Historisk arkiv

Opning av nye E6 i Østfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av nye E6 i Østfold, 24. november 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Opning av nye E6 i Østfold
24. november 2008

Deres majestet, infrastrukturminister, fylkesordførar, fylkesmann, ordførarar, vegdirektør!

Kjære alle saman!

Hjarteleg til lukke! I dag feirar me at samanhengande firefelts motorveg frå hovudstaden til Svinesund no står klar, etter nesten sju års arbeid. Dette er ein stor dag for Østfold, Austlandet og heile Noreg – og det er ei glede for meg som samferdselsminister å vere her i dag.

Me er i eit fylke med rik historie. Sarpsborg kommune, som er vertskapet vårt i dag, er ein av dei eldste byane i landet. Østfold er eit industrifylke, noko som blant anna skuldast den særs gode geografiske plasseringa, både i forhold til Norden og resten av Europa. Nettopp det gjer at E6 er ein særs viktig del av vegnettet vårt, både lokalt, regionalt og ikkje minst nasjonalt. Vegen er ei livsnerve i samfunnet vårt. Å få på plass ny E6 har vore eit stort og viktig samferdsleløft som gjer at me på ein langt betre måte enn tidlegare er bundne saman med resten av Europa, ikkje minst med vårt broderland i aust, Sverige. Eg er difor særs glad for at min svenske kollega, infrastrukturminister Åsa Thorstensson, hadde moglegheit til å vere med oss her i dag.

Firefelts veg på heile stamvegstrekninga frå Akershus grense til Riksgrensen er eit prosjekt som har kravd store ressursar, men som det har vore avgjerande å få på plass. Eg er ikkje alltid for å byggje breiast mogleg vegar, men eg er for å byggje dei på strekningar som dette – der trafikken er tett og firefelts veg er viktig for å tryggje kvardagen til trafikantane. E6 har diverre vore ei ulukkesutsett strekning. Det lagar eit trist bakteppe for dagen i dag, men samstundes tykkjer eg det er grunn til å gle seg over at me no endeleg kan leggje den perioden bak oss. At me no får firefelts motorveg med midtdelar gjer at folk, anten dei bur her eller er på gjennomfart, kan køyre langt tryggare enn før, noko som er viktig for meg som samferdselsminister og for regjeringa. Me ser at auka trafikkmengde gjer at det må endå hardare lut til for å få ned ulukkestala, og i budsjettet for neste år har me difor føreslått ei dobling av midlane til trafikktryggleik.

Samstundes vil eg oppfordre alle som skal ferdast på den nye vegen om å køyre forsiktig og tilpasse seg ver og føretilhøve og trafikken elles. Ulukkesanalysar viser at me ikkje kan byggje oss bort frå alle trafikkulykker, me er òg avhengige av at kvar enkelt trafikant tek ansvar.

E6 er særs viktig for transport av norske varer som skal ut på den internasjonale marknaden. Næringslivets transportbehov er noko eg brenn for, ja, det har nærast blitt eit hjartebarn for meg. Eksportbedriftene våre har lange avstandar til marknadane og eg arbeider difor kvar dag for å sikre at dei har så gode transportforhold som råd. Tidlegare har det vore ei rekkje flaskehalsar på denne vegen, noko som har skapt forseinkingar og gjort det vanskeleg å planleggje reisetida. Den tida er no omme. E6 vil gje store positive ringverknader for næringslivet i heile landet – i lang tid framover. Og om nokon tykkjer det har teke lang tid før heile nye E6 stod klar, vil eg minne om kva Ivar Aasen sa: ”Det som brådt er bygt, det stend ikkje trygt!”  Eg kjenner meg sikker på at dette vegprosjektet vil stå trygt i mange år framover.

Transport og samferdsle kan vere så mangt. Næringslivet hadde transportbehov også i gamle dagar. Treforedling har stått sentralt i Østfold lenge, og gjer det den dag i dag. I år er det akkurat 100 år sidan ein annan tunnel vart opna akkurat her, nemleg tømmertunnelen som ligg under den nye tunnelen. Tømmertunnelen var over tre kilometer lang, hadde eit fall på 22 meter og vart bygd frå 1906 til 1908. Den vart rekna som eit av dei største pionerprosjekta i den tidlege delen av kong Haakon VII si tid som konge. Tunnelen gjorde at ein kunne frakte tømmeret tryggare og betre frå Isnesfjorden til Visterflo enn ved vanleg tømmerfløting på Glomma. I sesongen gav tømmertunnelen arbeid til 90 mann, og i toppåret 1953 vart heile 7 millionar stokkar fløta gjennom tunnelen.

Mykje endrar seg på hundre år. I dag renn det drikkevatn gjennom tømmertunnelen og ein del av framtidas tømmerproduksjon vil verte frakta på nye E6, sjølv om me jobbar for å flytte mest mogleg av godstransporten over frå veg til bane. Det som står fast er at tømmertunnelen i 1908 var anleggskunst på høgt nivå. Dagens firefelts motorveg og Eidet-tunnelen er også anleggskunst av aller fremste sort. Eg vil takke Statens vegvesen, entreprenørane, kommunane, fylkeskommunen og alle andre som har vore involverte i bygginga av denne vegen.

De har gjort ein god jobb, og har kome i mål med god framdrift – eg veit det har vore til tider særs hektisk, men de har klart å få alle delstrekningane klare i tide – og med imponerande god kostnadsstyring, der de landa på rett side av streken. Eg vil også takke folket i Østfold, som har venta på denne utbetringa og levd med ein veg som ikkje har vore optimal. De fortener denne vegen, og eg er sikker på at de vil ha glede og nytte av den i mange år framover.

Men me gir oss ikkje her. Me skal byggje framtidas infrastruktur i heile landet. Det tek tid, men med det budsjettet som no er lagt fram og den nye, offensive nasjonale transportplanen som skal leggjast fram over nyttår, er eg sikker på at folk over heile landet vil merke dette løftet: Fleire midtdelarar, meir rassikring, meir ny asfalt og betre satsing på drift av vegnettet – i tillegg til nye flotte prosjekt, som det me opnar no i dag.  

Me er no inne i mørketida, og eg tykkjer difor det passar å avslutte med Hans Børlis dikt Ledestjerna, som både seier noko om lys i mørketida og om kor viktig det er å verkeleg stå på for det ein vil oppnå, anten det er ny veg, eller noko anna.

Ledestjerna
Det er mørkt, sier du.
Å ja, det er ofte mørkt
på veiene, bror. Men mennesket
må VILLE sin ledestjerne, ønske den
så hett og inderlig
av hele sitt vilskne hjerte
at mørkret plutselig slår ild og
stjerna står der
tindrende stor og klar
over de frosne veiene

Då er det ei stor ære for meg å gje stafettpinnen vidare til Hans Majestet Kongen som vil stå for den offisielle opninga av vegen. Hjarteleg til lukke med dagen og køyr forsiktig!