Historisk arkiv

Opningsføredrag - seminar om geofare og klimaendrinar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Sogndal, 27. mai 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes opningføredrag på seminar om geofare og klimaendringar på Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal, 27. mai 2008.

Godtfolk!

Eg er glad for å få snakke om dette viktige emnet. Rassikring er noko eg er veldig oppteken av. Transport er avgjerande for å sikre busetnad og næringsliv i heile landet, men transportsystema må vere robuste og effektive, dei må sikrast moglege, og dei må ta omsyn til miljøet.

Klimautfordringane og kampen mot dei
Klimaendringane er vår tids store utfordring. Ein vesentleg del av utsleppa kjem frå transportsektoren, og ein vesentleg del av transportsektoren sine utslepp kjem frå vegsektoren. For å redusere utsleppa er det naudsynt med ein kraftig innsats. Det er naudsynt med tiltak på eit breitt spekter av område. Me må bryte samanhengen mellom auka velstand / velferd og auka utslepp. Dette inneber at me må redusere transportbehovet, me må reise meir kollektivt, me må redusere energibruken per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege energiberarar.

Eit miljøtiltak regjeringa har gjennomført innan samferdslesektoren er miljøvenleg omlegging av eingongsavgifta. Vidare har me auka jernbaneinvesteringane med over 50% prosent. Me har starta debatten om køprising, me har lagt fram eit lovframlegg som opnar for å bruke bompengar til drift av kollektiv og me har innført introduksjonsprogrammet for biodrivstoff.

Konsekvensane av klimaendringane
Samstundes merkar me no resultata av klimaendringane. Alle prognosar tilseier at me vil sjå ei stigning i temperatur og havnivå i åra framover. Me vil òg oppleve auka nedbør langs kysten og fleire vassrelaterte skred, stormar og stormfloar. Auka havnivå kan òg få konsekvensar for enkelte flyplassar. Meir nedbør vil kunne medføre at det går fleire ras, at dei går oftare, og at dei går på nye stader – noko me har sett døme på siste tida. Saman med auka lågtrykksintensitet vil dette kunne auke faren for ulukker og ha konsekvensar for framkome.

Tilpassing til klimaendringane
Prosjektering, bygging, vedlikehald og drift av veg- og jernbanenettet er i stor grad avhengig av klimaforholda. Effektivitet og sikkerheit vert påverka av nedbør, vind og temperaturtilhøve. Klimaforskinga konkluderer med ei temperaturauke på mellom 1,5 og 6 grader i løpet av dette hundreåret. Klimaendringane vil få betydeleg innverknad på sikkerheit og framkome på transportsystema, om me ikkje er godt nok førebudde. Regjeringa styrkar difor arbeidet med å tilpasse Noreg til klimaendringane. Innan mitt ansvarsområde vil klimaendringane særleg påverke veg- og jernbaneinfrastrukturen. For at transportsystema i framtida skal fungere slik dei gjer i dag vil det vere naudsynt med store reinvesteringar og vedlikehaldstiltak. Ein rapport utarbeida av transportetatane syner òg at vedlikehaldsetterslepet som har bygd seg opp forsterkar verknadene av auka nedbør og flaum.

For å møte klimaendingane vil det i framtida bli behov for å auke midlane til både vedlikehald og investeringar. Rassikring vil måtte prioriterast endå høgare. Nokre vil innvende at det er få som blir drepne av ras i løpet av eit år. Til det vil eg svare at den belastinga det er å stadig skulle vere redd for eit ras som kan kome, den går det ikkje an å setje nokon prislapp på. I tillegg påfører stengde vegar og jernbane næringsliv og samfunn store kostnader. Etter den mange rasa på Vestlandet hausten 2005 sende eg brev til SVV og JBV og bad om at dei gjorde ei vurdering av korleis me kan gjere transportårene meir robuste i høve klimaendringane. Kva må gjerast for å sikre eksisterande infrastruktur? Kva må endrast ved nybygg? Dette var ein del av bakgrunnen for det fireårige etatsprosjektet ”Klima og transport”.

Rassikring
Rassikring vil vere eit viktig satsingsområde for regjeringa i åra framover – i Sogn og Fjordane som i andre rasutsette fylke. Sidan me no er her i Sogn og Fjordane er eg glad for å kunne seie at me i fjor kunne opne to nye og trygge vegstrekningar i fylket, rv 55 Stedjeberget og rv 617 Gotteberget – Kapellneset. Fatlaberget på rv 55, høgt trafikkert og sterkt utsett for nedfall av stein, var eit av dei første prosjekta eg greip fatt i etter regjeringsskiftet. Eg veit eg har mange med meg i utolmodig venting på å få avløyst denne strekninga når tunnelen opnar seinare i år.

I 2008 vil me elles vidareføre eller starte arbeida på ytterligare fire rasutsette strekningar, rv 5 Kjøsnesfjorden, rv 53 Naustbukttunnelen og rv 55 Gullringen. Særleg er eg glad for at sikringa av den rasutsette strekninga på rv 5 langs Kjøsnesfjorden har starta opp.


Nasjonal transportplan 2010-2019
Kva gjer me elles frå sentralt hald? I desember skal vi leggje fram Nasjonal Transportplan 2010-2019, den første nasjonale transportplanen regjeringa har hatt ansvaret for. Den blir ein slags eksamen for oss. Utan at eg skal føregripe kva som vil kome i den endelege planen, kan eg nok seie at det vil vere aktuelt å auke innsatsen på vedlikehald. Klima og klimaendringar vil få brei omtale. Her vil det òg gå fram korleis Samferdselsdepartementet vil tilpasse seg og prioritere tiltak i framtida. Ein ting som er heilt sikkert, er at satsinga på rassikring må aukast i høve til planframlegget frå transportetatane, som vart lagt fram i januar.

Interdepartemental gruppe og skredetat
For å bidra til å styrke Noregs tilpassingsevne, er det etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe leia av Miljøverndepartementet. Gruppa har eit 5-årsperspektiv og vil ha som hovudoppgåve å sjå på korleis Noreg kan tilpasse seg klimaendringane.

Me meiner dessutan det er behov for meir heilskapleg bistand til skredførebygging frå statleg hald. Regjeringa har difor føreslått at statlege forvaltningsoppgåver innan skredførebygging med verknad frå første januar 2009 skal takast hand om av Norges vassdrags- og energidirektorat. NVE skal hjelpe kommunane med kompetanse og ressursar innan førebygging av skred. Direktoratet vil kunne yte bistand innan kartlegging, overvaking og varsling, arealplanlegging, sikring, og i samband med beredskapssituasjonar.

Forsking og kompetanseutvikling
Dette er altså problemstillingar regjeringa tek på alvor. Kva tenkjer me så i høve til det som er temaet her i dag, nemleg kompetanseutvikling på området? Vår tilpassing til klimaendringane må vere tilpassa norsk samfunn og natur. Slik kunnskap kan ikkje hentast frå utlandet. Me bur i eit vêrhardt land, og hentar store deler av rikdomen vår frå naturressursar som olje, fisk og skog. Dette er sektorar som vil bli sterkt påverka av klimaendringar. Forskingsbasert kunnskap er heilt naudsynt for å bu oss på dette. Noreg har fleire særs gode og internasjonalt anerkjende klimaforskarar, og har ein viktig rolle å spele i forsking på området. Samferdselsdepartementet støttar til dømes, gjennom Forskingsrådet, prosjektet ”Geohazards and the transport sector and climate change 07-09”.

I tillegg til nasjonale problem er eg oppteken av at klimaendringane trass alt vil få størst negative konsekvensar for fattige land. Rike land som Noreg må bidra både i og utanfor Noreg.

Me treng best mogleg kunnskap på området. Innan min sektor er det både innan Jernbaneverket, Statens Vegvesen, Avinor etc. behov for spisskompetanse på klimatilpassing generelt og på geofare spesielt. Slik er det også innan andre sektorar. Det er difor særs viktig at det blir satsa på kompetanseutvikling på området. Kort sagt: me treng flinke folk for å møte dei utfordringane som ligg framom oss. Eg er særs glad for denne konferansen som set søkelys på dette viktige emnet. Diverre får eg ikkje med meg så mykje av programmet som eg skulle ynskje meg, eg har lagt opp til ein svært så innhaldsrik dagsturné i Sogn og Fjordane i dag, men eg vil følgje godt med på dette arbeidet i tida framover.

Takk for meg og lukke til med konferansen!