Historisk arkiv

Opning av Nynorske Litteraturdagar 2008, Flåm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Nynorske Litteraturdagar, 31. oktober 2008, Flåm.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Opning av Nynorske Litteraturdagar 2008
31. oktober 2008

Kjære alle saman!

Tusen takk for invitasjonen til å opne årets Nynorske Litteraturdagar – dei tredje i slaget, i mitt eige heimfylke. ”Når viljen er god, er Verket lett” sa Ivar Aasen ei gong. Folk i Sogn og Fjordane vil mykje og vil godt – og dette er eit av dei beste døma på kva ein kan få til når ein berre vil det nok. Sjølv om Flåm er bygda som i allfall dels har opphavsretten til Per Sivle, men det var likevel inga opplagt sak at vesle Flåm – rett nok godt plassert i høve til stamvegen, men elles nokså langt frå folketette område – skulle klare å stable på beina ein eigen litteraturfestival. Det har ein klart. No verkar det som Nynorske litteraturdagar står støtt og godt på eigne bein. Eg tykkjer alle som jobbar med litteraturdagane har grunn til å vere stolte over at ein no er i gang med den tredje runden. Eg veit det ikkje kjem av seg sjølv, at her ligg mykje arbeid bak – og at det også er mange frivillige i sving.

Særleg flott er det å sjå kor rikhaldig programmet er. Lokale forfattarar, ja, men også forfattarar frå heile resten av landet. Innslag og programpostar frå alle sjangrar og boktypar, humor og alvor, lett og tungt, side om side – og krydra med musikk og quiz i mellom. Innslag for dei heilt små –  og for dei eldste. Og slik skal det vere. Eg tykkjer nynorsken, litteraturen og Sogn og Fjordane har noko til felles her. Det finst ei bok for alle. Det finst eit språk for alle. Og det finst eit rom for alle i Sogn og Fjordane.

Sjølvkjensle, sjølvtillit og regional identitet – har ordførar Ellingsen skrive om i programheftet for desse dagane. At språk er identitet er identitet og gir identitet, det er det ingen tvil om. Og språk er identitet også for meg. Det er språket som viser kvar eg kjem frå og kvar eg høyrer heime. Når eg skal snakke om kva språk betyr for meg, vender eg ofte tilbake til ein sundag hausten 2005 som eg kjem til å hugse resten av livet. Eg sat saman med mannen min, Lars Petter, i bilen på veg til Oslo. Neste dag skulle eg utnemnast til statsråd. Rett nok hadde eg vore politisk rådgjevar i ein tidlegare regjering, men eg hadde eigentleg inga klar formeining om kva i alle dagar eg hadde gitt meg ut på.

Eg sa til Lars Petter at det var berre to ting eg var heilt sikker på: eg måtte halde fast ved målet mitt – og om han nokon gong høyrde meg knote, måtte han love å seie frå. Og eg måtte vere meg sjølv – på godt og vondt. Begge deler trur eg at eg har klart å halde. Språket mitt er ein del av forankringa mi – i Sogndal og Lærdal, i Sogn og Fjordane, i Vestlandet, i dei norske distrikta. Det er lenkja mellom fortid, framtid og notid, og det er lenkja mellom livet i Oslo og livet i Lærdal.

Å vere statsråd og snakke solid Sognemål har heldigvis synt seg å ikkje vere noko problem. Ikkje ein einaste gong har eg fått negative reaksjonar på dialekten min. Derimot har eg mange gonger fått høyre at folk tykkjer eg har slik ein flott dialekt. Dette er svært gledeleg, og viser at det har blitt større toleranse både for dialektar og nynorsk dei siste tiåra. Tidlegare var ikkje dette så sjølvsagt. Når dei to tantene mine i si tid flytta til Oslo, hadde dei ikkje noko val: dei måtte leggje om til austlandsk, elles kunne dei berre gløyme å få seg jobb, og sikkert bustad også – slik var jo tilstandane den gong.

No er me heldigvis komne lenger, og sjølv om det strengt tatt berre skulle mangle, har ikkje denne språkfridomen kome av seg sjølv. Eg er glad for at det finst mange som har stått på og jobba for din og min rett til å skrive nynorsk og snakke dialekt, anten det er i heimen, på fjernsynet, eller i statsråd. Det er mange enkeltpersonar, lag og institusjonar som har kjempa ein tøff kamp for den språklege jamstellinga og dialektfridomen me har i dag. For å sørgje for at me har ein livskraftig og stolt nynorsk også i framtida er institusjonar som Mållaget, Samlaget, Det Norske Teatret, Nynorsk kultursentrum og Landssamanslutninga av nynorskkommunar viktige. Regjeringa har sidan 2005 auka løyvingane til desse såkalla nynorsktiltak med nesten 30 millionar kroner, frå 125 millionar i 2005 til 155 millionar på det føreslåtte budsjettet for 2009.

Me politikarar kan likevel ikkje skape vekst og utvikling, det er det folk sjølve som må gjere. Når eg no har æra og gleda av å opne Nynorske Litteraturdagar, som er eit av dei beste døma på kva ein  kan få til av nyskapingar på ein liten stad i Sogn og Fjordane, har eg lyst å seie ein ting til dykk alle:  Det er de som kan gjere ein skilnad. Korkje regjeringa, fylka eller kommunane kan vedta utvikling. Det må skapast lokalt. Vår jobb er å legge til rette, lage gode rammevilkår, gjere det heile mogleg. Sjølve jobben må gjerast lokalt. Det er mange døme rundt om kring på at det går an å ta tak i lokale tradisjonar, lokale råvarer, byrje i det små, finne ein tuvetopp fri for sno, og vekse seg store og sterke – utan å miste noko av særpreget. Det er så imponerande og så flott!

Eg er også oppteken av positiv glød. Me må slutte å fokusere på alt det negative og heller sjå på kor godt me har det! Her vil eg sitere Per Sivle, som i Ålgårdsongen – av ein eller annan grunn på bokmål – sa noko slikt som at: ”Det er tidt nok sagt at Norge er et fattig land. Men ifra en Ålgårdsvandring tør jeg nu til en forandring trøstig sige noget slikt, som at Norges land er rikt.” Eg er samd med Sivle. Sjølv i desse finanskrisetider har me nordmenn det faktisk utruleg godt – om me skjelar til mindre heldige deler av verda. Me sogningar har det også utruleg godt. Me treng berre sjå rundt oss, me har det aller beste utgangspunktet. Likevel kan det i blant, også før finanskrisa, høyrast ut som alt er berre elende.

Media har eit ansvar, dei er gjerne svært så flinke til å fokusere på det som ikkje er bra, men også ein del bedriftsleiarar kan gjerne bli flinkare til å marknadsføre alt det som er positivt, både på nasjonalt og regionalt nivå. Slik blir det også lettare å få folk til flytte hit, anten dei er potensielle heimeflyttarar, studentar som er opne for tanken om å bli verande eller folk som aldri har budd her før.

Me har jo så mykje å vere stolte av: me har verdas vakraste  natur i fylket vårt, det har me Unesco-bevis på, me har jo alle moglegheiter for suksessrikt næringsliv, det har me fleire prov på. Me har eit blømande kulturliv, det ser me her i dag. Mi bøn til dei av dykk som er sogningar, og det er nok ein del, er: hugs kor flinke de er, hugs kor flott det er her, hugs kor godt me eigentleg har det, og hugs at alt er mogleg!

Det er ikkje berre som sogning eg er her i dag, det er nok også som samferdselsminister. Samferdsel er viktig for både folk og næringsliv. Gode og trygge vegar, ferjer og fly som går når dei skal, mobildekning nesten overalt, breiband sjølv på ”den ytterste nakne ø”, post som kjem fram – alt dette er limet i tilveret. Eg er stolt over det løftet regjeringa har fått i stand for samferdsla, sjølv ikkje opposisjonen har tort seie anna enn at budsjettet for 2009 er eit godt samferdslebudsjett.

Me satsar på rassikring, me doblar potten til trafikktryggleikstiltak, og me har løyva mange friske milliardar ekstra til samferdsel -  både på vegsida og jernbanesida. Likevel – det er mykje som gjenstår og me set oss stadig nye mål. I januar skal eg leggje fram ny Nasjonal transportplan, ein transportplan som skal vere med på å byggje landet vidare, og gje oss meir effektiv, trygg og berekraftig transport fram mot 2020. Det gler eg meg til.

Eg skal innrømme at livet som samferdselsminister ganske ofte kan vere både stressande og slitsamt. Også når ein har fri kan det vere mange saker og spørsmål som svirrar rundt i hovudet. Heldigvis finst det måtar å kople ut på. Ein av dei beste er å gå lange fjellturar, anten til fots eller på ski. Men sjeldan koplar eg så godt ut som når eg set meg til med ei god bok og blir dregen i ei anna verd. Det er noko av det fantastiske med litteraturen, at den gir oss moglegheit til å drøyme oss bort, langt bort, til ei anna verd enn den masete og i blant traurige kvardagen.

Eg såg Sognetapas står på menyen her seinare i dag, og det slo meg at arrangement som dette er som ein slags litterær tapas. Ein kan gå rundt, sjå på bøker, lytte litt til forfattarar, smake litt her og litt der– og finne noko ein har lyst å smake meir av.

Det er ei glede og ei ære for meg å erklære Nynorske Litteraturdagar 2008 for opna.

God apetitt!