Historisk arkiv

Opning av konferansen "Transport - Miljø - Forskning", Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av konferansen "Transport - Miljø - Forskning" i Oslo, 2. april 2008.

Kvifor er forsking på transportområdet viktig?

Godtfolk!
Tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag.

Forsking er noko eg er særs oppteken av, forsking er heilt naudsynt for å skape meir effektiv transport og dermed eit betre land å bu i. Utan forsking kjem me oss rett og slett ikkje vidare. Difor er det viktig at me løftar blikket frå kvardagens kjas og mas, og klarar sjå framover og vidare.

Sjølv har eg vore styreleiar i Vestlandsforsking, eit verv eg har hatt stor glede av og som også har gitt meg nyttig lærdom om korleis forsking fungerer. Lite kjennest så gjevande som å kunne bidra til å utvikle framtida.

Styreleiarvervet har også lært meg at forsking ikkje er så lett å styre. Det er den enkelte forskar si drivkraft som driv forskinga framover. Det er viktig, ja, avgjerande, at me spelar på lag og har ein god dialog. Me som løyver pengar, må vere lyttande overfor dei som forskar. Me kan løyve, me kan rette løyvingane inn område, men det vil til sjuande og sist alltid vere forskaren som må gjennomføre sjølve arbeidet, og som veit kvar skoen trykkjer.

Kvifor er forsking på transportområdet viktig?

Eg kan begynne med den ekstreme kortversjonen av svaret: Fordi me fortener det!
Her ligg to premiss i botn. For det første: transport og samferdsle er av uvurderleg tyding for landet vårt. Det er transportsystema som bind landet saman, og dermed er med på å skape vekst og velferd for folk flest. Forsking er grunnlaget for at Noreg skal kunne liggje i forkant internasjonalt på viktige område som foredling av naturressursar, IKT, olje og gass, med meir. Forsking er dermed viktig for å skape og oppretthalde arbeidsplassar og busetnad.

Det andre premisset som ligg i botnen er at forsking er avgjerande for å forstå kva som skjer, og kvifor det skjer, i eit moderne og komplekst samfunn.

Koplar me desse to premissa saman ser me at kunnskapsbasert forsking om transport og mobilitet legg grunnlaget for både ordskifte, politikk og avgjerder. Forsking gir oss oversyn over trafikkstraumar og reisevanar, forsking gir innsikt i drivkreftene og trendane i samfunnet og forsking utviklar forståinga av aktørane og deira val av handlingar.

Forsking hjelper oss med å nå sentrale mål i transportpolitikken. Lat meg ta nokre døme. Forsking hjelper oss for eksempel til å utvikle tiltak for å redusere talet på drepne og skadde i trafikken. Forskinga gir også grunnlag for å redusere skadelege klimautslepp frå transportsektoren og minske lokal luftureining og støy. Me brukar også forsking under planlegging. God planlegging bidreg rett og slett til at samfunnet sine ressursar blir utnytta best mogleg, at me får så mykje som mogleg att for pengane våre.

Om sektoransvaret for forsking
Her på dagens konferanse vil me få presentert ei rekkje prosjekt frå ulike forskingsprogram som er vert finansierte av SD. Statens vegvesen er òg ein vesentleg aktør som støttar mange spennande prosjekt, blant anna etatsprosjektet klima og miljø som me skal få høyre meir om her i dag.

I Norge har dei ulike fagdepartementa eit sektoransvar for forsking på sitt område. Det betyr at me i Samferdselsdepartementet har eit ansvar for at det føregår ei langsiktig kunnskapsutvikling i transportsektoren. Kunnskapsutviklinga skal vere til nytte for eit breitt spekter av brukarar, næringsliv, forskingsverda og sjølvsagt ålmenta.

Næringslivet treng støtte til innovasjon og til utvikling av smarte løysingar. I Norge er me ikkje gode nok samanlikna med dei andre nordiske landa på dette området. Eit døme på dette kan vere GSM-teknologien som vart utvikla ved NTNU i Trondheim. Den utvandra ganske raskt til Finland der Nokia fekk glede av den. Diverre er dette eit ganske klassisk døme på korleis me her i Noreg må bli flinkare til å omdanne forskingsresultata våre til produkt og arbeidsplassar.

Forskingssamfunnet er avhengig av støtte til grunnlagsforsking fordi oppdragsforsking og anvendt forsking ikkje alltid har rom til djupare dykk i materien. God oppdragsforsking kviler på eit fundament av grunnleggjande forsking.

Ålmenta har nytte av forsking på mange måtar. Forskinga påverkar rett og slett korleis me som enkeltpersonar handlar. Til dømes trur eg mange av oss har blitt påverka av dei forskingsresultata FNs klimapanel har lagt fram, det har påverka korleis me oppfører oss i kvardagen vår. Det er viktig at me tek inn over oss kva som er kunnskapsstatus på eit område slik at meiningsutvekslinga i minst mogleg grad baserer seg på lause tankar og synsing. Når me diskuterer tiltak for å redusere bruken av personbil i storbyane bør det liggje forskingsbasert kunnskap i botn. Helst bør alle politiske meiningar kunne forankrast i kunnskap.

Eit aspekt eg er særs oppteken av er at forskinga må ut, ut til folket, ut til ålmenta. Forsking skal vere gjenstand for offentleg søkelys og debatt. Forsking skal opplyse oss og dermed vidareutvikle samfunnet vårt. Forsking skal brukast til noko, først då har den ein misjon.

Styresmaktene er òg storforbrukarar av forsking, noko eg illustrerte innleiingsvis.
Samferdselsdepartementets forskingsbudsjett er ikkje av dei største blant departementa, men det har hatt ei god utvikling sidan 2000. For 2008 er det sett av totalt 72,8 millionar kr til transportforsking. I tillegg går omtrent like mykje til teleforsking.

Mykje av Samferdselsdepartementets forskingsmidlar går til Forskingsrådet. Der blir dei førde over i det såkalla Renergi-programmet. Renergi samlar både grunnforskinga, den anvendte teknologiske forskinga og den samfunnsmessige forskinga. Programmet skal leggje til rette for forsking både i langsiktig og kortsiktig perspektiv, og går frå 2004 til 2013. Renergi er avgrensa til energiproduksjon, energioverføring og stasjonær energibruk. Målet med programmet er å utnytte og foredle naturressursar og infrastruktur, bidra til forskings- og teknologibasert næringsutvikling, utvikle kunnskapar om rammevilkår og verkemiddel og utvikle forskings- og kompetansemiljø. Sentrale forskingsområde er energipolitikk, energimarknad, energisystem, energibruk, hydrogen, naturgass og miljøvennleg transportteknologi som hydrogen og biodrivstoff.

I fjor var disponibelt budsjett for Renergi ca 165 millionar kroner. Den største delen av løyvinga kjem frå Olje- og energidepartementet, men Samferdselsdepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet bidrar også sterkt.

Om program for overordna transportforsking (POT)
Forskingsrådet får det aller meste, men me har vald å halde eit mindre beløp på eigne hender. Per i dag blir desse midlane brukte til noko me kallar program for overordna transportforsking (POT). POT vert styrt av Samferdselsdepartementet og vart sett i gang i 2001. Programmet er retta mot overordna transportpolitiske problemstillingar. Hovudvekta er på prosjekt som kan gi auka kunnskap på område knytte til arbeidet med NTP. Programmet har hatt tre utlysingsrundar: 2001-2003, 2003-2005 og 2005-2007, ein ny utlysingsrunde er på gang no.

Eit døme på eit POT-prosjekt er det som har blitt gjort på verknadene av konkurranseutsetting og fristilling. Som kjent har regjeringa i Soria Moria-erklæringa uttrykt en viss skepsis mot å bruke anbod. Me er ikkje i mot konkurranseutsetting på ideologisk grunnlag. Det me har vore opptatt av, er at vinstane for det offentlege med å bruke anbod må sjåast i ein breiare samanheng. Med det meiner eg at eventuelle vinstar for det offentlege ved å bruke anbod må sjåast i samanheng med kva slags verknad anbodskonkurransen får for tilbodet til dei reisande. Me må òg sjå på vinsten i høve til lønns- og arbeidstilhøva for dei tilsette. Me sette difor i gang eit arbeid med å utgreie korleis  anbod påverkar vilkåra for dei tilsette.

Transportøkonomisk institutt la i fjor fram ei utgreiing om dette, og eg veit det kjem meir om dette prosjektet seinare i programmet. Rapporten syner blant anna at anbod kan ha to negative effektar for dei tilsette: Redusert jobbtryggleik og meir intensiv bruk av arbeidskrafta. Spesielt eldre og sjuke arbeidstakarar vil kunne bli støytte ut av arbeidsmarknaden. På bakgrunn av dette forskingsprosjektet utarbeider me no eit framlegg til lovendring som vil bli sendt på høyring i næraste framtid, der føremålet er å styrkje dei tilsette sine rettar ved anbodskonkurranse på veg, til sjøs, og med bane.

Eit anna døme på eit POT-prosjekt er prosjektet som ser på IKT/ITS i transportsektoren. Prosjektet skal blant anna undersøke korleis ITS kan bidra til nye og forbetra løysingar. I tillegg vert det gjennomført ei studie av evalueringar på nasjonale og internasjonale ITS-prosjekt. Me brukar ITS innan samferdsla allereie i dag, men ITS vil truleg berre bli viktigare og viktigare i framtida. ITS-verktøya famnar breitt. Dei kan vere alt frå trafikantinformasjon, betalingssystem, drift av infrastruktur, overvaking og kontroll – til førarstøttesystem og navigasjon.

Om vidare forskingsbehov
Klimaendringane er vår tids store utfordring. For å redusere utsleppa er det naudsynt med ein kraftig innsats. I Klimameldinga presenterer regjeringa målet om å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med det som hadde vore tilfelle utan tiltak. For å nå dette målet er det naudsynt med tiltak på eit breitt spekter av område. Me må bryte samanhengen mellom auka velstand / velferd og auka utslepp. Me må redusere transportbehovet, me må reise meir kollektivt, me må redusere energibruken per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege energiberarar.

På alle desse områda er forsking eit viktig verkemiddel, og vil vere av uvurderleg tyding i arbeidet med å sikre ei berekraftig utvikling.

Eit anna område der forsking står sentralt er når det gjeld næringslivets transportbehov. Dette er nærast eit hjartebarn for meg, og det er det fordi eg veit at transport er heilt avgjerande for at bedrifter og næringsliv i heile landet skal vere konkurransedyktige og verdiskapande. Næringslivets persontransportbehov omfattar blant anna effektive, daglege arbeidsreiser. Aukande internasjonalisering krev gode tilbod med fly og andre transportmiddel både innanlands og utanland. Reiselivsnæringa er i sterk utvikling og det skapar behov for betre transportmoglegheiter ut i distrikta.

Som desse døma har vore med på å illustrere; forsking på transportområdet famnar vidt. Eg er veldig glad for dette treffpunktet, der ein får kome saman og diskutere erfaringar på området, særleg med tanke på dei enorme utfordringane me står overfor når det gjeld miljø- og klima, eit område der forskinga verkeleg kjem til sin rett.

Eg ynskjer dykk lukke til med konferansen. Takk for meg!