Historisk arkiv

Opning av Ganddal godsterminal, Sandnes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Sandnes, 21. januar 2007

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Ganddal godsterminal i Sandnes 21. januar 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete opnar Ganddal godsterminal (foto: Sindre Ånonsen/Jernbaneverket)Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Opning av Ganddal godsterminal
Sandnes, 21. januar 2007

Gode jernbanetransportørar, gode alle!

Hjarteleg takk for invitasjonen til å opne Ganddal godsterminal. Dette er ein stor dag for alle oss som jobbar med å styrke godstransporten på jernbanen.

Det er òg ein stor dag for næringslivet i Rogaland. Mange gode krefter arbeider for å utvikle Stavangerregionen til det fremste logistikknutepunktet i landet.

Med opninga av Ganddal har regionen no terminalar for fly, båt og bane innan ti kilometer radius. Ingen andre stader i Noreg kan vise til noko liknande, så det har de grunn til å vere stolte av!

Ein skal kanskje ikkje snakke politikk på ein dag som dette, men eg torer likevel nemne at regjeringa har auka løyvingane til samferdsle med over 2,5 million dei siste åra. Eit av hovudsatsingsområda har vore å gjennomføre ei gradvis grøn vriding av transportpolitikken – der mest mogleg transport vert flytta over frå veg til alternative transportformer. Me har difor auka løyvingane til jernbanen med over 50% på to år. Ganddal er eit viktig verkemiddel i kampen for å få ned utsleppa frå vegtrafikken.

Ei annan hjartesak for meg er næringslivets transportar – eg er oppteken av at me må leggje tilhøva best mogleg til rette for det svært transportavhengige næringslivet vårt. Også her inneber Ganddal eit stort steg framover, både fordi terminalen er med på auke kapasiteten og fordi transport på bane er meir føreseieleg enn godstransport langs vegen. Dessutan: Å flytte mest mogleg av godstrafikken over til bane reduserer talet på vogntog og gjer dermed vegane våre tryggare.

Desse tre vinstane, for klima, for næringsliv og for tryggleik, gjer dette til ein stor dag for meg som samferdselsminister.

Dette er òg tre satsingsområde som står sentralt i grunnlagsmaterialet til ny Nasjonal transportplan som transportetatane la fram førre veke. Og utan å føregripe noko trur eg at eg kan seie ganske sikkert at desse aspekta vil stå sentralt også i den endelege planen, som Regjeringa legg fram i desember.

Me ser no ei sterk vekst i godstrafikken med jernbane. Særleg gjeld dette kombinerte transportar med containerar, semihengarar og lasteflak. Desse transportane utgjer 85% av godstransporten på bane. Dei siste fem åra har volumet for kombitransportane auka med 10-15 % kvart år. No er etterspurnaden etter jernbanetransport større enn det godstransportørane og jernbanenettet har kapasitet til å handtere.

Dette er ei veldig gledeleg utvikling, men den gir oss ein del utfordringar i åra framover. Veksten krev at me utviklar infrastruktur som toler at endå meir gods blir flytta over frå veg til bane. Det krev innsats òg frå kommunar og fylkeskommunar, som mellom anna har ansvaret for arealplanlegginga. Den konsentrerte lokaliseringa av terminalar for fly, båt og bane her i Stavanger blir ein spydspiss i så måte. Ny rv 44 er endå ei viktig brikke i arbeidet med å utvikle eit godt logistikknutepunkt i Rogaland.

Men me stoppar ikkje her! Planen er å ruste opp fleire av dei store godsterminalane, blant anna Alnabru. Dessutan aukar me kapasiteten i jernbanenettet ved å bygge fleire kryssingsspor på hovudstrekningane. Dette gjeld ikkje minst Sørlandsbanen, der Jernbaneverket har planar for to nye kryssingsspor på Nodeland og Ualand. Fleire vil kome i åra framover. Nye kryssingsspor gir plass til fleire godstog, og slik kan kapasiteten her på Ganddal utnyttast betre.

Til no er det investert 920 millionar kroner i jernbanen i Rogaland. Når dobbeltsporet står ferdig i slutten av 2009 vil staten ha investert godt over 2,6 milliardar kroner i Stavangerområdet. Det er eg godt nøgd med!

Ganddal skal betre forholda for godstrafikken mellom Oslo og Stavanger. Men terminalen er òg viktig for satsinga på lokaltrafikk mellom Sandnes og Stavanger. At godstoga no snur på Ganddal og ikkje i Stavanger, gir plass til fleire persontog på dobbeltsporet. Slik kan fleire rogalendingar bruke toget til og frå jobb og fritidssyslar – det varmar eit grønt statsrådhjarte!

Etter to år med intens bygging står Ganddal no klart - og har blitt landets mest moderne terminal. Den ser imponerande flott og funksjonell ut! Eg er glad for at Jernbaneverket har bygd ein terminal som skal vere effektiv for brukarane – men samstundes miljømessig akseptabel for naboar og nærområde. Ein så stor terminal vil både synast og høyrast i landskapen, og det er difor lagt ned mykje arbeid i å dempe støy og lys frå terminalen.

Då vil eg gratulere Jernbaneverket med det nye bygget, og ynskje alle brukarane av Ganddal godsterminal til lukke med drifta framover. Dette blir ein terminal de vil ha nytte av i mange år framover. Det er ei stor ære for meg å overlevere køyreordren til godstog 5804 som de ser stå bak meg her no, lasta med containerar og klart til avgang. Ordren seier at toget skal forlate Ganddal og halde fram si ferd mot Alnabru i Oslo, der det skal vere framme kl. 23:24 i kveld.

God tur til toget! - og med dette er Ganddal godsterminal offisielt opna for trafikk.

 

Foto: Samferdselsminister Liv Signe Navarsete brukte flagg og fløyte for å markere åpningen av Ganddal godsterminal. Jernbanedirektør Steinar Killi til venstre for statsråden (foto: Sindre Ånonsen/Jernbaneverket).