Historisk arkiv

Reiselivet – ein nøkkel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Nordlys, 7. oktober 2008

Debattinnlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om reiselivsnæringa i Nord-Noreg, publisert i Nordlys, 7. oktober 2008.

Det er mogleg å skape tusenvis av nye arbeidsplassar innan reiselivsnæringa i Nord-Noreg. Næringsaktørane, lokale og sentrale myndigheiter må gjere ein jobb slik at dette potensialet faktisk vert omsett til verdiskaping og framgang for landsdelen. 
 
Å gjere dette er ikkje berre viktig av omsyn til dei arbeidsplassane reiselivsnæringa direkte vil skape. I ein landsdel der avstandane er store og folk bur så spreidd, er det ei utfordring å tilby eit godt transporttilbod. Flyselskapa vegrar seg for å etablere nye ruter og Hurtigruta slit med for lågt belegg utanom høgsesongen. Lukkast vi med å bringe vesentleg fleire turistar inn til landsdelen, vil dette òg vere svært gunstig for anna næringsliv og folk flest. Det gjev grunnlag for fleire flyruter, høgare frekvens og lågare prisar. Og i høve til Hurtigrutas framtid er det inga tvil om at ei vellukka turistsatsing frå ein samla landsdel vil bety mykje for selskapets innteningsevne.

Som samferdselsminister er eg oppteken av å bidra til dette arbeidet mellom anna gjennom å gje Avinor AS, som er ansvarleg for flyplassane, utvida moglegheit til å støtte etablering av direkteruter frå utlandet. Den nye direkteruta frå London til Tromsø løftar tusenvis av turistar inn til landsdelen. Og ikkje minst – turistane flyr inn heile året. Vi må arbeide for å etablere fleire slike direkterutar. Eg er overtydd om at det er mogleg om vi får til ei satsing på brei front.

Vi må gjere meir for å auke kompetansen, vi må styrkje marknadsføringa av reiselivet og det må gjerast meir for å utvikle sterke destinasjonar. Erfaringane frå etableringa av London-ruta til Norwegian syner korleis samarbeid mellom fleire aktørar kan vere avgjerande for å utløyse potensialet som finnest.

Under valkampopninga til Senterpartiet hausten 2007 tok dåverande partileiar Åslaug Haga til orde for etablering av eit felles reiselivsselskap for Nord-Noreg. Sentrale aktørar i reiselivsnæringa har både før og etter Haga tatt til orde for det same. Landsdelsutvalet har gripe fatt i det og etablert eit eige reiselivsutval. Forslaget frå utvalet er støtta av eit samla Landsdelsutval. No blir det viktig at fylkestinga bidreg til å få framdrift i arbeidet med å få til ei sterkare samordna satsing på reiselivet i Nord-Noreg i tida framover.