Historisk arkiv

Opning av Eiksundsambandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

23. februar 2008

Samferdsleminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Eiksundsambandet i Møre og Romsdal, 23. februar 2008.

Fylkesmann, fylkesordførar, ordførarar, kjære alle!

Hjarteleg til lukke med dagen! Det er stas for meg å vere her i denne flotte landskapen, puste inn den friske havlufta og sjå dei mektige fjella kring her. Eg veit jo frå før at Sunnmøre kan by på noko av den mest ville og vakre naturen her til lands, men det er likevel ei mektig oppleving å vere her i dag.

Dette er ein historisk dag. I dag opnar Eiksundsambandet som knyter øykommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein saman med landkommunane Ørsta og Volda. Sambandet gjer at 22.000 innbyggjarar i øysamfunna på Sunnmøre no får direkte fastlandssamband. Slik oppstår ein ny storregion med heile 40.000 innbyggjarar. Sambandet vil ikkje berre vere eit løft for Sunnmørsregionen, det vil vere eit stort framsteg for samferdsla på heile Nord-Vestlandet.

Det ligg ei lang historie bak dette fastlandssambandet. At lokalbefolkninga har jobba for sambandet i fleire tiår er med på å gje gjere dagen endå meir høgtideleg. I år er det 30 år sidan selskapet Eiksundsambandet vart stifta, og fem år sidan Knut Nerø – som har vore ein eldsjel i arbeidet – sette gravemaskingrabben i jorda. Om nokon tykkjer det er lenge, vil eg minne om kva Ivar Aasen sa: ”Det som brådt er bygt, det stend ikkje trygt!”

Både framdrift og budsjettering har vore god. I 2003 vart Eiksundsambandet berekna å skulle koste om lag 995 millionar 2008-kroner. Den endelege sluttrekninga er ikkje klar endå, men sluttkostnaden ser ut til å ende på om lag 970 millionar 2008-kroner, altså litt lågare enn det opphavlege kostnadsoverslaget. Det er gledeleg – i eit tid der stadig aukande anleggsprisar har ført til problem med å halde kostnadsoverslaga på ein del prosjekt.

Sambandet får mange positive ringverknader. Næringsliv og industri vil no få betre konkurransevilkår enn tidlegare. I dei ytre kommunane gjeld dette særleg verftsindustrien, fiske og fiskeindustri, medan Ørsta og Volda kan by på flyplass, sjukehus og høgskular. No blir heile området ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Også mangfaldet av kulturtilbod og opplevingar vert større. Reisetida blir redusert, og ulempa ved nattestenging vert fjerna. Slik vil dette sambandet føre til at folk no får enklare tilgang til eit variert skuletilbod, til eit utvida og variert arbeidsmarknad, betre tilgang på lege og sjukehustenester, eit utvida handelstilbod og eit utvida tilbod av andre offentlege og private tenester.

Dermed bidrar sambandet til det viktigaste målet med all samferdsle, nemleg å gje auka velferd og  binde landet saman!

Eg vil rette ein stor takk til entreprenørane, kommunane, Statens Vegvesen, fylkeskommunen og alle andre som har vore med i planlegginga og bygginga av Eiksundsambandet. Eiksundsambandet har blitt bygd med edel tankekraft og er eit døme på noko av det fremste me har av ingeniørkunst. Eit artig aspekt er at Eiksundtunnelen med sine 287 meter er den tunnelen i verda som ligg djupast under havoverflata. Ikkje verst med ein verdsrekord!

Eg kjenner meg trygg på at alle som trafikkerer området vil få mykje glede og nytte av Eiksundsambandet i mange år framover. Gratulerer med dagen, og hjarteleg til lukke med fastlandsambandet Eiksund!