Historisk arkiv

Opning av Fatlatunnelen, Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Fatlatunnelen på rv. 55 mellom Sogndal og Leikanger, 19. desember 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Opning av Fatlatunnelen
19. desember 2008

Gode ordførarar, fylkesordførar, fylkesmann, vegdirektør, gode sogningar – kjære alle!

Hjarteleg til lukke med dagen. Dette er ein stor og gledeleg dag for meg, for dykk, ja, for alle vegfarande på denne strekninga.

Til påske i fjor opna Stedjebergtunnelen, no står Fatlatunnelen ferdig, og dermed har me fått rastrygg veg mellom Sogndal og Leikanger. Takka vere lokalt initiativ og vilje til å vere med å finansiere utbygginga står dette anlegget ferdig no. Eg har lyst å rette ein stor takk både til dei som har bidrege til det, og til alle dei som har halde ut med den utrygge strekninga i alle desse åra. Ein trygg og sikker veg vil binde Sogn enno betre saman og styrkje regionen som ein bu- og arbeidsregion med Sogndal-Leikanger som tung akse.

Rassikring er noko av det viktigaste me som styresmakter kan gjere for samferdsla i landet Faren for ras skapar kvar einaste dag frykt og uro blant folk som bur i utsette område. Rassikring er difor ei oppgåve regjeringa prioriterer høgt. I budsjettet for 2009 har me gjeve 25% meir til rassikring enn i år. For at folk skal kome seg fram og tilbake frå jobb, skule og fritidsaktivitetar og kunne halde fram med å bu der dei aller helst vil bu, må me satse endå meir på rassikring enn tidlegare. Folk som ikkje har levd med rasfare tett på livet kan ikkje skjøne korleis det kjennest. Det å sleppe å vere redd når ein køyrer til jobb eller sender ungane på skule, det kan ikkje målast i pengeverdiar. I tillegg påfører stengde vegar og jernbane næringsliv og samfunn store kostnader.

Rassikring blir endå viktigare på grunn av klimaendringane. Meir nedbør vil kunne medføre at det går fleire ras, at dei går oftare, og at dei går på nye stader – noko me har sett døme på siste tida. Eg skal jobbe knallhardt for å få på plass ein rasmilliard slik den nasjonale rassikringsgruppa har ynskt. Ras er elles ikkje berre eit fenomen langs vegane. Regjeringa har difor teke ansvar for å vere betre rusta til å kartleggje og førebyggje skred, ved å opprette ein eigen skredetat, lagt til NVE. Eg er særs glad for at regionkontoret i Førde skal ha eit særskilt ansvar og at også andre fagmiljø i fylket skal koplast på.

Vegen her har vore rangert som ein av dei mest rasutsette vegane i Region vest. På denne strekninga har det kome 10-20 steinnedfall i året, og mange har følt seg utrygge og redde. Den tragiske dødsulukka i fjor haust viser også at folk har hatt grunn til å vere urolege. No er denne epoken over, tunnelen er tungt og godt sikre – etter dei nyaste retningslinene – og folk treng ikkje lenger kvi seg på ein tur gjennom Fatlaberget. Det er utruleg viktig!

Eg gler meg dessutan stort over at mesteparten av overskotsmassen frå anlegget har kome til nytte. Ein del er nytta til vegbygging på begge sider av tunnelen. Elles er det mest synlege resultatet den nye småbåthamna i Leikanger som har kome til gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Leikanger kommune, vegvesenet og båtlaget. Det gjenstår endå noko arbeid, men det vert eit flott hamneanlegg som vil møte vegfarande og sjøfarande som kjem til bygda, og såleis slå positivt ut for reiselivet. Eit par entreprenørar og Leikanger kommune har òg teke over ein del tunnelmasse som dei skal bruke framover. Det er verkeleg flott å sjå korleis tunnelbygginga får slike positive ringverknader.

Eg vil takke Statens vegvesen, entreprenørane, kommunane, fylkeskommunen og alle andre som har vore involverte i bygginga av denne vegen. De har stått på og gjort ein god jobb. Tunnelanlegget kjem til å koste om lag 10% meir enn det første kostnadsoverslaget, det skuldast at ein del av arbeidet har blitt langt meir krevjande og omfattande enn ein hadde grunnlag for å tru på førehand. Den gode nyhenda er at tunnelen er klar etter tidsplanen og opnar no i desember – slik det har stått på opplysningsskiltet i begge endar. Det er ei flott julegåve til alle som bur og ferdast i området!

Men me gir oss ikkje her. Me skal byggje framtidas infrastruktur i heile landet. I 2009 skal me leggje fram ein ny offensive nasjonal transportplan, og eg er sikker på at folk over heile landet vil merke at det vert meir rassikring, meir ny asfalt og betre satsing på drift av vegnettet – i tillegg til nye flotte prosjekt, som denne tunnelen.  

Eg nemnde jul i stad –  ein lang og god juleferie står for tur for mange av oss, sjølv har eg i dag hatt årets siste Oslodag og er veldig glad for å vere heime att, me er no inne i mørketida, og eg tykkjer difor det passar å avslutte med Hans Børlis dikt Ledestjerna, som både seier noko om lys i mørketida og om kor viktig det er å verkeleg stå på for det ein vil oppnå, anten det er ny, rassikker veg, eller noko anna. Dette diktet går til alle dei som har jobba og stått på for denne tunnelen gjennom mange år.

Ledestjerna

Det er mørkt, sier du.
Å ja, det er ofte mørkt
på veiene, bror. Men mennesket
må VILLE sin ledestjerne, ønske den
så hett og inderlig
av hele sitt vilskne hjerte
at mørkret plutselig slår ild og
stjerna står der
tindrende stor og klar
over de frosne veiene

Då er det ei stor ære og glede for meg å erklære Fatlatunnelen for opna.

Hjarteleg til lukke med dagen og køyr forsiktig!