Historisk arkiv

Opning av E18 Kopstad-Gulli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av E18 Kopstad-Gulli i Vestfold, 30. januar 2008.

Tale ved opninga av E18 Kopstad-Gulli
Vestfold, 30. januar 2008

Fylkesmann, fylkesordførar, ordførarar – kjære alle saman! Gratulerer med den store dagen. Det er svært hyggeleg å få stå for den offisielle opninga av denne flotte og  moderne vegen!

E18 ein av dei viktigaste stamvegane våre, ei hovudpulsåre som bind saman både byar og landsdelar. No vert køyretida endå kortare enn tidlegare, og det vil gi positive ringverknader. Vestfold er nest etter Oslo og Akershus det mest folketette fylket vårt. Mykje takka vere E18 blir Vestfold no meir og meir eitt felles bustad- og arbeidsmarknadsområde med eit godt utvikla næringsliv. Slik oppfyller E18 det viktigaste målet med samferdsle, nemleg å binde landet saman og skape auka velferd! Og ikkje minst gjer E18 det lettare for oss som ikkje bur her å kome til perlene i Vestfold, til den attraktive kystlina, til dei spennande historiske stadane – det var jo her Noreg oppstod – og det kulturelle tilbodet.

E18 Kopstad-Gulli omfattar 12 kilometer firefeltsveg, og vegbreidda er heile 29 meter. Strekninga er eit framhald av Gutu-Kopstad som stod ferdig i 2002. No har snart heile EI8 samanhengande firefeltsveg Oslo- Tønsberg, og eg er glad for at denne svært trafikkerte vegen no er så trygg som råd!

Dette er òg landets mest moderne veg, ikkje minst med tanke på overvakings- og informasjonssystem. På Kopstad-Gulli finn me heile 84 videokamera i tunnelane og 36 variable fartskilt. Vegen symboliserer på mange måtar framtidas motorvegar. For meg som samferdselsminister er det fint å sjå korleis moderne teknologi kan nyttast til å gjere ein vegstrekning – og det å ferdast på den –  tryggare og betre.

Det er mykje vakker, viktig og verneverdig natur her i Vestfold, og trass beskjeden storleik er Vestfold eit viktig jordbruksfylke. Det vart difor lagt vekt på at minst mogleg verdfull jord skulle gå tapt. Miljøomsynet har gjennomsyra byggearbeidet. Til dømes er tre av tunnelane miljøtunnelar bygd for å ivareta landbruk, natur og dyreliv. Slikt varmar eit grønt statsrådhjarte!

Det har diverre vore mange alvorlege trafikkulukker i Vestfold. I Undrumsdal arrangerer dei kvart år ei minnemarkering for dødsoffera i trafikken. Regjeringa arbeider etter ein nullvisjon om at vi ikkje skal ha drepne eller alvorlege skadde i trafikken, og nye E 18 er ein viktig del av dette arbeidet. Gamle E I8 har no blitt ein del av lokalvegnettet, og det er planar om å opprette ein ny gang- og sykkelsti. Slik har nye E 18 ført til at folk langs gamle E 18 har fått ein ny kvardag. Trafikken forbi husa deira er redusert frå ca 18000 køyretøy per dag til under 1000 køyretøy, plagene med støy og støv er redusert til eit minimum – og folk kan kjenne seg tryggare enn før.

Firefeltsvegen vil truleg gje ein reduksjon i talet på drepne og skadde på 70-90 prosent, og erfaringane frå nordre Vestfold tilseier at det no bør gå mange år mellom kvar dødsulukke – vel og merke dersom den enkelte bilførar tek ansvar.

Eg vil gi ros til Statens vegvesen for godt samarbeid med kommunane og innbyggjarane både i planleggingsfasen og under utbygginga. Eg vil òg rette ei stor takk til både entreprenørar, kommunar, Statens Vegvesen, fylkeskommunen og alle andre som har vore med i planlegginga og bygginga av E18 Kopstad-Gulli. De har alle gjort ein fantastisk jobb!

Gratulerer med dagen, og til lukke med landets mest moderne veg!