Historisk arkiv

Opning av nye Molde lufthamn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av nye Molde lufthamn, 15. oktober 2008.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Opning av nye Molde lufthamn
15. 10.2008

Godtfolk - gratulerer så mykje med dagen!

Eg veit at dette er ein dag mange av dykk har jobba lenge for – og eg tykkjer de i dag har all mogleg grunn til å vere stolte over dykk sjølve og den innsatsen de har lagt ned. Både kommunar og bedrifter i området har synt ein samarbeidsvilje og gjennomføringsevne mange kan ha noko å lære av. Det kan vere freistande å sitere ein av våre største forfattarar, Bjørnstjerne Bjørnson, som gjekk på skule her i Molde og har gitt namn til den lokale Bjørnsonfestivalen. Han sa ei gong at «Fred er ei det beste, men at man noget vil». Ved å ville mykje har de skaffa lufthamna her i regionen ein ny vår og ei tryggare framtid – noko både folk og næringsliv vil ha glede av i mange år framover. Det står det stor respekt av!

Dei av dykk som har høyrt meg snakke om luftfart før, har kanskje høyrt meg seie at luftfarten er viktigare for Noreg enn for alle andre land, og at luftfarten i store delar av Noreg kan reknast som kollektivtransport. Sjølv pendlar eg fram og tilbake Oslo-Sogndal kvar veke, og kjenner difor på kroppen kor viktig velfungerande flytrafikk er for at kvardagen skal henge i hop. I eit langstrakt og grisgrendt land som vårt er luftfarten avgjerande for at folk framleis skal kunne bu og arbeide i heile landet. Samstundes er luftfarten i rivande utvikling både teknologisk og med omsyn til organisering og lovverk. Det gjer at den til eit spennande, men utfordrande fagfelt.

Det er heller ingen tvil om at det langstrakte og grisgrendte landet vårt er særs krevjande drive luftfart i –  både økonomisk, tryggingsmessig og operativt. Samstundes er det slik at fiskeri og reiseliv skapar store verdiar for landet vårt. Vi er avhengige av dei produktive menneska i distrikts-Noreg som gir oss eksport for mange milliardar kvart år. Desse menneska er likevel ikkje mange nok til å gi grunnlag for kommersiell luftfart – og staten må difor bidra til tilbodet. Det er difor regjeringa har gjort grep for å kunne oppretthalde kortbanetilbod slik det er i dag. Enkelte av dykk har kanskje høyrt meg prate om dette før, men det er så viktig at det må gjentakast!

Luftfarten er for tida prega av både tøff konkurranse og av høge drivstoffprisar. Næringa er følsam for konjunktursvingingar. Slik sett er situasjonen med uro i den globale finansverda ein situasjon som må følgjast nøye. Situasjonen er utfordrande for selskapa og for Avinor, og me i Samferdselsdepartementet følgjer den tett. Eg er ikkje minst opptekne av eventuelle konsekvensar for innanlands luftfart. For meg er det viktigaste å oppretthalde det omfattande nettet vårt av samanhengande flyruter – slik at passasjerane kan reise mest mogleg ”saumlaust” frå A til B, anten det er Mo i Rana-Oslo-Roma eller Molde-New York.

Samstundes er det grenser for kva me politikarar kan gjere med dei overordna trendane – oljeprisane, til dømes, vert avgjort heilt andre stader enn i Samferdselsdepartementet. Eg trur nok dei reisande i framtida vil måtte belage seg på høgare billettprisar, men kanskje er det eit paradoks at det å parkere på flyplassen kostar like mykje som heile flybilletten? For meg er det likevel viktig at alle skal ha tilgang til gode flytilbod til overkomelege prisar.

Samstundes som luftfarten er ein slags kollektivtrafikk, kjem me ikkje utanom at klimaendringane er ei av vår tids største utfordringar. Dette er eit av emna i luftfartsstrategien me la fram tidlegare i år. Luftfarten kan nok ha fått eit noko ufortent stempel som ”miljøversting” – utfordringane er vel så store i andre sektorar i samfunnet. Likevel –  luftfarten har vore i kraftig vekst, og må òg ta sin del av ansvaret. Eg tykkjer det er bra at næringa ser ut til å ta desse spørsmåla alvorleg. Det positive ved auka trafikk er gjer at fleire fly går med fleire passasjerar enn tidlegare. Også grøne landingar er viktige. Framover vil det sjølvsagt bli viktig både med meir miljøvenlege motorar og meir miljøvenleg drivstoff. Etter kvart må nok folk også vurdere reisevanane sine – eg har i blant sagt at kanskje blir me første og siste generasjon som kan reise på årlege charterturar og helgeturar til utlandet på impuls.

Historia om Molde Lufthamn ei historie om sterkt lokalt engasjement heilt tilbake til 1960-åra og om eit imponerande spleiselag. Flyplassen her er viktig for vidare satsing og utvikling blant bedriftene her oppe, slik alle lufthamnene våre er viktige for sine regionar. Eg er glad for at optimismen no rådar i området og at næringslivet kan konsentrere seg om å tenkje vekst og frisk satsing. Ikkje minst er det flott at oppgraderinga får positive følgjer som vintercharterrute til Las Palmas og direkterute til Gdansk og Warszawa.

Molde er ein by med fantastisk flott natur, og det gjer innflyginga til lufthamna til ei storslått oppleving. Å stupe ned blant desse flotte fjella kan få hjartet til å banke litt fortare hjå nokon og ein kvar. Eg har dessutan alltid tykt det var flott med lufthamner som denne, som ligg ut mot havet. Det er freistande å slutte som eg byrja, med å sitere Bjørnson. Han sa ei gong noko om at ”Havet stunder jeg mot, ja havet, hvor fjernt det ruller i ro og høyhet” – og på ein dag som i dag er det lett å bli litt høgtidsstemt.

Det er ei ære og ei glede for meg å kunne erklære nye rullebanen her ved Molde Lufthamn for offisielt opna og igjen - gratulerer så mykje med dagen og ein flott dugnadsinnsats!