Historisk arkiv

Tale på minnemarkering i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Bergen, 28. februar 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale på minnemarkering i Bergen 28. februar 2008.

Kjære etterlatne og pårørande!

Kjære dykk som sjølv har blitt råka av trafikkulukker!

Kjære alle dykk som har møtt fram her på Torgallmenningen i dag for å vise omsorg og medkjensle!

Trafikkulukker er eit alvorleg samfunnsproblem som rammar uventa, hardt og ofte vilkårleg. For dei fleste verkar det likevel som noko fjernt og uverkeleg å verte utsett for ei alvorleg trafikkulukke. Det er gjerne fyrst når me sjølve eller nokon som står oss nær vert råka at me skjønar at dette er noko som kan ramme oss alle – og kor brått og brutalt det skjer.

Ei minnestund som denne kan vere med på å gjere ulukkestala til noko meir enn sløvande statistikk og små notisar i avisa. Det gjer sterkt inntrykk å sjå alle faklane som er tent her på Torgalmenningen i kveld. Håpet må vere at dette kan gjere oss som trafikantar meir medvitne slik at me alle kan ferdast tryggare i trafikken.

Ulukkesutviklinga i Hordaland har heldigvis gått i rett retning på 2000-talet. På 1990-talet hadde Hordaland over 25 omkomne kvart år. Det verste året var 1998 med 31 omkomne i trafikken. Sjølv om tala har blitt betre sidan den gong, omkom 17 menneske i trafikken i fjor, og 1231 vart lett eller hardt skadd. Det er altfor mange.

Trafikkulukker rammar ikkje berre dei som er direkte innblanda. Dei pårørande vert også utsette for mykje liding, sorg og sakn. Å brått og brutalt miste eit familiemedlem eller ein kjær ven –  eller å oppleve at nokon som står oss nær vert alvorleg skadd –  er noko av det tyngste og vanskelegaste me kan oppleve i livet. Ofte vil det kjennast som om det ikkje berre er ein vegg som har falle ut, men alle veggane.

Me som politikarar, og særleg eg som samferdselsminister, har eit særskilt ansvar for å betre trafikktryggleiken. Trafikktryggleik har førsteprioritet i regjeringas transportpolitikk, og nullvisjonen – som seier at me ikkje skal ha ulukker med drepne eller livsvarig skadde i trafikken – er styrande for alt arbeid på transportområdet. Saman med politiet arbeider vegstyresmaktene kontinuerleg med målretta tiltak. I 2005 starta Statens vegvesen opp eit arbeid med å analysere alle dødsulukkene i trafikken. Gjennom dette arbeidet får me lærdom som gjer at me kan forhindre nye ulukker. Ulukkespunkt blir utbetra og informasjonsarbeidet kan gjerast enda meir målretta. Dette er ei fattig trøyst for dei som allereie har mist nokon av sine kjære, men kunnskapen om kvifor og korleis ulukker skjer, gjer at det vonleg kan tennast færre faklar på desse markeringane rundt om i Noreg i framtida. Ein ting kan eg love dykk, og det er at trafikktryggleiksinnsatsen held fram med stor styrke. 

Diverre ser me at mange ulukker skuldast brot på trafikkreglane. Tidlegare i dag har det vore eit stor trafikksikkerheitsarrangement her på Torgallmenningen, blant anna har brannvesenet hatt to ulukkesdemonstrasjonar. Ei rekkje andre organisasjonar og verksemder har også vore tilstades og presentert sine tiltak. Informasjon og opplæring som dette har eg stor tru på. Trafikkreglane er der for å skape ei trygg og sikker trafikkavvikling - nettopp for at alle skal kome trygt fram. Hald fartsgrensa, bruk bilbelte, refleks og anna sikringsutstyr og køyr ikkje med rusmiddel innabords.

Trass i den omfattande innsatsen, skjer det diverre altfor mange trafikkulukker.

Ser vi på utviklinga dei siste fem åra, peikar pilen likevel i rett retning. I 2007 mista 12 færre menneske livet på norske vegar enn året før.  Eg trur at ved å halde eit framleis sterkt og vedvarande fokus på trafikktryggleik, vil vi kunne halde dødstala nede. Mi von, og leiestjerne, er at færre skal oppleve å miste nokon av sin kjære i vegtrafikken. Ei markering som denne her på Torgalmenningen i dag utgjer eit viktig bidrag ved å setje eit tydeleg fokus på omfanget av ulukkene og at dette er noko som kan ramme alle og einkvar.

Til slutt vil eg få uttrykkje den djupaste respekt for dei som miste livet på norske vegar og mi største medkjensle for dei skadde, etterlatne og pårørande. Takk for meg!