Historisk arkiv

Opning av det digitale bakkenettet i Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av det digitale bakkenettet i Tromsø, 21. november 2008.

Godtfolk!

Gratulerer med dagen! Det er ei stor glede og ære for meg å vere her i dag – for å markere opninga av det digitale bakkenettet i Troms og Finnmark. Når dei to siste fylka no kjem på plass, betyr det at heile det norske digitale bakkenettet står klart. Det inneber blant anna at dei aller fleste husstandar i Noreg kan ta inn heile NRK sitt tilbod – både på TV og radio. Det er eit stort framsteg, og ein dag det er all mogleg grunn til å feire, sjølv om me framleis har ein jobb att å gjere med å sikre at dei siste husstandane får same tilbodet som dei andre. At NRK rundar 75 år i år gir ikkje mindre grunn til å feire.

Utbygginga av det digitale bakknettet vårt er verdas mest omfattande – og har skjedd på rekordtid. Likevel har vegen fram vore lang. Ein av milepålane kom i 1999, då kulturminister Anne Enger la fram stortingsmeldinga om digitalt fjernsyn. Sju år seinare, i 2006, kunne endeleg konsesjonen tildelast og utbygginga starte.

Eg vil gje utbyggjarane ros for å ha gjennomført ei rask og god utbygging – trass store utfordringar. Det nordlegaste fylka som i dag får digitalt bakkenett har på mange måtar vore dei mest krevjande, blant anna på grunn av den lange vinteren, men utbygginga har vore utfordrande i heile landet, både på grunn av vanskeleg topografien og at folk bur så spreidd.

Likevel har både utbygginga og det å sløkkje dei analoge NRK- og TV2 sendarane gått heilt etter planen. Det tykkjer eg er imponerande, eg veit at dette ikkje har vore noko lite eller lett løft. Her i Noreg har me heile 452 digitale sendarar, i tillegg til diverse satelittskuggenett, medan til dømes Danmark har 18 sendarar. Det seier sitt om kor krevjande dette har vore!

Det er ein ting eg er litt oppteken av at me skal hugse på i ei feststund som denne: Framleis er det nokre kvite flekkar som ikkje er dekka opp, det skal me ta tak i, og me skal få på plass bakkenettet også på dei stadene der det framleis manglar.

Eg har også lyst å skryte litt av alle dei nordmenn, i alle aldrar, som har venta tålmodig på tilgang på NRK 2 og NRK 3, som har teke til seg informasjon og vore med på teknologiovergangen. Eg tykkjer folk har teke veldig godt i mot ynsket vårt om å gje heile landet eit betre og meir likeverdig TV-tilbod, og har synt fleksibilitet og tilpassingsvilje undervegs. Så får då også dei fleste ein betre TV-kvardag no. Det tekniske framsteget er stort. Kvaliteten på TV-biletet blir mykje betre, folk får betre tekst-TV og nye tenester vil bli utvikla i tida framover. I tillegg blir det mogleg å velje mellom fleire betalingskanalar, og dermed blir også Noreg ein del av den framtidige digitale TV-verda.

Samstundes tykkjer eg det er viktig å understreke at det nye nettet ikkje berre er ein ny teknologi. Nettet er også viktig mediepolitisk, ved at det styrkjer NRK som nasjonal allmennkringkastaren. Det er eit sentralt demokratisk og distriktspolitisk mål som no vert oppfylt når alle no snart får eit det same tilbodet for NRK-lisensen sin, uansett kvar dei bur. Det er på tide!

At alle får tilgang til same informasjonstilbodet uansett kvar dei bur er viktig for eit demokrati som vårt. Same TV-tilbodet frå allmennkringkastaren er ein av mange bitar i det store puslespelet som utgjer eit likeverdig offentleg tilbod til folk, noko som er heilt avgjerande for at folk skal kunne halde fram med å bu der dei helst vil bu – og for at me skal kunne oppretthalde næringsliv og busetnad i heile landet.

Me har som sagt meir å feire i dag. NRK rundar i år 75 år. Det er 75 år der NRK har spela ei uvurderleg rolle for landet vårt  – som folkeopplysar, som underhaldar, og som samlande kraft. No har rett nok den avdøde amerikanske spaltisten Ann Landers ei gong sagt noko slikt som at ”Fjernsynet er beviset på at folk vil sjå på kva som helst anna enn kvarandre”, men fjernsynet – og radioen – har også på mange måtar vore med på å binde oss saman som folk. 

I 1933 revolusjonerte NRK nyhende- og informasjonstilgangen for det norsk folk, og i mange år seinare stod rikskringkastinga for alt TV- og radiotilbod her i landet. Eg hugsar sjølv godt den store dagen der me fekk fjernsyn heime hjå oss i Lærdal. Mor mi hadde kanskje vore litt skeptisk, men onkelen min jobba på Phillipsfabrikken i Oslo, og kom heim til oss med ein flunkande ny Phillips. Eg tykte det var stor stas med fjernsynet, men det var strenge reglar for kva eg fekk sjå eller ei. Difor sneik eg meg til å liggje under stovebordet og smugkike på Detektimen!

Dei seinare åra har eg blitt kjend med TV-mediet på ein ny måte – ved at eg har blitt intervjua titt og ofte, noko som kan vere både kjekt og mindre kjekt. Men framleis hugsar eg kor magisk eg som lita jente tykte det var med fjernsyn, svart-kvitt eller ei.

No, i 2008, har dei fleste av oss etter kvart tilgang på fleire kanalar, men framleis har NRK ein sentral og spesiell plass i den norske folkesjela og i den felles kulturhistoria vår. Utan NRK ville me ha mangla mange av våre viktigaste felles referanserammer, som Pompel og Pilt, Titten Tei, Skomakar Andersen og alle dei andre gamle klassikarane. Eg tykkjer dagens NRK syner ei beundringsverdig vilje og evne til å ta vare på rolla som rikskringkastar, til stadig å fornye seg og framleis vere med på å setje dagsorden. Eg er stolt over at me har ein rikskringkastar som produserer program ingen andre lagar, som til dømes Migrapolis og Urix.

Eg vil gratulere jubilanten på det hjartelegaste med dei 75 første åra – og ynskje til lukke med dei 75 neste! Eg er sikker på at det blir 75 nye år med rivande utvikling på alle frontar, og kva høver vel betre enn å innleie dei med å feire at det digitale bakkenettet er på plass over heile landet?

Hjarteleg til lukke, alle saman!