Historisk arkiv

Kronikk i avisa Knutepunkt

Sjøtransporten – ein viktig medspelar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsministerens kronikk i avisa Knutepunkt, mai 2008.

Gode transportvilkår for næringslivet er eg særs oppteken av. Pålitelege og sikre transportløysingar er heilt avgjerande for at næringslivet skal vere konkurransedyktig og verdiskapande. Dette er igjen naudsynt for å sikre arbeidsplassar og dermed næringsliv og busetnad i heile landet. 

Fleire ulike drivkrefter, ikkje minst globaliseringa, fører til vekst i transportbehovet. Dette fører igjen til auka krav til transporteffektivitet og –kvalitet. Aktørar innan næringslivet har gitt meg signal om nokre sentrale utviklingstrekk på dette feltet: Mellom anna vil veksten i import av forbruksvarer setje store krav til distribusjonsapparatet, og auka grad av foredling vil styrkje krava til rask og påliteleg levering. Når større delar av olje- og gassnæringa flyttar nordover kan me få lengre forsyningsliner og større behov for sjøverts transport. Vidare vekst i reiselivsnæringa vil stille særlege krav til infrastrukturen i distrikta. Alt dette er utfordringar me må ta på alvor.

For å møte desse utfordringane, i tillegg til å sikre ein miljøvenleg transportpolitikk, ønskjer regjeringa i sitt forslag til Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP) mellom anna å leggje betre til rette for at jernbanen og sjøvegen i større grad tar over dei lengste transportane. For jernbanen har me kome eit langt stykke på veg, medan sjøtransporten har eit potensial for vekst. Samstundes må vegtransporten fungere maksimalt for å kunne ivareta sine mange og viktige oppgåver i store og små lokalsamfunn. Vidare er vegtransporten eit viktig ledd i kvar ende av transportkjeda, der sjøvegen eller jernbanen står for hovudetappen.

Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet tar som kjent hand om styresmaktene sine verkemiddel når det gjeld sjøtransporten. I Samferdselsdepartementet har me eit godt samarbeid med desse departementa for å utvikle eit transportsystem der alle transportformer fungerer godt saman. Eit viktig element her er hamnepolitikken og gode vegtilknytingar til trafikkhamnene.

Sjøtransporten er viktig for verdiskapinga i landet, og hovuddelen av både import og eksport går sjøvegen. For ytterlegare å styrkje transporttilbodet for næringslivet, ønskjer regjeringa å leggje betre til rette for denne type transport. Det er mellom anna viktig å styrkje effektiviteten i hamnene og terminalleddet. Brukarane er viktige medspelarar i dette arbeidet. I arbeidet med revisjonen av havne- og farvannsloven har fiskeriministeren lagt vekt på effektivisering av hamneverksemda.
Når det gjeld terminalleddet har Jernbaneverket opna ein ny godsterminal på Ganddal utanfor Stavanger. Vidare skal Alnabru jernbaneterminal i Oslo – som saman med Sydhavna i hovudstaden utgjer dei viktigaste godstransportknutepunkta i Noreg -  rustast opp. Eg har notert meg forslaget frå dei statlege transportetatane om stamvegstilknyting til dei viktigaste hamnene for å styrke sjøtransporten. Dette vil me vurdere i det vidare arbeidet med ny Nasjonal transportplan. Det er til dømes i nasjonal interesse å leggje godt til rette for effektiv tilgang til Sydhavna og samband med Alnabru. 

Det er på lange avstandar sjøtransporten har sin styrke. Med auka handel over lengre avstandar vil det vere behov for å styrkje sjøtransporten. Når det gjeld utslepp av klimagassar er sjøtransporten miljøvenleg sett i forhold til utført trafikkarbeid, målt i tonnkilometer. Samstundes er sjøtryggingstiltak og oljevernberedskap særs viktig for å unngå uhell langs kysten.

For å medverke til å overføre transport frå veg til sjø er Noreg med i EUs såkalla Marco Polo- program. Dette er eit økonomisk handslag til bedrifter som ønskjer å leggje om sine internasjonale transportar i ein meir berekraftig retning, og regjeringa skyt inn nærare 90 millionar kroner fram til 2013. Eg håpar norske verksemder i aukande grad vil søkje om støtte frå dette programmet.

Debatten om like rammevilkår mellom trafikkslaga er av stor betyding. I Soria Moria-erklæringa går det fram at regjeringa vil gjere ei samla vurdering av alle gebyr og avgifter knytte til sjøtransporten, mellom anna Kystverkets gebyr. I gjeldande NTP blei det starta ein diskusjon om rammevilkår som vil halde fram i den nye NTP (2010 – 2019) som regjeringa legg fram i desember. Denne diskusjonen er krevjande og inneheld både avgifter, brukarbetaling, skattepolitikk og subsidiar. Det er viktig å ha ei brei tilnærming til debatten, fordi alle transportgreiner kjem både godt og dårleg ut på enkeltelement. Regjeringa er særs oppteken av å utforme ein politikk som varetek transportmidla sine ulike oppgåver i transportmarknaden på ein berekraftig måte.