Historisk arkiv

Opning av Vinterdagane 2008, Beitostølen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Vinterdagane 2008 på Beitostølen, eit bransjetreff for vinterdrift.

Opning av Vinterdagane 2008
Beitostølen, 28. januar 2008

Kjære alle saman!

Tusen takk for invitasjonen til å opne Vinterdagane 2008, det tykkjer eg er eit særs hyggeleg oppdrag!

Temaet eg har blitt beden om å snakke om her i dag er høgaktuelt: ”Forventningar til norske vintervegar.”

Eg har lyst å starte med å rette ein hjarteleg takk til alle som utfører vinterdrift på vegane, anten de er brøytebilsjåførar, strøbilsjåførar, saltbilsjåførar eller maskinførarar. Me har så mange kvardagsheltar i etaten, som står på og gjer ein kjempejobb, i all slags vêr og til alle døgnets tider. Utakk er verdas løn, heiter det, det får vere ei slags trøyst dei gongene de får kjeft for vanskelege køyreforhold de ikkje kan gjere noko med, men de skal vite at me ser innsatsen de legg ned – og set stor pris på den! Utan dykkar gode arbeid hadde Vinter-Noreg stoppa opp.

Forventningar til norske vintervegar
Noreg er inne i ein periode med sterk økonomisk vekst og høgt aktivitetsnivå i alle sektorar. Privatøkonomien er god, og det gjev auka mobilitet, me reiser oftare, og me reiser lenger. Samstundes har me eit svært transportavhengig næringsliv, spreidd utover heile landet, som forventar best mogleg regularitet i tilbodet. Til dømes blir ein stor del av Noregs BNP kvar dag frakta gjennom Romsdalen, via E 136. Mange bedrifter har allereie flytta lageret sitt til bilar på vegen, og opererer med ”just-in-time”-prinsippet. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda må vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja må gå etc.

God informasjon og varsling er naudsynt, særleg når det oppstår problem med mellombels stenging, kolonnekøyring eller liknande. Då er det viktig at me klarar kommunisere at ved vanskeleg vêrtilhøve må me akseptere at det oppstår stengingar. Det er viktig å få fram at når vegar blir stengde er det av omsyn til trafikantane og brøytemannskapa sin tryggleik. Det er likevel viktig å prioritere slik at det i alle fall er minst ein vintersikker veg mellom det vareproduserande Vestlandet og marknaden på Austlandet og i Utlandet. 

Regjeringa har vedteke nullvisjonen, som seier at me skal ha null drepne og alvorleg skadde i trafikken. Den gjeld òg om vinteren. Eg veit at for dei som jobbar med vedlikehald av vegane er vinteren ein av dei største utfordringane. Det er umogleg å halde like god vegbane og friksjon om vinteren som om sommaren, og tryggleiksmarginane blir endå mindre på glatt føre. Då er det viktig at både vegvesen og entreprenørar er påpasselege og gjer alt som er råd for å unngå uheldige overraskingar. Heldigvis veit eg at dette er noko de jobbar aktivt med.

Eg reknar med at dei fleste her er kjent med funksjonskontraktane. Noko av hovudtanken bak å setje drift og vedlikehald av vegane ut på anbod, var eit ønskje om å få meir ut av midlane. Utviklinga i marknadssituasjonen kan tyde på at ein på sikt kanskje ikkje får dei same økonomiske gevinstane som ein hadde i byrjinga. Statens vegvesen har likevel ei viktig ansvar for å utforme og følgje opp desse kontraktane. Det er viktig at ein hele tida evaluerer og ser på forbetringspotensiale. Eg veit at Statens vegvesen arbeider med dette, blant anna ved å forbetre kvalitetsplanane i funksjonskontraktane og betre stikkprøvekontrollen. Dette er viktig arbeid som må prioriterast! Samstundes er det viktig at ein har ein god og konstruktivt dialog med bransjen

Eg er òg oppteken av at både Statens vegvesen og entreprenørane må tenkje miljø i alt arbeid. Salting er naudsynt, men må gjerast slik at det gjer minst mogleg skade på natur og miljø. Dette krev gode kunnskapar både hjå dei som planlegg og dei som utfører vintertenestene.


Klimaendringane
Eit anna viktig aspekt er klimaendringane. Klimaendringane er vår tids store utfordring. Regjeringa arbeider som kjent med å få redusert klimagassutsleppa, mellom anna vert det gjennomført ei rekkje tiltak i transportsektoren. Samstundes tilseier all forsking og alle prognosar, mellom anna eit forskingsprosjekt utført av Meteorologisk institutt for transportetatane, at me truleg vil sjå ein stigning i temperatur og havnivå i åra framover. Me vil òg oppleve auka nedbør langs kysten og fleire vassrelaterte skred, stormar og stormfloer.

I tillegg til å prøve å redusere klimaendringane, må me difor gjennomføre tiltak for å vere best mogleg rusta til å møte desse endringane, som stiller heilt nye krav til infrastrukturen. Innan mitt ansvarsområde vil desse endringane særleg påverke veg- og jernbaneinfrastrukturen. I tillegg vil auka havnivå kunne få konsekvensar for dimensjonering og vedlikehald på enkelte flyplassar og moloanlegg. Meir nedbør vil kunne medføre at det går fleire ras, at dei går oftare, og at dei går på nye stader – noko me har sett døme på i det siste. Det gjer at me må satse sterkare på rassikring. Veg- og jernbane vil vere meir utsett for utveksling og utgliding. Saman med auka lågtrykksintensitet vil dette kunne auke faren for ulukker og ha konsekvensar for framkome, punktlegheit og regularitet.

Dette gjer at vi må gjere systema meir robuste. For at transportsystema i framtida skal kunne fungere slik dei gjer i dag vil det vere naudsynt med store reinvesteringar og tyngre vedlikehaldstiltak. Rapporten syner òg at vedlikehaldsetterslepet som har bygd seg opp over fleire tiår forsterkar verknadene av auka nedbør og flaum. For å møte klimaendingane vil det difor i framtida bli behov for å auke midlane til vedlikehald. Dette blir nok eit viktig drøftingstema ved ny Nasjonal Transportplan, som no er ute på høyring.

Klimaendringane gjer at me òg må førebu oss på å handtere nye utfordringar når det gjeld vintervegane. Meir ekstremvêr, meir temperatursvingingar rundt null grader, meir nedbør og vind kan gje ekstra utfordringar med tanke på å halde høgfjellsvegane opne, med tanke på saltbehov, sørpeskred etc.

Forventningar
I tillegg verkar det til at forventningar og krav frå trafikantane har auka. Trafikantane forventar god standard, og media formidlar meir enn gjerne dette. Det er vel og bra, men ein av mine kjepphestar er at me då må formidle tilbake til trafikantane at det er viktig at dei òg tek omsyn til vintertilhøva. Me kan ikkje køyre på same måten på vinterføre som me gjer på bare vegar. Alle må tilpasse seg køyreforholda, og la bilen stå om tilhøva krev det.

Det er viktig at bransjen samarbeider om å løyse oppgåvene best mogleg. Prissamarbeid er forbode, men fagleg samarbeid er viktig for å utvikle fagkompetanse slik at alle er best mogleg i stand til å takle utfordringane. Bransjenettverket for vinterdrift som vegvesenet oppretta i 2006 er eit døme på at vegmyndigheitene ynskjer å styrke samarbeidet om fagleg utvikling og opplæring. Her deltek òg representantar for luftfart og kommunar, forsking og undervisning. Eg tykkjer dette bransjenettverket er eit særs godt og prisverdig initiativ .

Eg har fått det ærefulle oppdraget å opne Vinterdagane 2008. Som de sikkert alle veit, vert desse dagane arrangert av Statens vegvesen i samarbeid med bransjenettverket. Eg tykkjer Vinterdagane er eit særs viktig tiltak for å samle fagfolk frå alle aktørar og alle nivå som jobbar med vinterdrift av vegar og flyplassar. Drift og vedlikehald – og ikkje minst vinterdrift – er særdeles viktig med tanke på å halde samfunnet vårt i gang.

Som eg innleia med å seie: dette er eit særs viktig arbeid som diverre ikkje får så mykje merksemd i media og blant publikum – om ikkje noko er gale. Det er lite snorklypping innan vinterdrifta! Difor er det særleg gledeleg med ein anledning som dette. Konferansen gir moglegheit til å setje fokus på vinterteknologi og det gode arbeidet som blir gjort ute på vegane, vinteren gjennom.

Det er ei glede for meg å erklære Vinterdagane for opna. Takk for meg og lukke til med konferansen!