Historisk arkiv

Samferdselsløft i aust, vest, nord og sør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisa Nordland, 30.09.08

Innlegg om satsing på samferdsel over heile landet av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert i mellom anna Avisa Nordland, 30. september 2008

Regjeringa har satsa tungt på samferdsel, og kan dokumentere at vi har gjort meir på området enn dei før oss. Samstundes set vi oss heile tida nye, djerve mål. Vi skal vedlikehalde betre, rassikre meir og ruste opp vegar og jernbane.

Som første regjering i historia innfrir vi dei økonomiske rammene for veg og jernbane i inneverande transportplan. Regjeringa har sikra alle delar av landet meir samferdselspengar enn Høgre, KrF og Venstre la opp til då dei sat i regjering. Sidan 2005 har vi løfta nivået på veg og bane med 2,5 milliardar kroner årleg. Blant anna har jernbaneløyvingane auka med over 50 prosent. Ein stor del av jernbanesatsinga har gått til Intercity-triangelet i det sentrale Austlandsområdet. Satsinga på jernbane rundt byane skal styrkjast med nye milliardar også dei neste åra.

Vi meiner eit ytterlegare løft både til veg og jernbane er naudsynt, ikkje minst fordi samferdsel – særleg vedlikehald – har blitt neglisjert av ulike regjeringar gjennom fleire tiår. Dei auka jernbaneinvesteringane vil naturleg nok først og fremst kome i det sentrale Austlandsområdet. Dei områda som får den største veksten i jernbanemidlar kan ikkje samstundes få størst vekst i vegmidlane. Difor vil meir av veksten i statlege vegpengar kome andre stader i landet. Bondevik II-regjeringa la fram ein transportplan i 2004 som innebar at ein større del av vegbygginga har skjedd i Austlandsområdet dei siste åra, medan prosjekt i resten av landet har blitt sett på vent. Vegprosjekt som til dømes E6 i Østfold og E18 har vore viktige å få på plass, men no er tida inne for  å få på plass vegprosjekt i andre delar av landet.

Transportplanen Bondevik II-regjeringa la fram la opp til kraftig auke i aktiviteten i Austlandsområdet dei første fire åra av transportplanen. Men også Høgre, Venstre og KrF meinte at det var naudsynt å vri innsatsen også mot andre område dei siste seks åra av planperioden – som vi no snart går inn i. Utspela frå Høgre den siste tida kan tyde på at partiet no går bort frå dette og vil ha ei ytterlegare sentralisering av vegmidlane – på toppen av det vi allereie har sett. Det er ei feil prioritering. Dei delane av landet som ikkje har jernbane, må òg få ta del i ein meir moderne infrastruktur. Det er naudsynt å gjere eit løft for vegane òg i dei delane av landet der det vareeksporterande næringslivet vårt ligg og der turistane skal fram. Heile landet skal byggjast. Eg ser fram til tidenes satsing på samferdsel – både i aust og vest, nord og sør.