Historisk arkiv

Opning av E16 Borlaug-Voldum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

3. september 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av E16 Borlaug-Voldum, 3 september 2008.

Kjære ordførar, fylkesordførar, sambygdingar – kjære alle!

Det er ei stor glede for meg å vere her i dag – på heimtraktene mine – for å opne E16 Borlaug–Voldum, ei vegstrekkje som består av tre ny bruer, ein ny tunnel og 6,2 kilometer "vanleg" – men flunkande ny – veg. Dette er ein stor dag for Lærdal, ja, for Sogn og Fjordane, ja – men sidan dette er ei hovudfartsåre aust-vest er det også ein stor dag for samferdsla i heile Sør-Noreg. No får me erstatta ei farleg og dårleg vegstrekkje med ny og langt tryggare veg. Det er på tide.

Eg må ærleg innrømme at dette er ei vegopning eg har gledd meg endå meir enn vanleg til, ikkje fordi eg kjem til å køyre på den sjølv titt og ofte, men fordi dette er ein veg eg har følgd på nært hald gjennom mange år – og dermed veit eg akkurat kor naudsynt den nye vegen er. E16 er sannsynlegvis ein av dei aller dårlegaste stamvegane våre, det har eg alltid sagt, og det var statssekretæren min – som er austlending – hjartans samd i etter å ha køyrt her i sommar. Gamlevegen var rett og slett køyrd sønder og saman.

Strengt tatt burde vel utbetringa her vore gjort samstundes med at ein bygde Lærdalstunnelen, før ein sette endå meir trafikk på denne dårlege vegen. Etter bygginga av Lærdalstunnelen har trafikkauka dessutan blitt endå større enn ein trudde på førehand – totaltrafikken har auka med ca 50 prosent og tungbiltrafikken er blitt tredobla.  Eg har lyst å takke alle dykk som har halde ut med den gamle vegen i påvente av den nye.

No er vegen endeleg her, og det er verkeleg ein gledens dag for alle som køyrer her – anten det er til dagleg eller ei gong i året. For E16 er ikkje ein lokalveg, E16 er stamvegen mellom dei to største byane våre, Oslo og Bergen. Den har ei stor føremon samanlikna med dei andre fjellovergangane ved at den er nesten aldri vinterstengt. Oppetida er vel på rundt 99 prosent, ein imponerande statistikk dei alternative rutene ikkje kan måle seg med. Dette gjer dette til ein viktig veg både for privatpasserande som av ein eller annan grunn må krysse fjellet med bil og – ikkje minst – for næringslivet, som har behov for at vegtilhøva er mest mogleg føreseielege.

Dette med næringslivets transportbehov er noko eg er særs oppteken av. Transport er heilt avgjerande for at bedrifter og næringsliv skal vere konkurransedyktige og verdiskapande, noko som igjen er naudsynt for sysselsetjing og velferd. Me vil aldri heilt kunne eliminere avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrentar i land tettare på marknadane, men eg vil bidra til ein utjamning av kostnadsskilnadane slik at me framleis kan ha eit livskraftig næringsliv i utvikling. For å få til ei slik utjamning er ein effektiv og velfungerande E16 etter mi meining ein viktig faktor.

Samstundes som E16 er ei viktig hovudfartsåre blir den også nytta som lokalveg. Det at ein no får ein tunnel her vil bety at de som bur her får ein langt fredelegare kvardag – utan støyen frå stamvegen.  Vegen betyr også kortare reiseveg frå Borgund og ned til sentrum. Parsellen som opna i 2004 korta ned avstanden gjennom Lærdal med 5 kilometer. Vegen som blir opna i dag gjev ei ytterlegare innkorting på 2,2 kilometer – altså er vegen gjennom Lærdal no 7,2 kilometer kortare enn den var då Lærdalstunnelen vart opna. Denne innkortinga, saman med at trafikken vil halde høgare fart, gjer at køyretida gjennom dalen vert monaleg redusert.

Det aller viktigaste er likevel at ein no får ein mykje tryggare veg. Den gamle vegen hadde svært dårleg kurvatur og dårleg bereevne, noko som førde til mange utforkøyringar. Særleg hadde tungtrafikken problem – på grunn av smal veg og svake vegkantar. Desse problema vil no bli nærast borte, og eg trur ikkje eg tek munnen for full om eg seier at ulukkesrisikoen no vil bli kraftig redusert.

Det er likevel ein ting som blir særs viktig no framover, og det er at folk ikkje byrjar råkøyre her sjølv om ein har fått ny og flott veg. Eg kan ikkje få sagt det for ofte – for at me skal unngå ulukker med alvorleg skadde eller drepne i trafikken, må kvar enkelt av oss ta eit ansvar. Me må sjølvsagt ikkje køyre i rusa tilstand, me må bruke sikkerheitsbelte, me må halde fartsgrensene og me må vere merksame og ikkje drive med andre ting, anten det er mobilen eller stereoanlegget. Alt dette høyrest sikkert sjølvsagt ut, men statistikken viser at det i svært mange av ulukkene er førarfeil innblanda. Det hjelper ikkje berre med ny og fin veg – sjølv om det også sjølvsagt er viktig – me må alle saman oppføre oss ansvarleg kvar gong me er ute i trafikken.

Eg har lyst å rette ein stor takk både til Statens vegvesen som byggherre, og til entreprenørane som har bidrege. Budsjett- og tidsrammer har blitt etterlevd – takka vere god innsats frå alle ledd. Eg skjønar at det også har vore eit nært og godt samarbeid med grunneigarane i området og med dei kommunale styresmaktene – det er viktig, og gjer at ein kan nyte ein dag som denne utan bismak.

Ny E16 Borlaug-Voldum er eit viktig steg framover, men me må òg ha ambisjonar om vidare utbygging, det er framleis mange flaskehalsar på E16. Det gjeld det same her som så mange andre stader, det er mykje som må gjerast – me må halde fram med å byggje landet vidare – og me ta betre vare på dei vegane me har, så dei har akseptabel standard. Det er mykje som gjenstår, men i dag skal me først og fremst feire denne nye vegen.

Det er ei stor ære og ei glede for meg å ynskje dykk hjarteleg til lukke med den nye vegen og å erklære nye E16 Borlaug-Voldum for opna!