Historisk arkiv

Tale ved middagen i samband med opninga av Eiksundsambandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ulsteinvik, 23. februar 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved middagen i samband med opninga av Eiksundsambandet, Ulsteinvik, 23. februar 2008.

Eg trur eg gjer det enkelt – og seier: kjære alle saman! Hjarteleg til lukke!

Dette er ein stor dag for Sunnmøre, Nord-Vestlandet, og heile Noreg – og det er svært hyggeleg for meg som samferdsleminister å vere her i dag. Fastlandssambandet Eiksund er eit stort og viktig prosjekt, eg høyrde nokon kalla det ein liten samferdslerevolusjon, og det kan ein gjerne seie.

Samferdsle skal binde landet vårt saman og gje grunnlag for busetnad, ressursutnytting og næringsutvikling. Som eg var inne på under opninga i stad; det gjer Eiksundsambandet i rikt monn!

I diktet ”Strid for fred” skriv Arne Garborg:

Ja lat oss stride,
og lat oss tru
og byggje med tankar
ei bivre-bru
til den heilage, høge framtid

Eg tykkjer dette rommar mykje av det Eiksund representerer. Det er mange menn og kvinner som har – om ikkje stridt, så i alle fall arbeida hardt –  for Eiksund gjennom mange år, i det store spennet frå dei som starta opp selskapet Eiksundsambandet for tretti år sidan – her er Knut Nerø eit sentralt namn – til dei som det siste året har jobba seint og tidleg i kulde og blåst for å få sambandet ferdig.

Eg kjenner meg trygg på at det er ei svært god løysing me ser
her i dag, ei løysing regionen vil ha glede av i mange år framover. Tru skriv Garborg. Nettopp tru er heilt naudsynt for å få til noko eit prosjekt som dette. Og tru har det vore mengder av. All ære til dykk for at de har behalde trua, også når det har butta og ting har teke tid. 

Å byggje med tankar, seier Garborg. Og Eiksund har også blitt bygd med edel tankekraft. Det har vore mange år med planlegging og prosjektering på høgt nivå, men no er sambandet eit utstillingsvindauge for det flottaste vi har av ingeniørkunst. Særleg imponerande er det når ein tenkjer på at mykje av arbeidet er gjort i vanskeleg tilgjengeleg terreng og under alle slags naturtilhøve - snø, storm, blåst, det kan vere vêrhardt her vest!

Eiksund bind folk saman. Køyretida blir kortare og ein blir mindre vêravhengig. Innbyggjarane og næringslivet i Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda – og ikkje å gløymte dei fire innbyggjarane på øya Eika – har i årevis venta på at dette prosjektet skulle verte ein realitet.

No er dagen her. No kan folk frå øyane køyre bil 287 meter under havflata og kome til større regionar utan å måtte bruke ferje. Eiksundsambandet vil påverke livet og kvardagen i alle desse kommunane. Kommunikasjonstilbodet blir sterkt forbetra, og meir enn 40.000 personar og eit stort tal bedrifter av både lokal og internasjonal karakter får ein ny kvardag. Fastlandssambandet vil det lettare for sunnmøringar å dra til og frå arbeid og fritid, lege, sjukehus, skule og andre velferdstilbod.

Ei bivre-bru, slik Garborg talar om, er ikkje korkje bruene eller resten av sambandet her. Men at sambandet skal vere med på å føre oss over til den heilage, høge framtid, det kjenner eg meg heilt viss på.

Igjen: Gratulerer så mykje med dagen, og til lukke med Eiksundsambandet!