Historisk arkiv

Opning av Nasjonal turistveg Rondane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Rondane 17. september 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Nasjonal turistveg Rondane, 17. september 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Opning av Nasjonal turistveg Rondane
Rondane, 17. september 2008

I dag er me samla for å markere opninga av Nasjonal turistveg Rondane – den sjette i rekka av dei atten strekningane som inngår i prosjektet Nasjonal turistveg. I 2007 fjor opna eg Turistveg Lofoten og neste år kjem Geiranger-Trollstigen. Rondane er med andre ord i godt selskap.

Eg tykkjer dei nasjonale turistvegane er noko av det viktigaste som har skjedd innan norsk turisme dei siste åra, og som samferdselsminister er eg stolt og glad over å ha vore med på dette. Turistvegane syner fram noko av det flottaste av norsk arkitektur plassert i det flottaste av norsk natur. Turistvegkonseptet kombinerer natur, arkitektur, kunstuttrykk og opplevingar på ein måte som har vekt oppsikt langt ut over landet sine grenser. 

Nasjonale turistvegar er eit kjempeløft med eitt føremål: å styrke Noreg som reisemål, noko som igjen skal medverke til busetnad og næringsliv i heile landet. På den måten er Turistvegprosjektet eit godt døme på korleis vegar, turisme og næringsverksemd i distrikta – tre av mine hjartebarn – heng saman. Eg har ei gong sagt noko om at eg gjerne skulle vore reiselivsminister – noko eg blir konfrontert med rett som det er!  Og det var ikkje tilfeldig at eg sa nett det, norsk reiseliv er eit område eg verkeleg brenn for – ikkje minst fordi det er med på å sikre at det framleis kan bu og arbeide folk i heile landet vårt, og fordi me har så uendeleg mykje unikt og vakkert å vise fram i dette landet.  Reiseliv er ikkje berre noko eg er oppteken av, det er òg eit viktig satsingsområde for regjeringa. I fjor haust la me fram reiselivsstrategien vår, der visjonen er ”verdfulle opplevingar” og der satsinga på turistvegane er særleg omtalt.

Målet er at turistattraksjonen Nasjonale turistvegar skal kunna marknadsførast samla frå 2012, og at ein fullført attraksjon skal vere på plass innan utgangen av 2015. Det skal vere kvalitet i alle ledd. Køyreturen, rasteplassane, informasjonssystemet, vertskapet, maten, overnattingane, aktivitetane og opplevingane – alt skal vere på topp.

Eg gler meg stort over at turistvegarkitekturen vår får positiv merksemd i nasjonal og internasjonal presse, blant anna i svensk TV og i tilknyting til vandreutstillinga Detour (Omveg) som så langt har besøkt Berlin, Caen, Paris, Brüssel, Stockholm og London, med Bologna og Bratislava som dei neste. I tillegg har både USA, Canada, Japan og Korea meldt si interesse – det er utruleg god reklame både for Noreg og for prosjektet. Eg òg glad for alle prisane og utmerkingane turistvegprosjektet har fått, blant anna har Sohlbergplassen her i Rondane  blitt heidra med Betongtavlen og er kåra til eit av dei 12 viktigaste byggverka i norsk arkitektur i etterkrigstida. Det er sterkt!

Noko av det første eg gjorde som samferdselsminister var å doble løyvinga til dei nasjonale turistvegane frå 50 til 100  millionar kronar. Det nivået har regjeringa halde, fordi me ønskjer å medverke til at turistvegane skal kunne stå ferdig til utgangen av 2015. Eg vil gjerne understreke at det ikkje er mogleg å laga ein ny nasjonal turistattraksjon utan eit felles løft, der mange aktørar bidreg. Me skal styrkje konkurransekrafta vår som attraktivt reisemål, både nasjonalt og internasjonalt. Fylka og kommunane må difor delta, og lokale aktørar og organ med reiseliv og næringsutvikling som si oppgåve må òg stille opp. Turistvegprosjektet har allereie synt  oss kor gode resultat me kan få når fleire trekkjer i lag – og det må me halde fram med.

Det aller mest gledelege oppi dette er å sjå korleis turistvegsatsinga har skapt samarbeid, optimisme, utvikling og nyskaping i dette området. Eg veit at turistvegprosjektet ikkje berre har førd til fleire nye arbeidsplassar her i området, men òg til utvikling og utviding av eksisterande føretak som Atnasjø kafe, Atnbrua handel og Sletten fjellgard. Ikkje nok med det – turistvegprosjektet har gitt ny giv og førd til nyeatablering av bedrifter -  eg nemner i fleng: Rondane rast og info ved Strømbu rasteplass, Rondane gardsmat, bakeverksemda Pjalt og kaku og Svendsplassen gardsmat.

Eg forstår òg at mange fleire har planar for ulike verksemder som campingplass, besøkssenter, gardshotell og gardsovernatting. Eg tykkjer dette er glitrande døme på at me faktisk klarar oppnå det grunnleggjande målet med turistattraksjonen Nasjonale turistvegar, å ny aktivitet som vil trekkje fleire frå inn- og utland til dei vakre områda turistvegane ligg i.

Sjølv om me kan gle oss over at Nasjonal turistveg Rondane opnar i dag, er det framleis litt arbeid som gjenstår før strekninga er heilt ferdig. Etter det eg har sett er eg viss på at både dei lokale og regionale aktørane og Statens vegvesen vil gjere sitt for at Nasjonal turistveg Rondane om 4-5 år vil framstå som ein komplett attraksjon – til glede for både norske og utanlandske vegfarande turistar.

Eg vil avslutte med ei strofe frå Aasmund Olavsson Vinjes fantastiske ”Ved Rondane”. Det er kanskje ikkje eit originalt val, men eg tykte det passa så godt at eg likevel ikkje klarde dy meg:

No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna 'svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Ja, i ein slik natur kan nokon og einkvar miste pusten, og bli mållaus.

Lukk til med arbeidet vidare - og gratulerer så mykje med dagen!