Historisk arkiv

Norsk bilisme på fossekraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Sunnmørsposten, 22. desember 2008

Kronikk om klimavennleg drivstoff for bilar av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert i Sunnmørsposten 22.desember 2008.

Verda er inne i ei finansielle krise som truleg er den verste sidan 1930-talet, og regjeringa arbeider kvar dag med nye tiltak som skal dempe utslaga av denne krisa. Men sjølv om media no fokuserer meir på finanskrise enn på klimautfordringane, må vi ikkje gløyme dei globale miljøutfordringane.
No i desember har FN gjennomført eit klimamøte i Poznan i Polen. Dette er det siste møte før det store toppmøtet i København neste år, der ambisjonen er å få på plass ein oppfølgjar til Kyoto-avtalen, som går ut i 2012.

Utslepp frå bilismen
Mot dette bakteppet kviler det eit ansvar på norske styresmakter. Vi må gjere vår del av jobben for eit betre klima, til det beste for dei som kjem etter oss. Når vi i tillegg veit at utsleppa frå privatbilismen er ein av dei største forureinarane i vår tid, er det naturleg for meg som samferdselsminister å setje fart i arbeidet med å elektrifisere transportsektoren. Difor er det min klåre ambisjon at 2009 skal bli det året då elbilen verkeleg tar av i Noreg!

Styrer mot elkraft

Tidlegare i desember hadde eg eit møte med fleire bransjeorganisasjonar der vi sette ned ei ekspertgruppe som skal kome opp med ein konkret plan for elektrifisering av norsk vegtransport. Planen skal leverast til meg i løpet av våren. Energibedriftenes Landsforening skal leie gruppa, og det er viktig å handle raskt.

Transportsektoren har auka utslepp sine dei siste tiåra, og utgjer no ein fjerdedel av dei nasjonale utsleppa her til lands. Fram mot 2020 vil utsleppa frå vegtransport og luftfart auke kraftig dersom vi ikkje gjer noko.

Klimameldinga
I klimameldinga har regjeringa nedfelt målsetjinga om at klimagassutsleppa frå transportsektoren i 2020 skal vere redusert med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar – samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak. Dersom vi skal ha von om å nå desse måla, må vi gjennomføre tiltak breitt. Og det er nettopp det vi er i gang med: Regjeringa har lagt fram tidenes beste jernbanebudsjett, vi har lagt om eingongsavgifta på nybilar, vi har dobla Belønningsordninga for kollektivtrafikk og vi vil truleg komme i gang med dei første prosjekta med køprising snart.

Neste år opprettar vi Transnova, som gjennom økonomisk stønad og rådgjeving skal bidra til at fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff som elektrisitet, andregenerasjons biodrivstoff og hydrogen. For det er ikkje bilen i seg sjølv som forureinar – men drivstoffet. Difor må vi ha fokus på å gjere noko med drivstoffet, og skal vi klare å oppfylle klimalovnadene må vi ha fleire nullutslepps-og lågutsleppsbilar.

Fossekraft
Vi bur i eit land som er velsigna med store mengder reint vatn og mange fossefall. Vi har god tilgang på fornybar energi, og eit stort potensial for elektrifisering. Med «norsk straum på tanken» kan norske bilar bli heilt utsleppsfrie. Regjeringa vil difor byggje ut fornybar elektrisitet som vasskraft og vindkraft.

Til vanleg er kraftprisen under halvparten av prisen på bensin og diesel – målt etter energiinnhald. Elbilar som går på fornybar elektrisitet gir null utslepp av CO2, og i tillegg er el-motoren svært energieffektiv. Energieffektiviteten frå «tank til hjul» er minst 80 prosent i ein el-motor. Til samanlikning er den på mellom 20-30 prosent i ein forbrenningsmotor som brukar bensin eller diesel.

Elbilprodusentar
Elbilprodusentar som Think, Elbil Norge og Miljøbil Grenland spelar ei viktig rolle for at Noreg skal ligge i front på elbilområdet. Vi har all grunn til å vere stolte over at vi har produsentar som er verdsleiande på reine elbilar og heilt i tet når det kjem til teknologiutvikling.

Vi har sterke verkemiddel til rådvelde, og vi brukar dei. Elbilen er gitt ein rekkje fordelar som gjer dei meir attraktive. Dei er fritekne frå eingongsavgift og årsavgift, dei har tilgang til kollektivfelt, dei har gratis offentleg parkering og gratis passering gjennom bomstasjonar. I haust innførte vi dessutan ei ordning slik at elbilar ikkje treng å betale på riksvegferjer.

Firmabilskattlegginga for elbil blir også gunstigare ved at frådraget for elbil blir dobla frå 25 til 50 prosent. Dette er gode døme på korleis regjeringa arbeider med å betre rammevilkåra for slike køyrety. Innanlands må kommunane og staten vere føredøme og vise veg over til meir utstrekt bruk av elektriske bilar, og i tida framover vil eg kontakte dei nordiske kollegaene mine for å få til eit tettare samarbeid om elbilar og infrastruktur i Norden.

Fleire kjøper elbil
I Noreg hadde vi om lag 1.500 elbilar i 2007. Det er ikkje så mange, men førekomsten av slike køyretøy ser ut til å auke. Ifølgje tall frå Opplysningsrådet for Vegtrafikken er salet av elbilar tilnærma dobla frå november 2007 til november 2008.

I dag er elbilen eit miljøvennleg alternativ først og fremst for familiar som ynskjer å erstatte bil nr. 2, eller for dei som treng bil på kortare distansar, til dømes i storbyar. Utviklinga av betre batteri, større bilar og betre infrastruktur vil bidra til å auke bruksområda til elbilane framover, vi kjem til å sjå fleire elbilar på vegane i tida som kjem. La meg difor ta opp att oppmodinga om å gjere 2009 til året der elbilen verkeleg tar av i Noreg!