Historisk arkiv

Tale ved 1. mai-feiringa i Oslo Arbeiderparti

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved 1. mai-feiringa i Oslo Arbeiderparti.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Tale ved 1. mai-feiringa i Oslo Arbeiderparti

Godtfolk!

Hjarteleg til lukke med dagen og tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag - ei ære eg set stor pris på.

Eg er stolt over å vere del av eit raud-grønt lag som viser evne og vilje til å styre mot andre mål enn den høgredominerte regjeringa vi avløyste. I staden for ei skattelettepolitikk for auka privat konsum, har me prioritert å bygge velferd frå botn ved å styrkje kommuneøkonomien - det gjev rom for fleire barnehageplassar og fleire varme hender i omsorgssektoren. Med regjeringsskiftet blei det òg eit taktskifte i samferdslepolitikken. Me brukar om lag 2,5 milliardar meir kvart einaste år på samferdsle no – det er viktig for miljø, framkome og langsiktig verdiskaping og næringsutvikling.

Solidaritet i praksis – lovendring ved anbodsutsetjing
De har heilt sikkert høyrt andre i dag snakke om redusert arbeidsløyse, auke i arbeidsløysetrygda og den auka innsatsen for å få sosialklientar tilbake i arbeid. Men og på mitt område har eg vore oppteken av styrkje solidariteten med dei som er i ein utsett posisjon. Medan min forgjengar bestilte utgreiingar som utelukkande fokuserte på me kunne spare ved å bruke anbod i busstrafikken, har eg vore opptatt av å få fram dei totale kostnadene. Ein vinst er ikkje ein vinst dersom den fører til at ein trufast arbeidstakar blir pressa ut av arbeidslivet. Difor skal me no sende på høyring ei lovendring som skal gje tilsette same rettar ved anbodsutsetjing som ved verksemdsoverdraging. Me har òg arbeidd aktivt ovanfor EU for at ikkje slik lovendring skal blokkerast der. Dette handlar om solidaritet i praksis.

Matvareknappheita
”Felles klode – felles ansvar” er hovudparolen til årets 1. mai. Før eg skal snakke om samferdsel, vil eg seie litt om ei av dei store utfordringane den globale familien no står ovanfor –   knappheita på mat.

Mange menneske rundt om i verda blir råka av svolt fordi matvareprisane har stige. Prisane har vorte opp mot 85 % høgare – og det er særleg dei fattige i byane som vert råka. Den maten dei måtte ha tilgang til, har dei ikkje råd til å kjøpe, og dei har heller ikkje jord dei kan dyrke til eige forbruk.

Årsakene til dei høge prisane er mange. Ei utfordring er at det  vert stadig fleire av oss og at velstandsauke i land som Kina og India fører til at fleire går frå ris til kjøtt på menyen. Det fører òg til høgare matvareforbruk.

Ei anna årsak er endringar i klima. Me opplever meir ekstremt vær - fleire stormar, fleire flaumar, meir tørke, noko som har gjeve stort manko på korn og kjøt.

Ei tredje årsak er ynsket me den rike del av verda har om å  vere meir miljøvenlege. Blant anna blir 0,7 % av den jorda det går an å dyrke mat på i verda brukt til produksjon av biodrivstoff. Eg meiner likevel at arbeidet med biodrivstoff må halde fram. Me må kome oss frå det fossile energisamfunnet til det fornybare energisamfunnet. Eg tykkjer òg det er eit tankekors at me i debatten om arealbruken ikkje snakkar det arealet som går til tobakksdyrking eller bomull, eller den kraftige veksten i forbruket av kjøtt. Når meir enn halvparten av jordbruksareala som var i bruk for nokre tiår sidan ikkje vert dyrka lenger, blir det drygt å gjere biodrivstoff – som altså berre blir dyrka på 0.7 % av arealet - til den store syndebukken. Det viktige er kva råvarer me produserer biodrivstoff av. Minst mogleg bør kome frå dyrka mark. Me må få fart på utviklinga av 2.generasjonsbiodrivstoff og internasjonal sertifisering av biodrivstoffet.

Samanhengane er komplekse, men ei hovudårsakane til problema ligg, slik eg ser det, i dei rike landa sin landbrukspolitikk. Enkelte store land, som USA, har gjeve tilskot til å eksportere varane sine til andre land, der dei har blitt ”dumpa” til låg pris og har utkonkurrert den lokale produksjonen av mat. Maten har blitt billig, men dei lokale bøndene har ikkje tent pengar, og vald å leggje jorda brakk og flytte til byen i håp om arbeid. I ei globalisert verd må me arbeide for at alle land skal ha moglegheit til ein basisproduksjon av det me treng aller mest, nemleg mat. Det må bli slutt på at rike land undergrev moglegheitene til inntekt og matproduksjon i fattige land. Eg er glad for at regjeringa gjennom forhandlingane i WTO arbeider hardt for å fjerne desse øydeleggande eksportsubsidiane.

Samstundes meiner eg at vi i Noreg vere flinkare til å kjøpe maten me importerer frå dei minst utvikla landa og ikkje, som i dag, nesten utelukkande frå vestlege land. Me må gjere noko med dei strukturelle forholda som kan bidra til å auke matvareproduksjonen og inntektsnivået i utviklingslanda. Me må sjølvsagt òg gje hjelp som kan bøte på den krisa som auka matvareprisar skapar i u-landa.

Samferdsle
Leiaren dykkar, Jan Bøhler, har bede meg å snakke litt spesielt om samferdsel. Her har Oslo heilt spesielle utfordringar.

Sidan den industrielle revolusjonen har fossile brenselvorte viktigare og viktigare. Transportsektoren står for ein større og større del. Men på dette feltet, som i industrien, i kommunal sektor og heimane våre, er det mogleg å styra mot ei framtid der me gjer oss mindre avhengige av fossile brensel. Og det er mogleg å gjere dette utan at velferda vert truga. Men det krev politisk vilje.

Transportsektoren står for i underkant av 30 % av dei nasjonale klimagassutsleppa. I Oslo står vegtrafikken for om lag halvparten av klimagassutsleppa innanfor bygrensa.

Eg meiner den kursomlegginga som Oslo Ap har tatt til orde for i sitt klimaprogram er heilt riktig og heilt på linje med det regjeringa og eg arbeidar for.

Me må få ein sterkare samordna planlegging av areal og transport i Osloområdet slik at veksten i transporten blir redusert, og folk i større grad kan gå, sykle eller reise kollektivt.

Kollektivtransporten må styrkast monaleg.

Men me må og vere villige til å ta i bruk meir effektive restriktive tiltak for å avgrense biltrafikken. Eg er glad for å sjå at Oslo Ap no tek prinsipielt til orde for trengselsskatt eller køprising som eg kallar det, sjølv om ein stå bak det breie forliket i Oslopakke 3.

Denne typen restriktive tiltak har ikkje som mål å gjere kvardagen vanskelegare for folk, men å skape ei betre samfunnsutvikling, gjere denne byen til endå betre by med reinare luft for ungane våre og dei som har helseplagar (det er fleire som døyr av dårleg luft enn av ulukker i trafikken i Oslo). Me må òg unngå vekst i dei endelause bilkøane som ikkje berre er eigna til å gjere oss sprø, men òg er eit trugsmål mot klima. 
 
Jernbane
Med regjeringsskiftet fekk me eit taktskifte i samferdslepolitikken. Me har auka løyvingane til veg og bane monaleg. Ikkje minst Osloregionen nyt godt av at regjeringa har auka jernbaneinvesteringane med 50 prosent. Då me tok over i 2005 stod utbygginga av nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika i fare for å stoppe heilt opp. Hadde det ikkje kome eit regjeringsskifte og ei klar prioritering av samferdsle framfor skattelette, hadde fleire år med utsetjing og endå høgare totale byggjekostnader ville vore resultatet.

Ei oppgåve eg gav Jernbaneverket tidleg i min periode som statsråd var å sjå på kor mykje som kunne vore spart dersom heile dobbeltsporprosjektet hadde vorte planlagt og gjennomførd med optimal framdrift. Nokon av dykk såg kan hende omtalen av dette i Aftenposten sist måndag. Eg har med interesse merka meg signala frå mellom andre LO-leiaren om at det bør vurderast andre finansieringsformer for å sikre ei større og meir samanhengande utbygging av infrastrukturen.

Den såkalla vestkorridoren er den største flaskehalsen i heile det nasjonale jernbanenettet. Når den no vert utvida og utbetra, vil det gje auka kapasitet, auka regularitet og moglegheiter for eit nytt og utvida togtilbod i heile Osloregionen, også til Holmlia. Det me sår i dag vil innbyggarane i regionen kunne hauste resultata av for fullt frå 2012.

Oslopakke 3
Lokale styresmakter har blitt samde om å vidareføre og auke trafikantbetalinga i Oslo og Akershus. Dei har utforma forslaget til Oslopakke 3, ei pakke samferdselstiltak i Oslo og Akershus fram til 2027. Eg har vore og er særs oppteken av å ha ei tett dialog med lokale styresmakter og å legge tilhøva til rette for at behandlinga av Oslopakke 3 kan gjennomførast raskast mogleg. Dette gjer eg fordi Oslopakke 3 er stor og viktig for den vidare utviklinga av denne byen.

Eg er samd med Stortingsfleirtalet i at klimaeffekten for Oslopakke 3 må vurderast i det vidare arbeidet. Me må sjå om det er behov for justeringar for å betre klimaeffekten av pakka ytterlegare. Å ta klimaendringane på alvor handlar òg om solidaritet. Eg vil ha ein nær dialog med lokale styresmakter også om dette.

Førebygging
Noko som uroar meg: Medan me brukar stadig større ressursar på trygder og avanserte helsetenester og ligg heilt i verdstoppen med pengar til skulen, gjer me lite for å hindre at folk fell utanfor og får problem. Eg meiner me må bli langt flinkare til å sette inn aktive tiltak for å få alle med. Det handlar om behov for betre kosthald og meir fysisk aktivitet. Det handlar om at me må følgje tettare opp dei som er i ferd med å droppe ut av skulen og det handlar om å bli flinkare til å integrere og utnytte ressursane kvar enkelt av oss har. Det er ei skummel samanheng her: Dei som får helseproblem fell lettare gjennom på skulen – eller dei klarar ikkje stå i arbeid. Og motsett: dei som droppar ut av skulen, får oftare helseplagar.

Eg skal nemne et døme frå mitt område. I dag er om lag 4 av 10 reiser med på mindre enn tre kilometer. Det er ein avstand litt lengre enn herifrå til Aker brygge. På mange av disse reisene kunne ein med fordel ha gått eller sykla. Då må me politikarar verte flinkare å legge til rette for at folk skal kunne gå og sykle. Men det handlar òg om at me som foreldre ikkje bør gjere borna våre den bjørnetenesta det er køyre ungane til og frå skulen og alle aktivitetar. Det er ein vond sirkel her: medan foreldre køyrer ungane til skulen fordi skulevegen er farleg vert skulevegen enno farlegare fordi foreldre køyrer borna til skulen!  Kan hende kan me som foreldre la det gå på omgang å fylgja ungane? Og kanskje kan me sjølve ta betre vare på helsa vår ved for eksempel å sykla til jobben?

Mange menneske i vårt moderne og globale samfunn er gode og mette, men samstundes trøytte i hovudet og litt tomme i sjela.  Noko manglar i alt forbruk, all fridom og all travelheit. Eg er overtydd om at me treng ein høgare himmel over våre liv enn rein materialisme.  Me treng ikkje berre noko å leve av, men noko å leve for.  Livet er ikkje eit individuelt prosjekt der me lever åleine og  døyr åleine.  Me treng å stå i ein samanheng.  Me treng både fortida og framtida.  Me treng rammer og faste haldepunkt i våre liv. Me treng alle å verte sett og verdsett. Me treng noko som bind oss saman; noko som er større enn oss sjølve.

Som samferdselsminister får eg arbeide med eit felt som betyr mykje i alle nordmenn sin kvardag. Samferdsle er eit viktig velferdsgode, og grunnlag for at det meste elles i samfunnet skal fungere. Samferdsle er også svært konkret, ein ny jernbane- eller vegstrekning – dei bind folk saman og gjer kvardagen lettare for folk.  Å gjere samferdsletilbodet tilgjengeleg for alle er ei solidarisk handling som gir alle mobilitet og moglegheit til å delta i fellesskapet.

Den raud-grøne regjeringa gjennomfører kvar dag vedtak som er viktige for folk.  Dei tre partia har ulik bakgrunn og ulike program, men har klart å bygge bruer mellom partia slik at me saman kan levere politikk som gjer Noreg til eit betre land å bu i for alle. Solidaritet mellom landsdelane og forståing for kvarandre sine utfordringar er viktig. De som bur i Oslo må forstå kvifor ein på 1. mai stenger E6 inn til Mo i Rana i dag i krav om betre veg. Og dei som krev betre veg i Nordland må forstå Oslo sine rettmessige krav for betre jernbane og kollektiv. Dei må forstå at det er viktig å utvikle samferdsla i dette folketette området slik at byen blir ein god plass å bu både for små og store. Me må bygge forståing, vi må bygge bruer. By og land – hand i hand!

Regjeringa er godt i gang med vårt viktige prosjekt. Det må halde fram. Me har meir å utrette og må bygge vidare på det gode fundamentet me har utvikla i lag. Me som bur i Noreg nett no har på mange vis ”vunne i Lotto” Ikkje minst når me nettopp har høyrt om korleis menneske lever i Sudan der de støttar eit solidaritetsprosjekt i dag. Me må vakte oss for å gjere Noreg til ein Politisk Jammerdal, slik eit visst parti (FrP) har gjort til sitt levebrød. Me har eit fantastisk utgangspunkt, og alle mulegheiter til å bygge velferd og velstand vidare – i heile landet.

Rolf  Jacobsen har skrive mange fine dikt. Som samferdselsminister er eg vorten glad i diktet ”Broenes skjønnhet”, som handlar om å bygge bruer både i direkte og overført tyding. Kanskje er det at eg er her i dag også med på å bygge bru?

Broenes skjønnhet

Stål eller sten. Der står de
Brospennenes strenge buer
Meislet inn i landskaper
Som porter til fred.

Verrazano, Narrow Bridge, Bosporus,
Rheinbrucke, Sotra-,
Og Sortlandsspennene, Golden Gate
Lysende som smykker, blomsterkranser,
Kniplinger kastet gjennom luften:
Min hånd i din. Kom over og se.

Regnbuen sier: Se på meg. Jeg er en bro.
Jeg er et tegn på himmelen. Bygg broer.
Bøy dere. Løft armene til en bue.
Bind sammen. Bryt lenker. Bygg.

Se stålsøyler og tårn mot skyene: En bro.
Hør vindfløyten mellom wirene: En bro.
To mennesker møtes. Ansiktene blusser: En bro.
Ord som blir sagt. Hengivelse, fred: En bru.

Lat oss bygge bruer i solidaritet – både nasjonalt og internasjonalt!
Til lukke med dagen – takk for meg.