Historisk arkiv

Opning av ITS-konferansen/Innovasjonskonferansen i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av ITS-konferansen/Innovasjonskonferansen i Bergen, 31. januar 2008.

ITS-konferansen/Innovasjonskonferansen, Bergen 31.01.2008
”Miljø som drivkraft for innovasjon”


Kjære alle saman!

Takk for innbydinga til å opne ITS-konferansen og Innovasjonskonferansen 2008. Eg tykkjer det er flott at de i år har slått dykk saman og har deler av programmet felles – i tillegg til eigne, separate bolkar. Eg er sikker på at de slik vil oppnå nyttige synergieffektar. Samanhengen mellom ITS og innovasjon er då også nokså klar, tykkjer eg. Utan innovasjon, ingen ITS. Og utan ITS står me dårlegare rusta i kampen for miljøet. Difor utgjer miljø, innovasjon og ITS eit naturleg triangel, slik eg ser det.

Det er særleg hyggeleg for meg å vere her i dag, fordi desse konferansane tek opp tema eg lenge har vore oppteken av. ITS er ei avgreining av IKT, eit fenomen har endra verda, ikkje berre ein gong, men fleire. Allereie lenge før eg vart statsråd var eg oppteken av korleis me kan bruke IKT til å betre kvardagen for folk flest.

Då eg i vaksen alder byrja studere på Distriktshøgskulen i Sogndal var IKT eit av faga mine, og sidan byrja eg arbeide på dette fagfeltet. IKT som verkemiddel for å skape eit betre samfunn har òg vore eit av mine politiske hjartebarn. Eg meiner IKT er avgjerande for å ivareta og vidareutvikle både eit konkurransedyktig næringsliv og ein velfungerande offentleg sektor.

Klima og miljø som drivkraft
Regjeringsskiftet i 2005 markerte eit taktskifte i satsinga på samferdsle her i landet. Me ynskjer å byggje landet vidare, og har difor auka løyvingane til samferdsle med 2,5 milliardar årleg sidan me overtok. Samferdsle er med på å binde landet vårt saman, og er avgjerande for å sikre busetnad og næringsliv i heile landet.

Eg har blitt beden om å seie litt om miljø som drivkraft for innovasjon og ITS. Då er det naturleg å ta utgangspunkt i vår tids store utfordring, klimaendringane. 2007 vart året då klimaet vart noko alle diskuterte, på bussen, ved lunsjen, i familiemiddagen. Klimaendringane påverkar dei fleste sektorar, og gjer det mellom anna naudsynt med ei gradvis grøn vriding av transportpolitikken. Litt fakta: Frå 1990 til 2005 auka CO2-utsleppa frå vegtransport med over 25 prosent, vesentleg på grunn av auka næringstransport. For å redusere utsleppa er det naudsynt med ein kraftig innsats.

I Klimameldinga presenterer regjeringa målet om å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med det som hadde vore tilfelle utan tiltak. Ein reduksjon på 4 millionar tonn tilsvarar omtrent nullvekst i utsleppa frå dagens nivå.

For å nå dette målet er det naudsynt med tiltak på eit breitt spekter av område. Me må bryte den til no naturlege samanhengen mellom auka velstand / velferd og auka utslepp. Dette inneber at me må redusere transportomfanget, me må reise meir kollektivt, me må redusere energibruken per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege energiberarar.

Våre tiltak på miljøområdet
Eit miljøtiltak me har gjennomført på samferdslesektoren er den miljøvenlege omlegginga av eingongsavgifta. Vidare har me auka jernbaneinvesteringane med over 50% prosent. Me har starta debatten om køprising, lagt fram eit lovframlegg som opnar for å bruke bompengar til drift av kollektiv og innført introduksjonsprogrammet for biodrivstoff.

Midt i alt fokuset på klimagassutsleppa er det samstundes viktig å halde fram kampen mot dei lokale miljøproblem – støy, støv og partikkelutslepp. Både klimaendringane og andre miljøproblem gjer at me må tenkje innovativt for å finne løysingar på problema.

Teleområdet
Både teleområdet – som er tema for Innovasjonskonferansen – og transportområdet fell inn under mitt ansvarsområde. Eg kjem til å konsentrere hovuddelen av innlegget mitt om  ITS på transportområdet, men først vil eg seie nokre ord om teleområdet.

Som samferdselsminister er det mi oppgåve å føre tilsyn med og regulere marknaden for elektronisk kommunikasjon slik at rammevilkåra blir best mogleg. Tilgang til breiband og digital allemannsrett er viktig for regjeringa, og i Soria Moria-erklæringa har me sett oss høge mål på området, mål me no er i ferd med å nå. Ved sida av digital allemannsrett er det viktig å byggje opp under den vidare utviklinga av dagens teknologi. Her er innovasjon sjølvsagt eit nøkkelord. Eg vil gjere alt eg kan for at Noreg skal vere i tet når det gjeld utvikling og bruk av teknologi.

Digital kompetanse i befolkninga, gode offentlege tenester og føreseielege rammevilkår er naudsynt for at Noreg framleis skal vere eit av verdas beste land å bu i. Særleg er det viktig for å skape betre balanse mellom distrikta og byane, ved å gjere informasjon, kulturtilbod og underhaldning lettare tilgjengeleg for alle.

Fire sentrale mål for ny Nasjonal transportplan
Den eine av dei to konferansane her handlar om ITS og eg vil i resten av innlegget mitt fokusere på ITS. ITS – slik eg ser det – handlar om å finne smarte løysingar som gjer at me får meir igjen for pengane våre og dermed kan gjere ein betre jobb for samfunnet. I desember i år skal me leggje fram Nasjonal transportplan 2010-2019. Dette vil bli den første nasjonale transportplanen gjennomsyra av regjeringas politikk.

Planen skal vere leiestjerna for transportpolitikken her i landet dei neste ti åra. For nokre veker sidan fekk me grunnlagsmaterialet frå transportetatane til ny NTP. Arbeidet med å utforme den endelege planen vil stå sentralt i Samferdselsdepartementet sitt arbeid gjennom heile 2008. Fire hovudpilarar er nedfelt i utgangspunktet. Eg skal raskt skissere desse:

1) Me vil betre framkoma og redusere avstandskostnadane. Dette vil me gjere for å styrkje konkurransekrafta i næringslivet og oppretthalde busetnaden i heile landet.
 
2) Me vil byggje transportpolitikken på nullvisjonen som seier at det ikkje skal skje ulukker med drepne eller livsvarig skadde i transportsektoren.

3) Me vil redusere dei miljøskadelege verknadane av transport, og me vil bidra til å oppfylle nasjonale mål og Noreg sine internasjonale forpliktingar på miljøområdet.

4) Transportsystemet skal være universelt utforma – altså tilgjengeleg for alle.

ITS som verktøy for å nå dei fire hovudmåla i NTP
For å nå desse fire hovudmåla vil ITS vere eit av mange viktige verkemiddel, og ITS vil difor inngå i ny NTP. Me brukar ITS innan samferdsla allereie i dag, men ITS vil truleg berre bli viktigare og viktigare i framtida.  ITS-verktøya famnar breitt. Dei kan vere alt frå trafikantinformasjon, betalingssystem, drift av infrastruktur, overvaking og kontroll – til førarstøttesystem og navigasjon. ITS er òg viktig for samarbeid mellom og samordning av ulike transportmidlar og instansar. Rett brukt vil ITS vere eit sentralt verktøy for å oppnå dei fire hovudmåla i NTP.

Til dømes bidrar trafikantinformasjon om føreforhold, kø og alternative køyreruter til målet om betre framkome. Automatisk trafikkontroll og elektroniske kant- og senterlinjer bidrar til målet om færre skadde eller drepne i trafikken. Bruk av ITS for informasjonsutveksling er viktig for næringslivet – det gjer det lettare for aktørane å finne dei beste og rimelegaste transportalternativa, og det lettar samordninga mellom ulike transportformer.

Døme på ITS som verktøy for å nå miljømålet i NTP
I forhold til miljømålet i NTP kan ITS bidra på ei rekkje ulike måtar. Eg vil gje nokre døme:

Døme 1, trafikantinformasjon:
I ein rapport frå Transportøkonomisk institutt om Trafikantens infotenester viste det seg at 18% av førespurnadane til Trafikanten genererte kollektivreiser som elles ikkje ville blitt gjennomført. I gruppa av ”nye” reisande svarte nesten halvparten at dei utan informasjonen frå Trafikanten hadde vald ein annen reisemåte, gjerne bil eller taxi. Dette tykkjer eg er eit godt døme på at god trafikantinformasjon kan generere nye kollektivreisande som elles ville vald privatbil. Den positive miljøeffekten seier seg sjølv!

Døme 2, ruteplanleggingsverktøy for godstransport:
Ein studie frå SINTEF viste at sjåførane som deltok i undersøkinga kunne spare mellom 0,5 – 1 time i utkøyrt distanse per dag dersom dei brukte elektronisk ruteplanleggingsverktøy. Redusert køyring gir reduserte utslepp – og miljøvinst!

Døme 3, elektronisk tilfartskontroll til hovudvegar i byer:
Elektronisk tilfartskontroll ut på hovudvegane i byane kan redusere tida me brukar i saktegåande kø. Jamnare køyrefart gjer òg at drivstofforbruket vert redusert saman med utsleppa. ITS er dermed også eit verkemiddel for reinare luft i byane.

Døme 4, navigasjonssystem
Navigasjonssystem i bilar kan hindre unødvendig leitekøyring. Jo mindre køyring, jo mindre utslepp!

Regjeringas bidrag til ITS
Dette er berre nokre få av mange døme på vellukka bruk av ITS. Dei syner at ITS på ei rekkje område kan bidra til meir effektiv bruk av transportinfrastrukturen, og dermed til reduserte utslepp og betre miljø. ITS er difor eit viktig satsingsområde for regjeringa. Det har blant anna resultert i at Samferdselsdepartementet frå og med årets statsbudsjett finansierer ein vesentleg del av arbeidet i ITS Norge, som er ein av arrangørane av denne konferansen. ITS Norge er ein non-profit-organisasjon som arbeider for å fremje samarbeid mellom styresmakter, transportnæring og forskingsmiljø på ITS-området.

Samferdselsdepartementet støttar òg opp om forsking på ITS-området. I 2008 løyvde me 20 millionar kroner til forskingsprogrammet SMARTRANS i Forskingsrådet. Programmet har som målsetjing å redusere næringslivet sine tids- og distansebaserte kostnader og utvikle løysingar som gir effektiviserings- og miljøvinster.

Ved sida av å bidra til forsking er regjeringa også ein viktig etterspørjar av nye teknologiske løysingar.

Eg arbeidar for gjere samferdsla her i landet meir effektiv, tryggare og meir miljøvenleg – til beste for folk flest. Som eg har synt gjennom døma mine, er ITS eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. For å gjere ITS til eit endå betre verktøy, er innovasjon eit nøkkelord. Eg tykkjer difor det er positivt med konferansar som desse, der næringsliv, styresmakter, forskingsmiljø og ulike organisasjonar kan kome saman. Slike møtestader er viktige for inspirasjon, kreativitet og ikkje minst informasjons- og kunnskapsutvikling.

Eg er lei for at statsrådkalenderen er så stram at eg ikkje kan få med meg særleg mykje av det spennande programmet dykkar, men eg har gode utsendingar til stades som vil fange opp kva som skjer og formidle det til meg i etterkant. Då vil eg takke for meg – og ynskje dykk lukke til med to viktige konferansar!