Historisk arkiv

Opningsføredrag - "Breiband i Sogn og Fjordane"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Sogndal 27. mai 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes opningsføredrag på seminar om breiband i regi av Breibandforum Sogn og Fjordane, Sogndal, 27. mai 2008.

Godtfolk!

Takk for invitasjonen til å kome hit i dag. På ein måte kjennest det nesten som om ringen er slutta når eg no står her i dag, på Campus i Sogndal, og skal snakke om breiband som samferdsleminister. Heilt sidan eg sjølv studerte her tidleg på nittitalet har dette vore eit fagfelt som ligg hjartet mitt nær. Lenge før eg vart statsråd var eg oppteken av korleis me kan bruke IKT til å betre kvardagen for folk flest. Då eg i vaksen alder byrja studere var IKT eit av faga mine, og sidan byrja eg arbeide på dette fagfeltet. IKT som verkemiddel for å skape eit betre samfunn har òg vore eit av mine politiske hjartebarn.

Den digitale allemannsretten
Eg går ut frå at dei fleste av dykk kjenner til norsk breibandspolitikk, men eg skal likevel dra nokre hovudliner. Regjeringa har breiband til alle som eit av sine mål. Dette er eit av dei viktigaste nærings- og distriktspolitiske måla Regjeringa sette seg i Soria Moria-erklæringa, og ikkje minst er det noko Senterpartiet alltid har vore opptekne av. Som kanskje nokon av dykk vil hugse lanserte Odd Roger Enoksen allereie i 1998 visjonen om den digitale allemannsretten. Dermed gjorde breiband til politikk. Den gongen var det ingen som heilt skjønte kva vi meinte, særleg ikkje i media, forslaget vart vurdert til å ville koste rundt 70 milliardar kroner –  og mange lo litt av oss. No er det ikkje lenger nokon som lurer på om breiband er politikk eller ei!

Kvifor er breiband viktig?
Eg meiner breiband er avgjerande for å ivareta og vidareutvikle både eit konkurransedyktig næringsliv og ein velfungerande offentleg sektor. Breiband er med på å oppheve avstandulempene for næringslivet. Breiband er òg ein viktig føresetnad for å fornye offentleg sektor, til dømes for å få til effektiv flyt av informasjon mellom offentlege forvaltingsorgan.
Breiband er også eit viktig samfunnspolitisk verkemiddel. Tilgang til breiband gjev betre balanse mellom distrikta og byane. Breiband gjer informasjon, kulturtilbod og underhaldning lettare tilgjengeleg for alle. Dette er viktig både for sosial kontakt og demokratisk deltaking, kanskje særleg for unge menneske. Undersøkingar viser at ungdom i dag bruker meir tid på nettet enn dei bruker til å sjå TV. Nettet gir store moglegheiter for sosial kontakt og blir stadig viktigare for oppfølging av skule, fritidsaktivitetar og venner.
Det er brei semje om desse fordelane. Ei undersøking viste at 97 prosent av landets ordførarar og rådmenn er samde i at breiband er ein drivkraft for fornying av deira kommune. 
 
Regjeringas breibandspolitikk – og korleis bidreg det offentlege
Tilhøvet mellom marknaden/styresmaktene

Målet har heile tida vore at marknadsaktørane skal byggje breibandsinfrastruktur, medan styresmaktene skal leggje til rette for konkurranse i marknaden, blant anna gjennom ekom-lova. Det offentlege skal vere ein krevjande etterspørjar av breiband og breibandstenester, via kommunar, fylkeskommunar, statlege etatar og offentlege verksemder. Det nye, som kom med denne regjeringa, er at styresmaktene også gjennom løyvingar direkte støttar breibandsutbygging i område der det ikkje naturleg kjem noko marknadsbasert breibandstilbod. Sidan Odd Rogers visjon i 1998 har teknologien, både i nett og i tenester utvikla seg veldig. Kopar-, og ikkje minst, radioteknologien kan overføre langt meir data enn tidlegare. Prisane på rask overføringskapasitet har søkke kraftig, noko som eg trur me særleg kan takke dei mange nye aktørane på marknaden for. Kraftselskap og andre har laga heilt nye forretningskonsept som me ikkje hadde i televerda før. ”Grav sjølv!”- er eit særnorsk fenomen som mange andre freistar å kopiere.

Mål og resultat
Regjeringa har som kjent sett seg ambisiøse mål for breibandsutviklinga. Målet frå Soria Moria-erklæringa var at heile landet i løpet av 2007 skulle ha tilbod om breiband. No, i 2008 må me erkjenne at me i fjor ikkje kom heilt i mål. Men me var – og er – svært nær, og me er stolte av det me har fått til. Då regjeringa overtok var dekningsgraden på 91 %, og det låg få eller ingen statlege verkemiddel att frå førre regjering. No tyder dagens prognosar – som eg straks skal kome attende til – på at meir enn 99 % av husstandane har breibandsdekning i løpet av året. Der vi ville aldri vore der utan dei statlege midlane som denne regjeringa har løyvd.

Løyvingar og dugnadsarbeid
Regjeringa sette i 2007 av heile 355 millionar kroner i særskilte tiltak, og har òg i 2008 sett av ein monaleg sum. Ein god del av desse midlane har blitt fordelt gjennom Høykom, basert på konkrete prosjektsøknadar. Dei resterande har blitt fordelt direkte til fylkeskommunane av KRD. No nærmar me oss målet om full breibandsdekning i Norge. Det skuldast ikkje berre statlege løyvingar. Det er mange som skal ha sin del av æra for at ein har oppnådd ei så god dekning. Næringsliv rundt om i landet har teke ein finansiell og industriell risiko. Lokale styresmakter og eldsjeler rundt om i kommunane har òg stilt opp for å få dette til. Dette har vore eit formidabelt dugnadsarbeid!

Dekningsgrad per i dag
Dekningsgrad
Teleplan gjorde nylig, på oppdrag frå FAD, ei undersøking av dagens dekningsgrad. Desse tala syner at ved utgangen av mars i år har me ei nasjonal dekning på nær 98 % ved fast aksess og godt over 99 % når mobilt breiband vert rekna med. Breibandsdekninga vil i følgje Teleplan auke til bortimot 99 % ved fast aksess fram mot årsskiftet. Auka er i stor grad eit resultat av offentleg finansierte utbyggingar.  Desse tala tek ikkje omsyn til siste tildeling frå KRD (158 millionar kroner til breiband og mobildekning) eller FAD sine breibandsmidlar for 2008. Størsteparten av effekten av desse midlane er venta i 2009.

Kommunenivå
Teleplan har også utarbeida kart over estimert dekning på kommunenivå. Her ser me estimert dekning per 31. mars og per 31. desember i år. Ved utgangen av året vil det i følgje Teleplan vere svært få kommunar med under 85 % dekning (desse tala er eksklusiv mobil dekning).

Effekten av regjeringa sine breibandsmidlar
Teleplan har òg undersøkt effekten av regjeringa sine breibandsmidlar i 2006 og 2007. Undersøkinga syner at regjeringa sine løyvingar har utløyst totalt ca. 850 millionar kroner i prosjektmidlar. Teleplan meiner meirdekninga på nasjonalt nivå som følgje av desse midlane har vore på om lag 5% - eller nærare 100 000 aksessar. Den største delen av effekten har kome i fylka Telemark, Finnmark og Hedmark.

Me må hugse på at Noreg er eit langstrekt og tynt befolka land med ein geografi som gjer det vanskeleg og kostbart å byggje ut breibandsdekning. Resultata som er oppnådde er i lys av dette imponerande. For mindre enn ti år sidan var breibandsdekninga i Noreg i praksis lik null mens den no snart er 100 prosent.
 
La meg gi dykk ei samanlikning. Det tok oss nærmare 90 år å oppnå fasttelefon til tilnærma alle husstandar. I 1903 hadde 36.000 telefonabonnement, medan talet på abonnentar i 1990 var  over 2 millionar. Rundt 2000 var det nærmast ingen som hadde breibandsabonnement, medan det i dag er over 66% av husstandane som har breiband heime. Folk har med andre ord vore raske med å ta i bruk breiband.

Faktisk bruk
Breibandsdekning er ein ting, det er kanskje vel så viktig å sjå på faktisk bruk. Noreg ligg langt framme både i bruk av breiband og i vekst i talet på tilknytingar (6. plass når det gjeld talet på tilknytingar) Desse tala er frå desember 2006. OECD har enno ikkje offentleggjort nyare tall, men eit førebels rapportutkast frå OECD tyder på at Norge per 2. kvartal 2007 er oppe på 5. plass og har gått forbi Island.

Regjeringas arbeid på området framover
Sjølv om mykje er gjort på breibandsområdet dei siste åra, er det framleis mykje som gjenstår. Eg skal gå inn på tre av dei områda regjeringa vil ha fokus på.
- Fullføre full nasjonal breibandsdekning
- Auka behov for bandbredde
- Unngå digitale skilje

Fullføre nasjonal breibandsdeking: Regjeringa sin målsetnad om breiband til alle står fast. Me er som sagt svært nær å nå dette målet i løpet av 2008. For 2008 har regjeringa dessutan sett av rundt 190 millionar kroner til breibandsutbygging. Effekten av årets midlar vil hovudsakleg kome i 2009. Saman med lokale midlar vil desse løyvingane gjere at me i praksis snart vil ha full breibandsdekning her i landet
 
Auka behov for bandbredde: Etter kvart som det blir breibandsdekning i heile landet, er det naturleg at me også politisk ser på ei utviding mot høgare bandbreidde. Me ser eit auka kapasitetsbehov blant dei som allereie har breiband. Bruksmønsteret for privatpersonar endrar seg stadig, med auka nedlasting av større datamengder som for eksempel TV-seriar, musikk etc. Etter kvart vil òg bruk av internett i skulen krevje enda høgare bandbreidde. Auka kapasitet blir òg meir og meir ein kritisk faktor i bedriftene.

Spørsmålet er kva rolle det offentlege skal spele for å møte dette behovet og kva marknaden og teknologiutviklinga løyser sjølv. Dette heng saman med problema knytte til digitale klasseskilje.

Unngå digitale klasseskilje
Ein ting er tilgangen til høgare bandbreidde, vel så viktig er det å sørgje for at alle får nytte av digitaliseringa. Regjeringa er oppteken at det ikkje skal vekse fram digitale klasseskilje i samfunnet vårt. Undersøkingar syner at det er store skilnader mellom befolkningsgrupper når det gjeld bruken av IKT, breiband og elektroniske tenester.

I følgje Statistisk sentralbyrå har 95 % av hushaldningane med ei samla inntekt over 600 000 tilgang til internett heime. Det tilsvarande talet for hushaldningar med inntekt under 200 000 er 61 %. Undersøkinga viser vidare at blant folk med høgare utdanning har 94% brukt internett siste 3 månader, medan tilsvarande tal for dei med grunnskuleutdanning er 77 %.

Stadig fleire offentlege tenester blir tilgjengelege på nettet, det er berre å nemne tenester som Skatteetaten, Brønnøysundregistera, NAV, Min Side, Lånekassen osv. I tillegg blir internett i stadig større grad teke i bruk i skulen. IT og internett blir brukt som verktøy i fleire fag både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Dess viktigare Internett blir, dess viktigare blir det at folk ikkje fell utanfor. Også den sosiale tydinga av å vere på nett på nett er viktig. Det blir ofte snakka om den sosiale tydinga for ”dei unge”, men snittalderen på facebook er visstnok over 30... Og nettbrukarane blir stadig eldre.

Som eit ledd i arbeidet med dette har regjeringa finansiert ei undersøking for å finne ut kvifor det framleis er kring ein av tre husstandane som ikkje er på nett – korkje med breiband eller oppringt internett. Me ynskjer å gjennomføre målretta tiltak mot dei mest utsette gruppene, og treng difor å vite kvifor dei ikkje er på nett.

Rapporten frå denne undersøkinga blir først lagt fram i morgon, men Teleavisen gjennomførte i fjor ei liknande undersøking. Ein del (til dømes nokre av dei eldre) vil naturleg nok ikkje ha interesse av breiband, men undersøkinga til Teleavisen viste at mange potensielle breibandsbrukarar faktisk ikkje veit at dei kan kople seg opp, og dei trur det er mykje meir teknisk krevjande å kople seg opp enn det i røynda er. Det må difor vere ei viktig oppgåve for bransjen å gjere folk merksame på kva som eigentleg finst av moglegheiter. Lokalpressa er veldig opptekne av breiband, men dei er ofte ute etter kritiske vinklingar som ”kvifor finst det ikkje breiband her” osv. Så viser det seg kanskje at det i realiteten er breibandsdekning på staden, utan at nokon er klar over det. Her blir mi oppmoding til dykk: Bruk gjerne pressa aktivt for å fortelje kor godt tilbodet eigentleg er!

Som eit ledd i arbeidet for å forhindre digitale klasseskilje har regjeringa elles gitt midlar til blant anna Seniornett, og me aukar satsing på eldre i arbeidslivet. FAD har i samarbeid med lokale aktørar sett i gang eit prosjekt som rettar seg mot innvandrarkvinner og bruk av IKT. Informasjonssamfunnet skal vere for alle!

Mange meiner telebransjen er ein moden bransje, men som eg har vore inne på: det er ein bransje som verkeleg flyttar seg med sjumilssteg. Heile bransjen er i endring, og eg er overtydd om at den vil halde fram med å vere det. Me ser ein bransje med stadig nye aktørar, nye media, ny teknologi – og ikkje minst: stadig nye forbrukarvanar.

Nettopp difor er ein konferanse som dette eit særs nyttig forum for å utveksle meiningar og erfaringar. Eg har lagt opp til ein stram dagsturné her i Sogn og Fjordane i dag, og har difor diverre ikkje høve til å få med så mykje av programmet som eg kunne tenkt meg, men ynskjer dykk lukke til! Tusen takk for meg!