som har mista livet på norske vegar og mi største medkjensle for dei skadde, etterlatne og pårørande. Eg vonar denne stunda gir dykk rom for sorg og ettertanke, men òg håp.

Takk for meg!