Historisk arkiv

Opning av Luftfartstilsynets konferanse "Norge i europeisk luftfart"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Luftfartskonferansen i Bodø, 5. februar 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Opningstale på Luftfartskonferansen
Bodø, 5. februar 2008

Godtfolk!

For meg som samferdselsminister er det særs hyggeleg å vere her i dag. Luftfartstilsynet er ein viktig aktør for at norsk luftfart skal fungere godt. Ikkje minst er tilsynet viktig for at  flytryggleik og luftfartstryggleik – uttrykka som avløyser safety og security i norsk samanheng – skal fungere godt. Eg har lyst å gje honnør til Luftfartstilsynet som i tillegg til det daglege arbeidet i mange år har arrangert Luftfartskonferansen.

Denne konferansen gir heile luftfartsbransjen, både marknad og styresmakter, eit høve til å kome saman og diskutere luftfartsfaglege spørsmål. Konferansen har føredragshaldarar frå både styresmakter og marknadsaktørar – og er eit godt høve til både å knytte nye kontaktar og til å utveksle informasjon. Så vidt eg har forstått er det over 300 deltakarar – det viser at det faglege innhaldet i konferansen er relevant.

Eg tykkjer elles det er hyggeleg å besøkje dykk her i Bodø. Det er snart ikkje naudsynt å seie det meir, men det er godt å sjå at flyttinga har gått fint, og no er det også spennande å følgje prosessen dykkar med å finne nye lokale.

Luftfarten er viktig for Noreg

Luftfarten er overmåte viktig for Noreg, ja, eg vil driste meg til å seie at luftfarten er viktigare for Noreg enn for andre land. Eg seier stundom at luftfart her i Noreg er kollektivtransport. Dette skuldast først og fremst dei store avstandane og den spreidde busetnaden i det langstrakte landet vårt. Samstundes gjer desse faktorane Noreg til eit særs krevjande land å drive luftfart i. Flyplass- og flyrutestrukturen vår inneheld både økonomiske, tryggingsmessige og operative utfordringar.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å seie så mykje om dette i dag, då eg trudde det burde vere kjent kvifor me har eit omfattande kortbanenett her i landet, men oppslag i media dei siste dagane tyder på at det likevel er naudsynt å seie noko om dette. Det har dei siste vekene vore mykje merksemd om den privatdrivne lufthamna på Rygge, og fleire har teke til orde for at Gardermoen bør få større konkurranse. Torp og Rygge er no etablerte, og vil innanfor tydeleg regulerte rammer ha eit rom som mindre, regionale lufthamner i tillegg til hovudflyplassen.

Luftfarten i Noreg er tufta på ein solidaritetstankegang. Berre fire-fem av lufthamnene i Avinor går med bedriftsøkonomisk overskot. Dette er lufthamner som er viktige for regionane dei ligg i. Den største lufthamna, Gardermoen, har viktige nasjonale funksjonar, både som nasjonalt nav og som den største inntektsposten for heile Avinors nett. Inntektene frå overskotslufthamnene er avgjerande for finansiere det store fleirtalet av lufthamner som ikkje går med bedriftsøkonomisk overskot.

Nokon kan kanskje tenkje at det er ei bør for storsamfunnet å halde dette systemet i live. I realiteten er det omvendt. Det nettet av lufthamner og flyruter vi har her i landet, er naudsynt for å oppretthalde næringsliv, ressursutnytting og busetnad i landet vårt. Vi er avhengige av dei produktive menneska som bur i distrikts-Noreg og som gir oss eksportinntekter for mange milliardar kvart år. Desse menneska er likevel ikkje mange nok til å gi grunnlag for kommersiell luftfart – og staten må difor bidra til tilbodet. Det er verkeleg i ordas eigentleg tyding ”utgift til inntekts ervervelse” for samfunnet vårt.

I Soria Moria lova regjeringa at dei lokale lufthamnene skal oppretthaldast, einaste unntaket er dersom det lokalt blir ytra ønske om noko anna. Regjeringa har s opprioritert tiltak for å oppretthalde ein omfattande infrastruktur og eit tilfredsstillande kortbanetilbod. Gjennom samfinansieringa av Avinor syter me for at lufthamnavgiftene ikkje er høgare i distrikta enn i meir sentrale strok. I tillegg kjøper staten flyruter for vel 500 millionar for å oppretthalde eit heilskapleg rutetilbod i landet.

Klimautfordringane

Noreg er inne i ein periode med sterk økonomisk vekst og høgt aktivitetsnivå i så godt som alle sektorar i økonomien. Me nordmenn har for tida god privatøkonomi, og det gjer at me reiser oftare og lenger enn tidlegare. Samstundes er klimaendringane vår tids store utfordring. For å redusere utsleppa er det difor naudsynt med ein kraftig innsats. I Klimameldinga presenterer regjeringa målet om å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med det som hadde vore tilfelle utan tiltak. Ein reduksjon på 4 millionar tonn tilsvarar omtrent nullvekst i utsleppa frå dagens nivå.

For å nå dette målet er det naudsynt med tiltak på eit breitt spekter av område. Me må bryte samanhengen mellom auka velstand / velferd og auka utslepp. Dette inneber at me må redusere transportbehovet, me må reise meir kollektivt, me må redusere energibruken per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege energiberarar.

Luftfarten kan nok ha fått eit noko ufortent stempel som ”miljøversting”. Utfordringane er vel så store i andre sektorar i samfunnet. Likevel -  luftfarten er i kraftig vekst, og må òg ta sin del av ansvaret her. Eg er difor glad for at næringa tek desse spørsmåla alvorleg. Eit positivt trekk er at auka trafikk gjer at fleire fly går med fleire passasjerar enn tidlegare. Også grøne landingar er viktige. Framover vil det sjølvsagt bli viktig både med meir miljøvenlege motorar og meir miljøvenleg drivstoff.

Nylig vart Avinors prosjektrapport: ”Bærekraftig og samfunnsnyttig luftfart” lagt fram. I rapporten kjem det fram at oppdaterte trafikkprognosar og analysar av planlagde tiltak viser at  CO2-utsleppa frå norsk luftfart vil kunne ligge på omtrent same nivå i 2020 som i 2007. Tala gjeld innanriks- og utanrikstrafikk med avgang frå norske lufthamner. Innanrikstrafikken isolert vil få ein reduksjon i utsleppa. Dei viktigaste tiltaka for å få ned utsleppa er flyflåteutskifting, tiltak på eksisterande flåte, mindre utslepp frå taksing, grøne landingar og felleseuropeisk luftrom. Dette er positive tal med tanke på den store veksten me truleg vil sjå i luftfarten fram til 2020, og eg er glad for at bransjen tek miljøutfordringane på alvor.

Passasjerrettar

Hovudmålet i forbrukarpolitikken til Regjeringa er å vareta interessene til forbrukarane. Regjeringa meiner regelverket på området varetek passasjerrettane på ein god måte. Utfordringa er at klagesystemet for flyreiser er lite oversiktleg. For å sikre at passasjerane skal sleppe å vende seg til meir enn ein stad, vil me no opprette ei felles flyklagenemnd for flyreiser. Nemnda skal operere uavhengig av styresmaktene, og skal handsame alle klager retta mot flyselskap som flyg i, til og frå Noreg. Avgjerdene skal vere rådgjevande, men nemnda vil kunne offentleggjere namna på flyselskap som ikkje rettar seg etter avgjerdene.

Luftfartstilsynet vil få eit generelt ansvar for å føre tilsyn med at rettane til flypassasjerane blir varetekne. Luftfartstilsynet vil òg få mynde til å gje konkrete pålegg til flyselskap. Viss pålegga ikkje blir følgde, vil tilsynet kunne gje tvangsgebyr. Dette vil ein til dømes kunne nytte mot flyselskap som ikkje rettar seg etter avgjerdene frå flyklagenemnda.

Eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle er ei av hovudmålsetjingane som er lagt for ny Nasjonal transportplan. Luftfarten har lenge vore eit førebilete på området universell utforming. Det er likevel ei utfordring at det i dag ikkje finst noko regelverk som sikrar rettane til dei rørslehemma. Samferdselsdepartementet vedtok 28. januar i år eit regelverk som sikrar rettane til flypassasjerar med redusert mobilitet. Regelverket inneber at Noreg implementerer EU-forordninga på området. Det er verdt å merke seg at me har bestemt oss for å gå lenger enn det EU-forordninga pålegg oss å gjere, ved at me vil regelfeste ein nasjonal minstestandard for assistanse til personar med redusert mobilitet. Forslag til nasjonal minstestandard vil bli sendt på høyring i løpet av vinteren.

Strategi for norsk luftfart

Så over til den varsla strategien for norsk luftfart som skal leggjast fram snart. Eg har ikkje tenkt å presentere strategien på eit detaljert nivå i dag – men vil kort gjere greie for nokre hovudtrekk. Som de hugsar, hadde me for eit par år sidan ein periode med mykje uro i luftfarten. Ved fleire høve vart trafikken lamma. Med bakgrunn i dette bestemte Samferdselsdepartementet seg for lage ein strategi for norsk luftfart. Målet var å gje oversikt over situasjonen i bransjen og vurdere om det er tiltak styresmaktene eventuelt kan setje i verk.

Strategiarbeidet har med tida fått større omfang enn opphavleg tenkt. Dette skuldast mellom anna mange gode innspel frå ei rekkje ikkje-statlege aktørar som har vore inviterte til å delta i strategiarbeidet. Strategien vil òg vere eit innspel til Nasjonal transportplan 2010-2019 som skal leggjast fram i desember 2008.

Arbeidet med strategien har vore konsentrert kring følgjande fire overskrifter: miljø, tryggleik, passasjer og samfunn. Vi tek sikte på å leggje fram strategien i næraste framtid. Det ligg an til å bli ein balansert strategi, men med klare politiske prioriteringar.

Som eg starta med å seie: luftfarten er viktig for landet vårt. For at Noreg skal fungere, er vi avhengig av at flya går, at dei går når dei skal, og ikkje minst: at alle rimelege krav til tryggleik er oppfylte. Me i departementet jobbar med dette på mange plan og i samspel med gode samarbeidspartnarar, ikkje minst med Luftfartstilsynet.

Eg veit at Luftfartstilsynet har mange dyktige medarbeidarar som står på og jobbar for å skape kvalitet i alle ledd, slik at folk kan reise effektivt, trygt og komfortabelt med fly.
Det er ei glede og ei ære for meg å erklære Luftfartskonferansen 2008 for opna – og ynskje dykk nyttige, hyggelege og utbyterike dagar!