Historisk arkiv

Opprydding i Oppdølsstranda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tidens Krav, 21. november 2008

Debattinnlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om rassikring og opprydding i Oppdølsstranda, publisert i Tidens Krav, 21. november 2008.

Eg er oppteken av at folk skal kunne kjenne seg trygge på norske vegar, og har satsa tungt på rassikring i årets budsjett. I august opplevde me at uhellet var ute på Oppdølstranda på riksveg 70 i Sunndal. To bilar vart trefte av steinmassar, og ein person sendt til sjukehus.

Raset i august skapar sjølvsagt frykt og uro blant folk. Eg har difor no sett av 15 millionar kroner på budsjettet for 2008 til opprydding og utbetringar. I tillegg kjem ein million kroner på statsbudsjettet for 2009 til planlegging av vegbygging og -utbetring på den rasutsette strekninga på Oppdølstranda. Dette vil me også kome attende til i Nasjonal transportplan 2010-2019.

Rassikring er ei oppgåve denne regjeringa prioriterer høgt. I budsjettet for 2009 har me difor føreslått 25 prosent meir til rassikring enn i fjor. For at folk skal kome seg fram og tilbake frå jobb, skule og fritidsaktivitetar - og kunne halde fram med å bu der dei aller helst vil bu, må rassikring prioriterast endå høgare enn tidlegare.