Historisk arkiv

Tale ved 17.mai-feiringa i London

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved 17.mai-feiringa i London.

Kjære alle saman!

Hjarteleg til lukke med dagen! Det er ei stor ære og glede for meg å få feire 17. mai saman med dykk her i dag. Vanlegvis feirar eg i Lærdal, ein stad som i utgangspunktet vel ikkje har stort meir til felles med London enn at begge namna byrjar på L og begge inneheld seks bokstavar. Samstundes er me nordmenn som kjem saman og feirar, med dei same kjenslene og den same historikken i botnen, anten me feirar i London eller i Lærdal, og det er vel litt av kjernen i denne dagen.

I dag feirar me landet vårt og grunnlova vår, men me feirar òg fred og fridom. Det er ein dag som gir rom for ettertanke, for å sjå bakover i tida, men òg å løfte blikket og bruke historia til å sjå framover. Dagen gir rom for både ”fornuft og følelser”. Eg tykkjer det er noko av det som er med på å gjere 17. mai til ein viktig og god dag. Me må gjere som nasjonalskald Wergeland sa det:

Du i dit Hjerte
før i din Pande
finde det Sande.

Særleg stas for meg i dag er det at familien min har blitt med over, og at me får oppleve denne vakre og fantastiske byen saman. Eg er mor til to jenter, og mormor til ein liten gut – og det er stas for meg at han er her i dag, 17. mai er jo barnas dag, og då er det fint for meg som mormor å få oppleve den saman med favorittguten min – attpåtil i ein by som er stor og spennande, mest for han, men òg for meg. Eg har vore i London før, men eg føler absolutt ikkje at eg kjenner byen godt nok, og tykkjer det er fint å få nokre dagar til å bli kjend med denne verdsmetropolen.

Krigen
Når nokon seier orda 17. mai i London, er det uråd for meg å ikkje tenkje på Nygaardsvold-regjeringa som 7. juni 1940 måtte dra til London -  og ikkje kom attende til landet før nesten to månader etter frigjeringa. Dette har fått ein ”ny dimensjon” ved seg etter at eg sjølv vart statsråd. Eg er takksam for at innsatsen den gongen gjorde at eg i dag kan vere statsråd i eit fritt og fredeleg land.

Å prøve å tenkje seg kva regjeringa skulle gjort utan at London stod klar til å ta i mot, er veldig vanskeleg. Krigen gjorde noko med samhaldet mellom Oslo og London, mellom Storbritannia og Noreg. Samstundes har mykje skjedd dei siste seksti åra. På Snith Square finst ei kyrkje som vart lagt i ruinar under krigen. No er den kyrkja reist på nytt, og for nokre år sidan heldt eit tysk kammerorkester konsert der, sponsa av Lufthansa. Sett litt på spissen: det var dei som bygde Lufthansa som bomba kyrkja – no sponsa dei ein fredeleg konsert. Tidene har endra seg, og takk og lov for det.

Klimaendringar
Med åra har den fysiske avstanden mellom landa våre blitt mindre og mindre. I dag kan ein fly nesten gratis på helgetur til London, og ein er framme på under halvannan time. Det er fint og flott. Samstundes må me nok innstille oss på at me kanskje er første og siste generasjon som kan gjere nett det. Klimaendringane gjer seg gjeldande både i Lærdal og i London, og alle andre stader for den saks skuld. Dei må me ta på alvor.

Eg vil ikkje at folk heime i Noreg skal slutte å kome på helgetur til slekt og vener i London. Eg vil ikkje at de nordmenn som bur her ikkje skal kunne dra heim att akkurat når de måtte ønskje det. Eg vil at Noreg skal ha eit aktivt og eksportretta næringsliv med mykje og hyppig kontakt med utlandet. Samstundes må me alle ta innover oss at klimaendringane krev endra åtferd av kvar enkelt av oss. Det kan ikkje vere slik at auka velstand stadig fører til meir og meir forbruk. Kanskje treng me berre fly over dammen fire gonger i året – ikkje seks? Kanskje kan nokon av møta gjerast ved hjelp av telefonmøte eller videomøte? Avstanden skal vere kort og kontakten tett, samstundes som omsynet til ei berekraftig utvikling må gjennomsyre alt me gjer.

Naboskap
Attende til forholdet mellom Noreg og Storbritannia. Det er eit sterkt og godt naboskap. Likevel er det ikkje så mykje fokus på naboskapet kring Nordsjøen i vår tid. Historisk sett er det jo båten som har bunde menneska saman. Det har vore mykje roing på kryss og tvers i Nordsjøen. No i dag står kanskje sjøvegen mindre sentralt som transportform enn den gjorde i gamle dagar, men eg tykkjer det er viktig at me pleier den nære og tradisjonsrike venskapen med Storbritannia og London.

I samband med dette besøket har eg lagt inn møte med samferdslekollegaer her i London. På nokre område er Noreg langt framme, på andre område kan me ha noko å lære av innovative naboar. Målet må vere gjensidig glede og nytte av kvarandre.

Solidaritet
I dag feirar me Noreg, og me er ”veldig norske”. Eg trur denne dagen er nesten vel så viktig for dei av dykk som er nordmenn i såkalla ”utlendigheit”, som for dei som går heime i Noreg til dagleg. Eg trur det går an å vere norsk, veldig norsk –  som dei fleste av oss kjenner oss, kanskje litt særleg i dag – og samstundes ha omtanke for det veldig store fleirtalet på jorda som ikkje er det. Dette er ein dag då me dyrkar det som er vårt eige, dyrkar særpreget vårt. Det er det denne dagen er til for.

Samstundes må me ikkje gløyme at det er ei verd utanfor. Å feire syttande mai her innlemmar syttande mai i verda og verda i syttande mai. Lat gjerne tankane vandre endå litt lenger enn den nordlege halvkula, til dømes til Burma, eller til dei mange som svelt på grunn av høge matvareprisar. Me kan verne og feire det nasjonale utan å gløyme det internasjonale, og utan å bli sjølvgode. Solidaritet er viktig. 

Ein høgare himmel
Mange menneske i vårt moderne og globale samfunn er gode og mette, men samstundes trøytte i hovudet og litt tomme i sjela. Noko manglar i alt forbruk, all fridom og all travelheit. Eg er overtydd om at me treng ein høgare himmel over våre liv enn rein materialisme.  Me treng ikkje berre noko å leve av, men noko å leve for.  Livet er ikkje eit individuelt prosjekt der me lever åleine og døyr åleine. Me treng å stå i ein samanheng.  Me treng både fortida og framtida – me treng å tenkje attende til krigens dagar, og me treng å tenkje framover. Me treng rammer og faste haldepunkt i våre liv. Me treng alle å verte sett og verdsett. Me treng noko som bind oss saman; noko som er større enn oss sjølve. 17. mai gir oss nettopp det.

Eg vil avrunde med å takke for at eg får feire dagen saman med dykk og ønskje dykk ein riktig gode 17. mai vidare! Gratulerer med dagen, alle saman – og takk for meg.