Historisk arkiv

Innlegg om verdiskaping og miljø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Media Planet si temaavis Transport og Logistikk, april 2008.

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Media Planet si temaavis Transport og Logistikk, april 2008. 

Gode transportvilkår for næringslivet er noko eg er særs oppteken av. Eg trur gode transportløysingar er heilt avgjerande for at næringslivet skal vere konkurransedyktig og verdiskapande.

Dette er igjen naudsynt for å sikre arbeidsplassar og dermed næringsliv og busetnad i heile landet vårt – også i framtida. Både globaliseringa og andre drivkrefter fører til vekst i transportbehovet, og dermed auka krav til transporteffektivitet og -kvalitet. Frå næringslivet har eg fått signal om nokre sentrale utviklingstrekk. Auka import av forbruksvarer set store krav til distribusjonsapparatet. Auka grad av foredling styrkjer krava til rask og påliteleg levering. Når større delar av olje- og gassnæringa flyttar nordover kan me få lengre forsyningsliner og større behov for sjøverts transport. Vidare vekst i reiselivsnæringa vil stille særlege krav til infrastrukturen i distrikta. Alt dette er utfordringar me må ta på alvor.

Effektiv og berekraftig transport
Skal transporten kunne fylle sin oppfylle viktige samfunnsoppgåver, må den vere effektiv. Dette er mellom anna avgjerande for å redusere dei store avstandsulempene norsk næringsliv har. Me må likevel ta innover oss at det aukande behovet for transport fører til alvorlege ulemper, mellom anna kø- og kapasitetsproblem, ulukker og forureining, særleg i samband med vegtrafikk. Alt dette påfører samfunn og næringsliv store kostnader. For å nå måla som regjeringa har lagt fram i Klimameldinga er det naudsynt med tiltak over eit vidt felt. Alle gode krefter må vere med på omleggingar som gjer transportsystema meir berekraftige. Dei bedriftene som er tidleg ute med å satse på berekraftig transport, vil få marknadsfortrinn etter kvart som miljøomsyna vert stadig viktigare og etter kvart som dei miljømessige rammevilkåra blir strengare.

Utfordringar i vegsektoren
Sjølv om regjeringa vil leggje til rette for at jernbane og sjøtransport i større grad tek over godstransport på dei lengste avstandane, må vegtransporten fungere best mogeleg for å ivareta viktige oppgåver i heile landet. I tillegg er vegtransporten eit viktig ledd i kvar ende av transportkjeda, der sjø eller bane står for hovudetappen. Over statsbudsjettet for i år er det løyvd nær 15,5 milliardar kroner til vegføremål. Dette er 3,9 prosent meir enn i 2007, som igjen var eit kraftig løft frå 2006.

Jernbane

Jernbane er eit viktig satsingsområde for regjeringa. I år er det løyvd i alt 7,5 milliardar kroner til jernbaneføremål, ei auke på 5,8 prosent frå i fjor. På same måte som i vegsektoren er det satsa både på utbyggingstiltak og betre vedlikehald.
Gledeleg nok ser me ei sterk vekst i godstrafikken på bane. No er etterspurnaden etter godstransport på bane større enn det transportørane og nettet har kapasitet til å handtere. Kapasitetskrisa krev ein infrastruktur som toler at meir gods vert flytta over frå veg til bane. Difor har me no sett i gang ei opprustning av fleire store godsterminalar, blant anna på Alnabru. Nyleg opna eg ein den nye store godsterminal ved Ganddal utanfor Stavanger. Me aukar dessutan kapasiteten ved å byggje fleire kryssingsspor på hovudstrekningane.

Nasjonal transportplan (NTP) 2010-2019
Innanfor veg- og jernbanesektorane har regjeringa dei to siste åra meir enn oppfylt det som svarar til to år av planperioden 2006-2009. Dette er historisk, inga regjering har gjort dette før oss. Likevel er det mykje som gjenstår.  I desember skal regjeringa leggje fram vår Nasjonal Transportplan, for perioden 2010-2019. Dette blir på ein måte vår svenneprøve, vår ”eksamen”. Gjennom ein open og god dialog med næringslivet har eg fått mange gode og nyttige innspel til arbeidet med ny NTP. Denne dialogen ynskjer eg å vidareføre. Difor set eg no i gang arbeid med sikte på å opprette eit rådgivande Transport- og logistikkforum med deltaking frå ulike delar av næringslivet – eit forum eg trur vil bli til glede for alle partar.

Stortingsmeldinga om NTP vert lagd  fram i desember i år, og skal handsamast av Stortinget neste vår. Eg har ambisjonar om ein NTP som på ein god måte svarar på dei store utfordringane i transportsektoren. Frå  næringslivet og andre har eg  fått  klare og utolmodige ytringar om behov for auka satsing. Slike tilbakemeldingar ser eg på som ei god støtte i det vidare arbeidet med å utvikle transportpolitikken for dei neste ti åra.